Artikkelstart
George Eliot var ein engelsk romanforfattar, essayist og omsettar. Ho var eit av dei største litterære namna i siste halvdel av 1800-talet. Forfattarnamnet var likevel pseudonym for ei intellektuell og målretta kvinne som fann det tryggast å publisere som mann. Ho heitte Mary Ann (eller Marian) Evans og levde eit på mange måtar utradisjonelt liv for si tid. Særleg dei store romanane hennar er hugsa som viktige verk, ikkje minst er Adam Bede, Middlemarch, Møllen ved Floss og Silas Marner framleis mykje lest, kommentert og studert. Det er dessutan interessant å sjå kor mykje og kor tidleg ho var lesen på norsk.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.