Strengleikar

Frå byrjinga av songen om Bisclaret i DG 4–7, s. 44b

Artikkelstart

Strengleikar er ei norrøn omsetjing frå fransk av 21 songar eller laisepiske dikt med romantisk innhald. På norrønt er songane omsette til prosa, og den norrøne omsetjinga er slik ei samling av små riddarsoger.

Faktaboks

Etymologi

norrønt 'dikt til musikk med strengeinstrument'

Også kjent som
norrønt Ljóðabók 'song- eller diktbok'

Innhald

Marie de France i eit fransk handskrift frå kring 1300

Av /Bibliothèque nationale de France.

Verket byrjar med omsetjarens prolog, men fortset så med ein prolog av Marie de France. Omlag halvparten av forteljingane er omsette etter Lais av Marie de France, og dei andre er anonyme. Nokre av dei finst berre overlevert i norrøn omsetjing.

1. Gujamarsongen

Gujamarsongen av Marie de France handlar om Gujamar, som blir riddar. På jakt skyt han ein kvit hjort. Han blir sjølv såra og blir utsett for trolldom frå hjorten, slik at såret ikkje blir lækt anna enn av ei kvinne som må tòle pine, fortviling og harme på grunn av kjærleik til Gujamar. Gjennom mange prøvingar finn han henne og blir lækt. Denne songen finst overlevert på fransk.

2. Eskjasongen

Eskjasongen av Marie de France handlar om ei jente, ei av to tvillingar, som blir forlaten, lagt under eit tre «i Guds varetekt». Ho blir funnen og oppfostra, og til slutt blir ho ei rik og gjæv adelsfrue. Denne songen er også overlevert på fransk.

3. Songen om Ekvitan

Songen om Ekvitan av Marie de France handlar om kona til ein rådsmann, ei kvinne som er så fager at «ingen munk i heile riket levde så reint at han ikkje vendte heile sin hug til henne». Landsstyraren forelskar seg i henne, og ho er utru mot ektemannen sin, rådsmannen. Dei blir avslørte av rådsmannen og blir kokt levande. Songen er også overlevert på fransk.

4. Bisclaretsongen

Bisclaretsongen av Marie de France er forteljinga om varulven Bisclaret. Kona hans gjer det slik at han ikkje får skapt seg om til menneske att, og så lovar ho seg bort til ein riddar. Lenge etterpå fer kongen på jakt, og Bisclaret finn han og gjev seg med han heim til slottet, der han blir svært avhalden. Han er støtt med kongen, og ein dag får han sjå den utru kona. Han spring på henne og riv av henne kleda. (I den franske versjonen bit han av henne nasen.) Kongen får sanninga ut av kona, og Bisclaret blir til menneske att. Kona blir driven bort frå landet. (I ein note til slutt seier den norrøne omsetjaren at han også har sett ein mektig bonde som vart til ulv.) Songen er også overlevert på fransk.

5. Laustiksongen

Laustiksongen av Marie de France er ei forteljing om ei frue som støtt sit i vindauget om nettene for å sjå og tale med han som ho er forelska i. Medan ho sit der, høyrer ho ein nattergal, og ho seier til ektemannen sin at det er på grunn av nattergalen at ho så ofte går bort til vindauget om nettene. Ektemannen ser seg lei på dette og drep nattergalen. Frua blir svært lei seg. Ho steller fint med liket av nattergalen og sender han til han som ho er forelska i. Denne lagar eit skrin av gull og edelsteinar og legg nattergalen oppi. Songen er også overlevert på fransk.

6. Songen om Ønskesonen

Songen om Ønskesonen er ei kort forteljing som handlar om kjærleiken mellom den skotske riddaren Desire og ei hulder. Dei får ein son og ei dotter, og til slutt giftar dei seg. Songen er også overlevert på fransk.

7. Songen om Tidorel

Songen om Tidorel handlar om ein vette, ein svært vakker tusseriddar som lever i djupet av ein sjø. Han møter dronninga av Bretland og får ei dotter og sonen Tidorel med henne. Då Tidorel seinare får vite kven som er faren, rir han bort til sjøen, kastar seg uti og kjem aldri attende. Slutten manglar i den norrøne omsetjinga, men teksten er også overlevert på fransk.

8. Usælesongen

«Usælesongen» (Lai du Chaitivel) av Marie de France manglar vi byrjinga på i den norrøne omsetjinga, men han er overlevert på fransk. Denne songen handlar om fire riddarar som alle er forelska i ei fager frue. Ho greier ikkje velje mellom dei og gjer kur til dei alle. Tre av riddarane døyr, medan den fjerde overlever. Frua sørgjer så sterkt over dei tre at ho ikkje kan elske den fjerde.

9. Dounsongen

Dounsongen handlar om Doun, ein bretonsk riddar som vinn dronninga av England ved å ri frå Southampton til Edinburgh på éin dag. Riddaren fer tilbake til Bretagne, og dronninga føder sonen deira. Sonen blir sendt til den franske kongen og blir ein namngjeten riddar. I ei turnering i Bretagne møtest Doun og sonen, men dei veit ikkje at dei er far og son. Sonen sårar Doun, og Doun får vite kven han er. Dei fer tilbake til England saman. Songen finst også overlevert på fransk.

10. Songen om dei to elskande

Songen om dei to elskande av Marie de France er ein song om ein konge som elskar dotter si så mykje at han ikkje vil gifte henne bort. Den som vil ha ho, må bere henne opp på eit fjell utan å stanse på vegen. Ein ung mann vil vinne henne, men døyr av utmatting på veg opp fjellet. Kongsdottera døyr av sorg attmed han. Songen er også overlevert på fransk.

11. Songen om Gurun

Songen om Gurun handlar om Gurun, ein bretonsk kongsson som besøkjer morbror sin, kongen av Skottland. Gurun forelskar seg i systerdotter åt dronninga. Ein harpespelar og ein dverg hjelper dei saman. Songen er ikkje overlevert på fransk og finst såleis berre i norrøn omsetjing.

12. Songen om Milun

Songen om Milun av Marie de France handlar om kjærleiken mellom ei dotter av ein lendmann, og Milun, ein walisisk mann. Dei får eit barn saman. Barnet blir sendt til syster hennar i Normandie, og Milun dreg ut for å vinne seg ry som riddar. I mellomtida blir lendmannsdottera gift med ein annan mann. Milun kjem heim, og han og lendmannsdottera sender brev til kvarandre ved hjelp av ei brevsvane dei neste tjue åra. Sonen veks opp og blir ein berømt riddar. Milun treffer han att i Bretagne. Saman fer dei til England. Ektemannen til lendmannsdottera døyr, og no gifter Milun seg med henne. Songen er overlevert på fransk.

13. Geitarlauv

Geitarlauv – Chievrefoil – av Marie de France er namnet på ein song som handlar om den velkjente Tristram, som elskar dronninga. Kongen er vreid på Tristram og driv han bort frå landet. Tristram og dronninga møtest i løynd, og til slutt tilgjev kongen Tristram. Songen er også overlevert på fransk.

14. Strandsongen

Strandsongen er eigentleg ikkje ei forteljing, men handlar om korleis ein song vart til: Vilhjalm Bastard legg under seg England og slår så ned eit opprør i Normandie. I Frankrike sender han bod til «den raude frua» og ber henne om å lage ein song til han til minne om stundene då han sat ved stranda i Barfleur og venta på seglingsvind. Strandsongen blir laga og framført for kongen, som likar han svært godt. Stykket er berre overlevert på norrønt.

15. Leikarsongen

Leikarsongen er overlevert på fransk, men den norrøne omsetjinga kjenner vi berre byrjinga på, for eit blad er skore vekk i handskriftet nett her. Det er truleg gjort medvite, for songen er ei slags hylling av fitta. Det var truleg i grøvste laget for den som skar ut bladet. Leikari er eit ord som kan bety gjøglar, og tittelen tyder truleg 'skjemtesong'.

16. Songen om Janval

Songen om Janval (Lai de Lanval) av Marie de France kjenner vi ikkje byrjinga på i den norrøne omsetjinga på grunn av bladet som var skore ut av handskriftet for å fjerne den førre songen, men den franske teksten er bevart. Janval er ein av kong Arthurs riddarar, og songen fortel om kjærleiken mellom han og ei hulder. Dronninga legg sin elsk på Janval, men Janval vil ikkje ha ho. Ho blir sint og skuldar han for å vere meir interessert i unge gutar. Janval krenkjer henne tilbake med å seie at den fattigaste tenestekvinna til kjærasten hans er fagrare enn dronninga. Dronninga klagar til kongen og seier at Janval har lagt elsk til henne, og kongen blir fælt sint. Janval blir stilt for retten, men før han får domen, kjem kjærasten hans ridande og fortel sanninga. Janval blir frikjent, og han og huldra rir saman til Avalon.

17. Jonetsongen

Jonetsongen av Marie de France handlar om ei ung kvinne som blir halden fanga i eit tårn av den gamle ektemannen sin. Ein gåsehauk flyg inn i tårnet til kvinna og forvandlar seg til ein riddar. Dei blir kjærastar, og riddaren kjem ofte dit i haukeham. Forholdet deira blir oppdaga, og kongen set piggar av jarn føre vindauget i tårnet. Riddaren blir såra og flyg bort. Kvinna følgjer blodsporet til ei stor og fager borg og finn riddaren der. Han er døyande, men gjev henne ein gullring; så lenge ho har den, vil den gamle kongen gløyme det som har hendt. Han gjev henne også eit sverd som ho skal gje til sonen deira. Ho føder sonen og gjev han sverdet, og med sverdet syner han at han verkeleg er son av riddaren i haukeham. Han arvar far sin, høgg hovudet av den gamle kongen og tek kongedømet sjølv. Songen er også bevart på fransk og heiter der Yonec.

18. Songen om Naboreis

Songen om Naboreis er den kortaste forteljinga i Strengleikar. Kong Naboreis har ei kone som likar å stase seg opp. Naboreis likar ikkje dette og klagar til slektningane hennar. Kona svarar at det ikkje er anna råd enn at kongen må la skjegg og bartar vekse og sidan klippa dei av, som hemn frå ein svartsjuk mann. Dette ler alle av. Det er ikkje godt å vite kva som er så morosamt med dette; her må ordspel eller skikkar som vi ikkje kjenner i dag ligge til grunn, slik at vi ikkje forstår poenget i forteljinga. Songen er også bevart på fransk.

19. Rikar den gamle

Rikar den gamle er ein song som ikkje er bevart på fransk og som berre finst i norrøn omsetjing. Slutten på forteljinga manglar i handskriftet. Den bevarte delen av songen handlar om ei kongsdotter som legg elsk til ein riddar. Kongen likar det ikkje og set vaktar ved loftet hennar. Men kongsdottera får vaktane til å sove ved å spele på harpe. Ho går ut for å møte riddaren. Då ho kjem att, varslar ho kongen om at vaktane har somna. Så manglar resten av forteljinga i handskriftet.

20. Den andre songen om dei to elskande

Den andre songen om dei to elskande er også berre overlevert på norrønt, og teksten i handskriftet er så vanskeleg å tyde at det ikkje er lett å få samanheng i forteljinga. Handlinga går ut på at sonen av keisaren i Roma og dotter til hertugen av Piacenza elskar kvarandre. Dei stikk av, og det blir byrjinga på ein krig som fører til at keisaren legg Piacenza i ruinar. Kjærasteparet held til ei hule ved byen. I eit forferdeleg uvêr snør dei inne, og når dei blir funne att, ligg dei og held rundt kvarandre. Dei døyr av utmatting.

21. Soga om Grelent

Soga om Grelent (Lai de Graelent) er den siste strengleiken. Den fortel om riddaren Grelent. Dronninga legg elsk til han, men han vil ikkje svike kongen. Grelent møter i staden ei vakker hulder, og dei blir kjærastar. Dronninga blir arg på han og eggjar kongen til uvilje mot Grelent. Grelent blir stilt for retten, men før dom blir felt, kjem huldra ridande, og Grelent blir frifunnen. Handlinga i soga er nokså lik Songen om Janval. Teksten finst også bevart på fransk.

Omsetjaren

Prologen i verket fortel at Strengleikar vart omsett etter kong Håkon Håkonssons ønske.

Det står ikkje noko om kven som har omsett Strengleikar, men ei undersøking av ordforråd og stil har avdekt at ei stor gruppe av omsetjingar frå fransk, kan skrive seg frå den same omsetjaren. Dette gjeld blant anna Strengleikar, Soga om Tristram og Isond og Soga om Elis og Rosamunda. I prologen til Soga om Tristram og Isond får vi vite at omsetjaren heiter broder Robert, og i prologen til Soga om Elis og Rosamunda heiter han abbed Robert. Vi veit ikkje kven denne Robert er, men han kan også vere omsetjaren av Strengleikar, og den gamalfranske forma på namnet hans (til skilnad frå den norrøne forma Hróðbjartr) kan tyde på at han har hatt tospråkleg bakgrunn på eitt eller anna viset.

Overlevering

Pergamentblad av Strengleikar, brukt til fôr i bispehuve i Skálholt på Island

Strengleikar er bevart i eit norsk handskrift frå andre halvdelen av 1200-talet. Handskriftet inneheld blant anna også Soga om Elis og Rosamunda. Det er ein del av De la Gardies handskriftsamling i Uppsala og har arkivsignaturen DG 4–7.

Fragmenter av fire blad av Strengleikar er bevart i AM 666 b 4to. Dei vart funne i Skálholt på Island i 1703, der dei hadde blitt brukt som fôr i ein mitra. Fragmentene er frå kring 1270.

Utgåver og omsetjingar

Den norrøne teksten av Strengleikar vart utgjeven av Rudolf Keyser og Carl Richard Unger i 1850, og seinare ved Robert Cook og Mattias Tveitane i 1979. Ei utgåve med normalisert, nyislandsk ortografi vart utgjeven av Aðalheiður Guðmundsdóttir i 2006. Ingvil Brügger Budal presenterte ei synoptisk utgåve med norrøn og gamalfransk tekst i doktoravhandlinga si frå Universitetet i Bergen i 2009.

Strengleikar er omsett til nynorsk ved Henrik Rytter (revidert utgåve ved Kjell Venås, 1962).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

Kommentarer (1)

skrev Reidar Astås

Oppslaget burde inneholde en referanse til Ingvil Brügger Budal: Strengleikar og Lais, ph.d.-avhandling ved Universitetet i Bergen 2009.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg