Faktaboks

Sigbjørn Bernhoft Osa
Fødd
3. mai 1910, Ulvik, Vestland
Død
2. februar 1990, Voss, Vestland
Verke
Hardingfelespiller og fiolinist
Familie

Foreldre: Maler og felespiller Lars Andersson Osa (1860–1958) og barnebokforfatter Augusta Sophie Hermine Bernhoft (1865–1929).

Gift 1) 1937 med Kersti Alice Grambo (1917–), datter av landhandler Martin Olaf Person Grambo (f. 1870) og Marte Andreasdatter Imerslund (f. 1878), ekteskapet oppløst; 2) 1950 med sykepleier Anne Heggtveit (30.5.1920–).

Sigbjørn Bernhoft Osa

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Sigbjørn Bernhoft Osa
Av /NTB Scanpix ※.
Sigbjørn Bernhoft Osa

Sigbjørn Bernhoft Osa

Av /NTB Scanpix ※.
Sigbjørn Bernhoft Osa, her sammen med kona Anne
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sigbjørn Bernhoft Osa var ein norsk spelemann frå Hardanger. Han spreidde folkemusikk til nye grupper, gjennom karismatisk sceneframferd og iøyrefallande repertoar, gjerne i uvande musikalske samanhengar.

Bakgrunn

Sigbjørn Bernhoft Osa var fødd i Ulvik i Søndre Bergenhus amt (no Vestland) og døydde på Voss i Hordaland. Han var son av Lars Osa og Hermine Bernhoft, og far til Liv Bernhoft Osa. Han lærte å spele hardingfele av faren, som var biletkunstnaren og musikaren, og byrja å ta fiolintimar hos Bjarne Brustad i Oslo i 1926. I tillegg studerte han fiolinspel ved Harmoniens orkesterskole i Bergen i 1929–1930, hos Sigfried Eberhart i Berlin i 1931–1932 og hos Emil Telmányi i København i 1952 og 1973.

Musikkarrieren

Osa heldt debutkonserten sin som fiolinist i Oslo i 1937 og var tilsett i Kringkastingsorkesteret dei første åra etter andre verdskrigen. I 1950-åra byrja Osa å verke som konsertartist nasjonalt og internasjonalt, med hardingfele som hovudinstrument.

Osa har eit legendarisk ettermæle som konsertartist, ikkje berre i kraft av sine musikalske evner, men også som forteljar, kåsør og humorist. Han hadde ei sjeldan evne til å fengje publikum, og spreidde på denne måten ny kunnskap om og interesse for folkemusikk i Noreg. Kjende musikalske milepålar i livet hans er framsyninga «Dans ropte fela», som han turnerte med i USA og Europa (1960–1961), urframføringa av Geirr Tveitts konsert nr. 2 for hardingfele og orkester, «Tri fjordar», (1965, plateinnspeling 1978) og konserten med rockegruppa Saft på Ragnarockfestivalen (1973).

Repertoar og samarbeid

Sentralt i repertoaret til Osa stod slåttestoff frå Voss og Hardanger, til dømes Sjur Helgelands «Budeiene på Vikafjell». Påverknad frå setesdalsspelet kan høyrast i den tydelege, jamne rytmikken hans. Samstundes er bakgrunnen hans frå kunstmusikken tydeleg. Osa framheva melodilinjene i slåttestoffet og heldt seg konsistent til eigenutvikla, klare slåtteformer utan særleg innslag av ornamentikk. Som Gunnar Stubseid har framheva, var han lite interessert i å høyre til bestemte tradisjonslinjer eller å dyrke fram lokale variantar av tradisjonstilfanget. For Osa var folkemusikken først og fremst nasjonal. I 1950-åra tok han også til å byggje om hardingfelene sine slik at spelet fekk svakare understrengsklang, noko som gjorde musikken lettare tilgjengeleg.

I 1934 danna Osa saman med Alfred Maurstad og Eivind Groven Hardingfeletrioen, som hadde ei rekkje framføringar i radio. Ved sida av unisont spel er trioen særleg kjend for å spele arrangert folkemusikk, der Osa og Groven spelte sistnemnde sine nyskrivne understemmer til stoff, som Maurstad framførte på tradisjonelt vis. I perioden 1948–1978 spelte Osa inn om lag 350 slåttar for NRK. I tillegg til klassiske slåttar og eigne komposisjonar spelte han òg ofte runddansmusikk og svenske populærmelodiar, gjerne i trio med Håkon Nilsen på bass og Robert Normanngitar. Eit utval innspelingar kan høyrast på CD-plata Sigbjørn Bernhoft Osa (Buen kulturverkstad 1990).

Anna engasjement og utmerkingar

Han var leiar i Landslaget for spelemenn (1946–1948) og grunnla Ole Bull Akademiet på Voss (1977), der han òg var leiar den første perioden. Han har gitt ut læreboka Hardingfela (1952) og sjølvbiografien Spelemannsliv (1979, fortalt til Jostein Mæland). Osa var statsstipendiat frå 1952. Bernhoft Osa gjorde også eit omfattande innsamlingsarbeid av folketonar og slåttar.

Osa vann A-klassen på Landskappleiken i 1951, og til dei viktigaste utmerkingane hans høyrer Kongens fortenestemedalje i gull (1965), heidersmedlem i Landslaget for spelemenn (1973), Riddar av St. Olavs orden 1. klasse (1973), Spellemannprisen sin heiderspris (1974) og Norsk kulturråds ærespris (1976).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bolstad, Ingjald m.fl., red.: Norske tonar : heidersskrift til Sigbjørn Bernhoft Osa på 75-årsdagen, 1985
  • Mæland, Jostein: Ervesylvet : folkemusikksoga for Vossabygdene, 1991
  • Norsk biografisk leksikon, 2. utgave
  • Stubseid, Gunnar: Sigbjørn Bernhoft Osa : spelemannen, slåttane, sogene, samtida, 2003

Faktaboks

Sigbjørn Bernhoft Osa
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036680001456

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg