Fitte er eit vulgært ord for kjønnsopninga hos kvinner og enkelte hodyr. Ordet er også brukt som skjellsord, særleg om kvinner, og er oppfatta som svært nedsetjande.

Faktaboks

Etymologi
kanskje samanheng med fit ‘våt grasmark’ og feit, og med norrønt fita ‘feitt, feit væske’.

I nokre dialektar, særleg nordnorsk, er «fitte» brukt som forsterkande adjektiv i uttrykk som «fette bra».

Opphav og tidleg bruk

Det er lagt fram fleire forslag om opphavet til ordet. Ut over fit 'våt grasmark' kan ordet ha samanheng med norrønt fúð 'fu', nedertysk vot (jamfør hundsvott) eller tilsvarande ord i svensk og dansk (til dømes gamaldansk fette).

I norsk folkemål er «fitte» dokumentert frå ein rettsprotokoll i 1720, der ein Erik Sparrisås i Froland er skulda for å ha sagtt til Gyri Oland: «Hvad vilt du hid at giøre, kandst du ike gange heim ath, og Rygte, og skrabe Kyhra fitta, din Skotte Sæk.» («Kva har du her å gjere? Kan du ikkje gå heim og røkte og skrape kufitta, din skotsekk!»)

«Fitte» er også dokumentert i nedteikningar av folkeeventyr på 1800-talet og i W.F.K. Christies «Norsk Dialect-Lexicon» frå byrjinga av 1800-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Fitte» i grunnlagsmaterialet til Norsk Ordbok.
  • Asbjørnsen, P.Chr. m.fl. 1977: Erotiske folkeeventyr. Utval og innleiing Oddbjørg Høgset. Universitetsforlaget.
  • Christie, W.F.K.: Norsk Dialect-Lexicon og nokre folkeminne og brev. Utg. Gustav Indrebø. Bergens Museums Årbok, 1937.
  • Fjeld, Ruth Vatvedt 2018: Norsk banneordbok. Humanist forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg