etnologi

Artikkelstart

Etnologi er eit humanistisk fag som undersøkjer den materielle og sosiale kulturen. Etnologi er eit samanliknande studium av forholdet mellom folkeliv og kultur, særleg folkekulturens materielle og sosiale aspekt. Etnologi blir også kalla folkelivsgransking i skandinavisk terminologi.

Faktaboks

Etymologi

fra det greske ethnos, folk og logia, lære

Etymologisk skriv etnologiomgrepet seg frå gresk ethnos, som tyder folk, og logi, som tyder lære. Nemningane etnologi og folk har skifta innhald over tid. Dette reflekterer samfunnsmessige endringar, frå bondesamfunnet til det industrialiserte og i aukande grad fleirkulturelle samfunnet.

Etnologi er eit ungt fag i Noreg og fekk først instituttstatus ved Universitetet i Oslo i 1940 under nemninga folkelivsgransking. Ein grunn til at faget kom, var at folkemusea hadde behov for kompetanse og dokumentasjon. Omgrepet etnologiske studium skal i norsk samanheng ha vore nytta alt i 1931, men fekk innpass som fagnemning fleire år seinare. Etnologifaget høyrer inn under humaniora og har tverrfagleg karakter. Etnologien er særleg nærskyld til folkloristikk, men òg til fag som arkeologi og sosiologi. I nyare tid har faga etnologi og folkloristikk blitt samla under kulturstudiar og kulturvitskap.

Etnologi må ikkje forvekslast med etnografi, som er den tidlegare nemninga på faget sosialantropologi.

Utviklinga av faget

I Skandinavia vart i siste halvdel av 1800-talet nemninga kulturhistorie knytt til forsking og forskarar som vende seg mot kvardagslivets og kvardagsfolks historie, som ein reaksjon på synet på historia som i første rekkje omhandla statar, politikk og framståande personar. Gradvis skjedde det ei spesialisering ved mange universitet: Kulturhistorikarane som studerte folkloren eller den åndelege kulturen vart kalla folkloristar. Spesialfelta deira vart den immaterielle og munnlege kulturen i form av folkedikting, folkemusikk, folketru og folkelege ritual.

Den andre gruppa kulturhistorikarar fekk nemninga etnologar, som har den materielle kulturen og sosiale aspekt ved arbeid og næringsutøving som studieobjekt. Den etnologiske forskinga vart følgjeleg tematisk inndelte i felt som byggjeskikk, jordbruk, reiskapsbruk, handverk, kosthald og folkedrakt. Frå 1990-talet kom i tillegg tema som individ og kollektiv, natur og kultur.

Framveksten av faget i Noreg

Eige fag frå 1940

Etnologifaget var tidlegare mannsdominert når det gjeld studentmasse og stillingar. Første magister som vart utdanna i Noreg, var likevel ei kvinne, Rigmor Frimannslund. Det skjedde i 1941. Læraren hennar, Nils Lid, var utdanna filolog. Saman med folkloristen Svale Solheim publiserte dei Ord og Sed, som i 1951 vart gjort om til tidsskriftet Norveg. Som første professor i etnologi frå 1940 vart han fagarkitekt og la grunnsteinen for etnologien si utvikling. Han formulerte målet for den nye magistergraden og la særleg vekt på norsk folkekultur i eldre tider. Lid såg sosial, økonomisk og åndeleg struktur i det gamle bondesamfunnet som studieobjekt for etnologien, og ville setje søkjelys på ulike sider ved folkekulturen gjennom studium av reiskapsformer, byggjeskikk, festseder, trudomar og folkekunst.

Under arbeidet hans med ein grunnfagsmodell på 1950-talet fekk arbeidslivet, i samband med materiell kultur og sosiale forhold i regionalt perspektiv, stor vekt. Åndeleg struktur vart tona ned, og endring frå ei deskriptiv og historisk tilnærming mot eit analytisk perspektiv var tydeleg. Generelt var Lid oppteken av nemningsbruk, og var ein pioner også i metodebruk gjennom spørjelister og intervju. Han var ein allsidig forskar, oppteken av mange interessefelt frå skihistorie til magi, gudsdyrking og religiøs kult som fenomen.

Eit fag i endring

Etter at Lid døydde i 1959, kom ein debatt om faget si rolle i framtida. Museumsdirektør Robert Kloster var inspirert av Eilert Sundts forsking på folkekultur og såg undersøking av gjenstandsmateriale som viktig. Kloster meinte at etnologien og folkeminnevitskapen trong ein tydelegare grenseoppgang. Gutorm Gjessing, professor i etnografi, og særleg kjend for forsking på samisk kultur, stod for eit holistisk syn og var oppteken av endringsprosessar og aktualitet.

Knut Kolsrud og Hilmar Stigum, begge frå Norsk Folkemuseum, vart i 1961 professor I og II i etnologi etter Lid. Kolsrud var oppteken av forsking på mellom anna same- og kystkultur og kulturens systematikk. Han arbeidde målretta for å byggje opp forskingsmiljøet og fornye metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar. Kolsrud la vekt på eit samanliknande europeisk perspektiv og gjorde etnologifaget betre tilpassa stillingar innanfor museumsarbeid og kulturminnevern. Stigum heldt fram som leiar av bygdeavdelinga ved Norsk Folkemuseum ved sida av professoratet. Dette prega forskinga og undervisninga hans, der han la vekt på studium av reiskapar, jordbruk, byggjeskikk og handverk.

Utvida kulturomgrep og nye studieobjekt

Mot slutten av det 20. hundreåret tok etnologifaget opp i seg eit mangfald av nye interessefelt: barne-, innvandrar- og arbeidarkultur ofl. Problemområda er relaterte til eit utvida kulturomgrep. Nye forståingsformer i høve til historia med større vektlegging av eit synkront perspektiv og sosial kontekst vert analyserte. Interessefelt som kjønn, identitet, etnisitet, massekultur, medierevolusjon og urbanitet har redusert interessa for reindyrka gjenstandsforsking. Den tradisjonelle etnologien, med vekt på materiell kultur og arbeidsmåtar lausrivne frå sosial samanheng, har vorte kritisert frå fleire hald.

Skilsetjande var professor Brynjulf Alver sitt arbeid med det han kalla ein nordisk modell for etnologistudiet ved Universitetet i Bergen. I den nye studieordninga frå 1980 var det lagt stor vekt på feltarbeid og studium av folkeleg kultur i eit notidsperspektiv. Alver har elles arbeidd for ei utviding av etnologane sitt arbeidsfelt og utvikling av tverrfaglege studietilbod.

Kulturvitskap og kulturstudiar

Etnologi finst ikkje lenger som universitetsfag i Noreg. Ved Universitetet i Oslo er faga etnologi og folkloristikk i dag samla under kulturstudiar, og ved Universitetet i Bergen er etnologi no ein del av studieretninga kulturvitskap.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anders Gustavsson: «Tendenser i nordisk etnologi och folkloristik under 1980-talet», Norveg 1990
  • Bjarne Hodne: «Folkloristikkens og etnologiens plass ved universitetene og i samfunnet. En fagpolitisk betraktning», Norveg 1989
  • Ragnar Pedersen: «Norsk etnologisk fagprofil 1940–1960. En forskningshistorisk studie», Norveg 1990
  • Ragnar Pedersen: «Etnologien ved år 2000 – noen fagkritiske spørsmål», Norveg 2/2000.
  • Liv Emma Thorsen; «Rette og vrange – et kritisk perspektiv på etnologi og kvinneforskning», Norveg 1990

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg