Gunnar Stubseid

Faktaboks

Gunnar Stubseid
Født
23. januar 1948
Gunnar Stubseid
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Gunnar Stubseid, fødestad Austad i Setesdal, norsk spelemann, forskar og skribent, utdanna ved lærarhøgskulen i Bergen og mag.art. i etnologi frå Universitetet i Bergen. Stubseid er busett på Heddi i Valle. Han brukar både den moderne hardingfela og gamle 1700-tals modellar. Viktige læremeistrar har vore Dreng Ose, Olav Heggeland, Gunnar Liestøl, Anders K. Rysstad, Ingebjørg Aakre Rysstad og Otto Furholt, alle innafor setesdalstradisjonen.

Stubseid er ein spelemann med ein allsidig karriere: to utgjevingar med gruppa Slinkombas, den fyrste fekk Spellemannprisen i 1979, to plater i samarbeid med svenske Ale Møller, samt andre samarbeidsprosjekt med musikarar som Vidar Lande, Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum, Bjørn Ståbi, Per Gudmundsson, Lena Willemark og Sondre Bratland. Stubseid kom med eiga soloplate - Gorrlaus - i 2008. Han har vore forfattar av fleire bøker, bl.a. ein biografi om Sigbjørn B. Osa. I perioden 1978 til 1988 var har redaktør av Spelemannsbladet. Frå 2003 til 2011 var han rektor ved Ole Bull AkademietVoss, der han bl.a. var med å etablere eit opplæringstilbod i hardingfelemakeri.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg