Førde (tettsted)

Førde sentrum.

Mellom to kjøpesentre i Førde sentrum går Skywalk, en gangbro som fungerer som landemerke og byport i tettstedet.
Skywalk
Av .
Motbakkeløpet Bystien Førde Opp med Førde sentrum i bakgrunnen
På sørsiden av elva Jølstra, tvers overfor Førde sentrum, ligger Førde rådhus, som stod ferdig i 2013.
Nordplan AS.

Artikkelstart

Førde er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 5,6 km², og har 10 400 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
10 400 (SSB, 2020)
Landareal
5,6 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5651 Førde

Førde sentrum ligg ved utløpet av elva Jølstra der ho renn ut i Førdefjorden.

Førde var fram til 2020 administrasjonssenter i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Byen Førde er eit viktig handels- og administrasjonssenter i regionen. Her er vidaregåande skular, folkehøgskule og jordbruksskule. Vidare finst Høgskulen på Vestlandet med avdeling for ingeniør- og helsefag, fylkesbibliotek og sjukehus.

Sentrumsbusetnaden ligg på båe sider av Jølstra og er knytte saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. I sentrum ligg Førde kyrkje og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Næringsliv

Offentleg og privat tenesteyting utgjør størstedelen av dei sysselsette i tettstaden. Største arbeidsplass er Førde sentralsjukehus. Ein del industri, administrasjon og servicenæring. Førde har stor turisttrafikk.

I Førde kjem dagsavisa Firda ut, og NRK Vestland har eigen redaksjon i byen. NRK Nynorsk mediesenter vart etablert i Førde i 2004.

Lotteri- og stiftelsestilsynet held til i Førde. I 2018 vart hovudkontoret til Fredskorpset flytta frå Oslo til Førde. Fredskorpset bytte samtidig namn til Norec, Norsk senter for utvekslingssamarbeid.

Samferdsle

Førde er eit viktig trafikknutepunkt. Riksveg 5 går LærdalFlorø. E39 blir kalla ytre stamveg på Vestlandet. På sørsida av Førdefjorden går riksveg 609 til Askvoll. Førde har òg hovudstasjon for Firda billag, som var det største rutebilselskapet i Sogn og Fjordane. I Førde er elles hamn og kortbaneflyplass på Bringeland sør for tettstaden.

Kultur

På Bruland like aust for kommunesenteret er ein freda bygning, Futegarden. I Førde tettstad ligg Fylkesgalleriet med eldre og nyare norsk biletkunst og kunsthandverk. Sunnfjord museum, mellom Moskog og Bruland, er eit distriktsmuseum med mellom anna gårdstun og husmannsplass.

Førde kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart bygd i 1885 og ombygd i 1947. Kyrkja har altertavle og preikestol frå 1600-talet.

I 1988, 1997, 2008 og 2017 vart Landsskyttarstemnet halde i Førde.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er Skandinavias største årlege festival for akustisk tradisjons- og verdsmusikk. Festivalen er arrangert årleg i juli sidan 1990.

Kart

Førde
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg