Kjell Venås

Faktaboks

Kjell Venås
Født
30. november 1927, Hemsedal
Død
7. mars 2018
Kjell Venås
Av /Novus forlag.
Kjell Venås
Av /Noregs Mållag.

Artikkelstart

Kjell Venås var ein norsk språkforskar, truleg den mest produktive i sin generasjon. Dei faglege interessene hans femnde vidt, og han skreiv i mange sjangrar, frå grundige språkvitskaplege avhandlingar, via bøker, artiklar og bokmeldingar til populærvitskap og målpolitiske innlegg i blad og aviser. Og han skreiv godt. Målmann var han all sin dag og ein viktig støttespelar og talsmann for målrørsla.

Vegen hans til akademia var av det meir tungvinte slaget som mange bondestudentar måtte følgje, via lærarprøva, i Venås' tilfelle ved Volda offentlege lærarskule 1954, så arbeid på Sogndal gymnas og realskole og examen artium som privatist ved Voss landsgymnas i 1956, og først etter det universitetsutdanning ved Universitetet i Oslo med hovudfag i 1960 i det som framleis kunne heite morsmål med gammalnorsk. Han blei dr.philos. i 1967, også ved Universitetet i Oslo, der han hadde resten av arbeidslivet sitt. I 1971 blei han tilsett i det professoratet som Marius Hægstad, Sigurd Kolsrud og Olav T. Beito hadde hatt før han, og som blei oppretta av Stortinget i 1899. Han sat i professoratet til og med 1997.

Vitskaplege arbeid

Den vitskapelege produksjonen til Venås er imponerande og tel over 400 arbeid, publiserte mellom 1954 og 2013. Dette er fyrst og fremst grammatiske arbeid, bøker og artiklar om nynorsk og norske dialektar, språkhistorie, namnegransking, sosiolingvistikk og språksosiologi, attåt ei rekkje biografiar om forgrunnsfigurar i målrørsla og norsk språkvitskap.

Doktoravhandlinga Sterke verb i norske målføre (1967) og «oppfølgjaren» Linne verb i norske målføre (1974), begge med undertittelen Morfologiske studiar, gjer grundig greie for bøyinga av høvesvis sterke og svake verb i dei norske dialektane. Grunnlaget ligg i det omfattande materialet som er samla inn til Norsk Målførearkiv og Norsk Ordbok. Dette er uunnverlege referanseverk for alle som arbeider med norsk verbalmorfologi.

Avhandlinga Adjektivsuffikset germansk -ga- i norrønt. Med eit tillegg om utviklinga i nyare mål (1971) har eit meir historisk siktemål, der Venås undersøker adjektivanorrønt -igr og -ugr, deira morfologi og semantikk og språkhistoriske opphav. Av andre arbeid om nynorsk og norske dialektar kan nemnast ein nynorsk grammatikk (Norsk grammatikk. Nynorsk, 1990) og ein større monografi om Venås’ eigen dialekt, Hallingmålet (1977), som også vender seg til eit større publikum.

Sosiolingvistikk

Venås følgde alltid nøye med på det som rørte seg på forskingsfronten, og viste ei formidabel evne til nyorientering. Det er såleis karakteristisk at da språksosiologien eller sosiolingvistikken engasjerte yngre forskarar i Noreg fra 1970-åra av, var det Venås som skreiv den første innføringsboka i denne disiplinen, Mål og miljø. Innføring i språksosiologi eller sosiolingvistikk (1982, 3. utg. 1991). I boka gir Venås eit breitt oversyn over feltet slik det hadde vakse fram i USA og fleire vesteuropeiske land, og han trekker inn tilsvarande problemfelt frå vårt eige land, som forholdet mellom bokmål og nynorsk og det spesielle norske forholdet mellom standardspråk og dialektar.

Namnegransking og språkhistoriske kjelder

Også innanfor namnegranskinga har Venås markert seg, med to band i serien Norske innsjønamn, som Gustav Indrebø i si tid grunnla. Venås har her skrive om innsjønamna i fylka Hedmark (1987) og Telemark (2002). Også Den fyrste morgonblånen (1990) må nemnast, ei språkhistorisk kjeldesamling av tekstar på norsk frå dansketida, som også har kulturhistorisk interesse.

Biografiar

Etter kvart skreiv Venås også mange biografiar om føregangsmenn i målrørsla og norsk språkforsking. Dei to første var bøkene om norskfilologane Gustav Indrebø og Marius Hægstad, For Noreg og Ivar Aasen. Gustav Indrebø i arbeid og strid (1984) og I Aasens fotefar. Marius Hægstad (1992). Så følgde ein breitt anlagt biografi om Ivar Aasen i Aasen-året, Då tida var fullkomen. Ivar Aasen (1996), på nærare 700 sider. I tillegg til å vere ein biografi om Ivar Aasen representerer boka grundig fag- og lærdomshistorisk kunnskap om siste halvdelen av 1800-talet.

I 2005 kom ein biografi om landsmålsprofessoren Sigurd Kolsrud og i 2009 om ordboksmannen Hans Ross. Venås har òg skrive ein lengre artikkel om Olav T. Beito. Han har med dette skrive biografiar om alle sine forgjengarar i det såkalla «landsmålsprofessoratet» som blei grunnlagt av Stortinget ved utnemninga av Marius Hægstad i 1899.

Artiklar og formidling

I tillegg til store monografiar har Venås skrive ei rekkje artiklar i antologiar og tidsskrift, og også i aviser. Det meste av det han skreiv, var vitskapleg i streng forstand, men han formulerte seg på ein lesarvennleg måte som gjorde at mykje av det strengt vitskaplege også er tilgjengeleg for eit generelt språkinteressert publikum. Han skreiv også populærvitskapleg, helst om norske språkforhold, særleg nynorsk, og om norske dialektar.

Språkpolitikaren Venås

Venås var medlem av Norsk språkråd i åra 1980–2000 og var leiar av nynorskseksjonen i fagnemnda 1980–1996. Her var Venås talsmann for ei stabil norm i nynorsk, samtidig som han såg at det frå tid til anna kan vere behov for å endre norma. Mellom anna var han leiar av eit utval i Norsk språkråd som vurderte ordtilfanget i nynorsk, der han argumenterte for ei viss liberalisering av den tradisjonelle nynorske purismen. Jarle Bondevik siterer i NBL Venås på at det er frigjerande «å vekse inn i eit skriftmål som ber med seg ein rikdom av kulturoppleving, målkunnskap og stilkjensle frå mange som har skrive nynorsk før oss». Venås har også markert seg gjennom bruk av nynorsk normaltalemål.

Venås var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo frå 1974 og av Kungliga Gustav Adolfs Akademien i Uppsala frå 1988. I 1993 fekk han Fridtjof Nansens belønning for framifrå forsking, og han har mottatt fleire prisar for nynorsk målbruk. I 1997 fekk han formidlingsprisen ved Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Tove Bull, Ernst Håkon Jahr og Geirr Wiggen (red.): Mål og medvit. Heidersskrift til Kjell Venås på 60-årsdagen 30. november 1987, Oslo 1987.
  • Andreas Bjørkum, Botolv Helleland, Eric Papazian og Lars S. Vikør (red.): Kjell Venås: Målvitskap og målrøkt. Festskrift på 70-årsdagen 30. november 1997. Oslo 1997.
  • Ernst Håkon Jahr: Minnetale over Kjell Venås i Det Norske Videnskaps-Akademi, I Årbok 2018 for Det Norske Videnskaps-Akademi, s. 100-117.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg