Knut Buen

Faktaboks

Knut Buen
Født
31. oktober 1948, Kongsberg
Av /flickr.com.
Knut Buen, gjengitt med tillatelse.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Knut Buen er hardingfelespelemannen, rosemålaren og kulturarbeidaren som for mange nordmenn står som symbolet på den norske folkemusikken og tradisjonskunsten. Den frittalande telemarkingen har greidd å gi norsk folkemusikk ein synleg plass i mediebiletet.

Bakgrunn

Knut Buen er fødd i Jondalen i noverande Kongsberg kommune i Buskerud (no Viken), er son av spelemannen Andres Buen og kvedaren Margit Buen og yngre bror av spelemannen Hauk Buen og kvedaren Agnes Buen Garnås. Buen voks opp i Tuddal i Hjartdal kommune. Han tok til å spele fele då han var ni år gamal. Frå hausten 2017 vart han professor II ved Noregs musikkhøgskole.

Kulturarbeidet

Tuddal er base for verksemda til Buen. Her ligg hans eige konsertanlegg, Tuddal Amfi, og galleriet Tonehall. I ei årrekkje har han også drive eit eige formidlingsverksemd gjennom bok- og musikkforlaget Buen Kulturverkstad. Her har han gjeve ut ei rekkje utgivingar av fonogram, bøker, notar og liknande. I 2001 starta han eit nytt plateselskap, Nyrenning.

Buen har for lengst passert eit tresifra tal utgivingar. Mange av dei er baserte på eige innsamlings- og dokumentasjonsarbeid av folkemusikk og folkeminne. Buen er på denne måten sjølv ein sentral vidareførar av den rike forteljetradisjonen i heimfylket. Buen har òg utmerkt seg som ein nyskapar gjennom eigne komposisjonar, noko som mellom anna har nedfelt seg i plateutgivingane På gamle tufter (1985) og Attersyn (1995). Han har òg turnert med Rikskonsertane i Noreg og Sverige, og delteke i festspel i inn- og utland.

Diskografi i utval

  • Slåtter med opus 72 av Edv. Grieg (1978)
  • På gamle tufter (1985)
  • Myllargutens minne (1992)
  • Fykerud'n (1992, saman med Hauk Buen)
  • Bjølleslåtten (1994, saman med Leif Rygg og Kåre Nordstoga)
  • Attersyn (1995)
  • Spelemannsprøva (2001)

Utmerkingar i utval

Buen har fått ei rekkje prisar og utmerkingar: Han har mellom anna gått til topps på Landskappleiken og vunne to Spellemannprisar (1992 og 1994), og i 2017 fekk han tildelt Anders Jahres kulturpris. I 1999 vart han utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden. Han har vore statsstipendiat sidan 1989.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Blikstad, Eivind (red): Mellom hjertets slag og felas drag. Festskrift til Knut Buen, Skien 1998.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg