Debuten i 1933 var eit lyrisk epos, Jonsoknatt, illustrert av Frøydis Haavardsholm. Etter dette gav han ut mellom anna Sòga um Gamle-Kari og hennar himil-ferd (1938), Guds gnistrende ildfluer (1941), Vårhelg i Gaukelikleiv (1947) og Fugl Føniks i eplehagen (1948), som er mindre diktverk. I 1949–1951 kom det ruvande trebindsverket Bygdir i solrøyk (I lauvheid um vår, 1949, Folk og fant, 1950, Fjøllsus i dalgrøda, 1951), eit av dei største opparbeidde lyriske verka i vår litteratur.
Hovudverket i Holms diktning er folkeeposet Norsk folkeepos 1–7 (1965–1971). Det første bindet i storverket er ei revidert utgåve av debutboka. Dei andre banda er Yver bygdi ligg Himeriksheim (1966), Stjørnir og vetteljos (1967), Sòga um kapergastane og deira våde-råm (1968), Valdsmakt bland dalbuom (1969), Att-ljód frå skuggeheimen (1970) ogKongsfuglen yver gullfjølli (1971). I 1972 følgde Hard-røynd frå havland og dalsògur, som er ein prosaisk kommentar til eposet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.