Ole Bull Akademiet

Artikkelstart

Ole Bull Akademiet er ein utdanningsinstitusjon på Voss som formidlar og gir kunnskap om norsk folkemusikk og folkedans til studentar på høgskule- og universitetsnivå.

Ole Bull Akademiet vart skipa på Voss i 1977. Tankane om eit slikt akademi var gamle, Ole Bull tok alt i 1860-åra til orde for at det skulle skipast eit akademi som bygde på nasjonale element i musikk og dans. Felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa henta fram att desse tankane i 1970-åra. Osa var drivkrafta bak skipinga og var leiar den første tida.

Akademiet har frå 1977 halde vekelange kurs for musikkonservatorium og høgskular frå heile landet. Her får studentane ei innføring i norsk folkemusikk, med lærarar som høyrer med blant dei fremste utøvarane i landet. Frå 1996 har akademiet samarbeidd med Griegakademiet ved Universitetet i Bergen om eit toårig studium i folkemusikk, og frå 2004 vart det råd å ta bachelor. Sidan 2009 har Ole Bull Akademiet og Griegakademiet saman med tre andre utdanningsinstitusjonar tilbydd master i nordisk folkemusikk. Frå 2020 tilbyr også Ole Bull Akademiet master i folkemusikk som del av masterstudiet i utøvande musikk ved Griegakademiet

Ole Bull Akademiet var heilt frå skipinga nært knytt til Kringsjå Pensjonat på Voss. I 1994 kjøpte akademiet Kringsjå, som dei seinare har utvida med mellom anna fleire undervisingsrom og ein konsertsal.

Kurshaldarane ved akademiet har heile tida vore av dei fremste folkemusikarane i landet, mellom anna Agnes Buen Garnås, Hans W. Brimi og Berit Opheim.

Ole Bull Akademiet eig Osafestivalen AS, som blir drifta i samarbeid med lag og organisasjonar på Voss.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jostein Mæland: Ervesylvet. Folkemusikksoga for Vossabygdene. Voss 1991
  • Gunnar Stubseid: Frå spelemannslære til akademi. Bergen 1991

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg