Sun Yat-sen

Sun Yat-sen utvikla og populariserte dei tre folkeprinsippa i tida rundt den kinesiske revolusjonen i 1911 som fjerna keiserstyret i Kina. Han stifta Kuomintang, som vart det statsberande partiet i Republikken Kina og seinare på Taiwan.

Av /KF-arkiv ※.
Kuomintang
Kuomintang-medlem føre mausoleet til Sun Yat-sen i Nanjing i 1928. Kuomintang, som i dag er det eine av to store parti på Taiwan, har framleis dei tre folkeprinsippa som kjerneideologi. Enno i dag må nye partimedlem avleggje ein eid der dei lovar «truskap til dei tre folkeprinsippa».
Av .
Tre folkeprinsipp

Sun Yat-sen lanserte dei tre folkeprinsippa i føreordet til fyrste nummer av Min bao 民報 («Folkeavisa»), trykt i Japan i 1905. Via kinesiske studentar i Japan fann ideane vegen til Kina.

Av /Min Bao.
SanMin Rd
SanMin Road i Taipei, éi av fleire hovudgater på Taiwan kalla opp etter dei tre folkeprinsippa.
SanMin Rd
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

«Dei tre folkeprinsippa», sanmin zhuyi, er namnet på kjernen i det politiske programmet til den kinesiske revolusjonsleiaren Sun Yat-sen (1866–1925) og partiet hans Kuomintang. Dei var viktige for styrtinga av det kinesiske keisarriket i 1911 og utviklinga av den kinesiske republikken.

Faktaboks

Uttale

sæn-min-dsjo-i, IPA: [san.min.tʂu.i]

Etymologi

sān 三, "tre"

mín 民, "folk"

zhǔyì 主义/主義, "doktrine, -isme"

Også kjend som

Pinyin: Sān mín zhǔyì

Forenkla teikn: 三民主义

Tradisjonelle teikn: 三民主義

Bokmål: de tre folkeprinsippene, folkets tre prinsipper

Engelsk: Three Principles of the People, Sunology

Dei tre prinsippa kan omsetjast med høvesvis «nasjonalisme», «folkesuverenitet» og «velferd». Namnet kjem av at alle desse tre orda har ordet for «folk» i seg på kinesisk. Doktrinen var inspirert av Abraham Lincoln og særleg Gettysburg-tala der han snakka om «government of the people, by the people, for the people.»

Nasjonal sjølvråderett og demokratiske mekanismar var for Sun kjelda til overlegenheita til Europa og USA. Saman med det meir vage prinsippet «velferd» utgjorde dei oppskrifta på korleis Kina sjølv kunne verte ei stormakt og samstundes sikre velstand for eige folk.

Som ei oppskrift på kinesisk sjølvstende og renessanse var dei tre folkeprinsippa alltid tett knytt til kinesiske forhold og har hatt liten innverknad utanfor Kina. Unntaket er Taiwan, dit Kuomintang flykta etter den kinesiske borgarkrigen og styrte eineveldig på andre halvdel av 1900-talet. Prinsippa er nedfelt i grunnlova til Taiwan, del av nasjonalsongen og synlege i ei rekkje stadnamn.

1. Nasjonalisme

Minzu zhuyi, det fyrste prinsippet, tyder bokstaveleg «prinsippet om nasjonen». Ifølgje Sun byrja europeisk moderne dominans med utviklinga av nasjonalisme, og han måtte òg vere grunnlaget i den kinesiske revolusjonen han arbeida for.

I kraft av å vere eit eige folk, eller nasjon, hadde kinesarane, som dei europeiske folka, rett på ein eigen nasjonalstat, meinte Sun. På den eine sida vart dei nekta dette av keisarstyret, som på den tida var mandsjuisk. På den andre sida mangla kinesarane det naudsynte nasjonale medvitet som samla europearane og gjorde dei så sterke. Kinesarane var som folk ikkje berre flest, men òg best i verda, ifølgje Sun. Men dét hjelpte lite når dei saman var som «eit stykke laus sand».

Løysinga var å byggje på familie- og klanlojaliteten, som kinesarane hadde nok av, til å skape eit slikt nasjonalt medvit, for så å kaste ut utanlandske imperialistar. Kina lukkast etter kvart i dette gjennom 1900-talet. Sun Yat-sen og hans tre folkeprinsipp har en del av æra for det.

2. Folkesuverenitetsprinsippet

Minquan zhuyi, «prinsippet om folkesuverenitet», samsvarte i det store og heile med samtidige europeiske idéar om demokrati.

Sun hadde éi viktig nyvinning, som òg er den delen av dei tre folkeprinsippa som har fått mest merksemd. Han utarbeidde sin eigen variant av maktfordelingsprinsippet. I staden for tre, ville Sun ha fem statsmakter. Den lovgjevande makta i dei europeiske demokratia var for mektig, syntest Sun. For å utlikne denne ubalansen og skape ein enda meir robust stat skulle den kinesiske nasjonalstaten òg ha ei «tilsynsmakt» og ei «eksaminasjonsmakt».

I tillegg skulle han ha eit større innslag av direkte demokrati enn dei europeiske representative demokratia. I tillegg til vanleg stemmerett burde folket ha rett til å «tilbakekalle» valde politikarar, initiere lovgjeving gjennom «folkeinitiativ» og få siste ord i viktig lovgjeving i «referendum».

Taiwans politiske system har fleire innslag av denne forma for demokrati.

  • Sjå artikkelen om Kuomintang for Sun sine idéar om demokratisering, som i ein vid definisjon vert rekna som del av dei tre folkeprinsippa.

3. Velferdsprinsippet

Minsheng zhuyi tyder bokstaveleg «prinsippet om folkets liv». Prinsippet er på mange måtar det viktigaste av dei tre, sidan kjernen i dei to fyrste var relativt openberr for dei fleste. Men det er òg det dårlegast definerte, som førte til mykje kontrovers etter Sun sin død. I den eine enda har Sun vorte kalla ein kommunist på bakgrunn av dette prinsippet. I den andre enda var prinsippet det ideologiske utgangspunktet for den fascistiske Nytt liv-kampanjen til Chiang Kai-shek på 1930-talet.

Ser ein på kva Sun faktisk sa, er det tydeleg at tankane hans ligg nærare det me i dag kallar sosialdemokrati. Sun var klar på at han hadde økonomisk ulikskap i tankane. Han var full av beundring for moderniseringa i Vesten, men ikkje for det elendet ho hadde skapt for dei lågaste laga i samfunnet. Dersom ein i Kina si modernisering ikkje innførte tiltak for å motverke ei slik utvikling, såg Sun føre seg i 1905, «vil ein andre revolusjon vere uunngåeleg, sjølv viss me [økonomisk og teknologisk] kan måle oss med Europa og USA».

Den kommunistiske revolusjonen i 1949 viste kor rett Sun hadde hatt. Då hadde Kuomintang, som Sun hadde oppretta og som vart det statsberande partiet i Kina etter at han døydde, late vere i 20 år å setje i verk dei fordelingstiltaka han mana til.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Den viktigaste primærlitteraturen om dei tre folkeprinsippa

Utvald sekundærlitteratur

  • Schiffrin, Harold Z. (1969). Sun Yat-sen and the Origins of the Chinese Revolution. Berkeley: University of California Press
  • Wells, Audrey (2001). The Political Thought of Sun Yat-sen: Development and Impact. New York: Palgrave

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg