Fiskeri er ein viktig næringsveg, og ofte blir driven jordbruk og fiske i kombinasjon. Viktigaste fiskeslag er makrell og sild. Industrien er i stor grad basert på fiskeri (fisketilverking, produksjon av mellom anna olje og fôrmjøl). I kommunen finst òg fleire store fiskeeksportørar, som Domstein ASA og Coast Seafood.
Også verkstadsindustrien er i stor grad knytt til sjø og fiskeri. Skipsbygging (Aker Solutions ASA), fiskeindustri Skaarfish, Cermaq ASA og Domstein-gruppa og oljerelatert industri knytt til oljebasen Fjord Base på Flora. Kværner Florø byggjer spesialskip i samarbeid med Førde, fiskeindustrien eksporterer laks, sild og makrell og dessutan produserer fiskefôr og vidareforedlar laks. Det er noko maskinindustri i Eikefjord.
I dei seinare åra er det etablert fleire teknologibedrifter, spesielt i Måløy, på Raudeberg og i Deknepollen. Næringsmiddel- og verkstadsindustrien utgjer ein stor del av sysselsetjinga i industrien.
Sidan 1990 har jordbruksdrifta gått kraftig tilbake i Kinn kommune. Det er stort sett på Flora det i dag er jordbruk, der det er mest husdyrbruk (storfe og sau). Dei aller fleste bruka i kommunen kombinerer det med fiskeri, verkstadsindustri, bygningsarbeid og transport.
Guleslettene vindpark ligg ti kilometer nord for Florø med 47 turbinar, ein total kapasitet på inntil 197,4 megawatt og ein årleg produksjon som svarer til forbruket til meir enn 40 000 einebustader. Vindparken stod ferdig i 2021.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.