Sosiolekt er ein sosialt avgrensa variant av eit språk. Bruk av sosiolekt markerer tilhøyrsel til ei sosial gruppe eller klasse.

Faktaboks

Uttale
sosiolˈekt

Ein sosiolekt er eit uttrykk for språkleg variasjon innanfor eit geografisk avgrensa område. Dette skil sosiolekt frå dialekt, som vanlegvis gjeld språkleg variasjon mellom geografiske område. Sosiolektar uttrykkjer sosiale forskjellar, og dei held oppe sosiale og kulturelle fellesskapar. På same måten som ein kan heimfeste dialektar til geografiske område, kan ein heimfeste sosiolektar til bestemte grupperingar eller samfunnsklasser.

Trekk som kan inngå i ein sosiolekt, finn vi på alle språklege nivå: både ordval, uttale og bøying. I norsk samanheng har ein til dømes kunna markere tilhøyrsel til høgare sosiale lag i valet av 'ikke' framfor 'ikkje' i Stavanger, medan ein i Oslo har kunne signalisere arbeidarklassetilhøyrsel gjennom å plassere trykk på første staving i ord som 'stasjon' og 'kontor'.

Sosiolekt og geografi

Ved framvoksteren av byar og industristader var det forskjellar mellom fabrikkeigarar og høgare funksjonærar på den eine sida og dei som utførte manuelt arbeid, på den andre. Det gjaldt både inntekt og utdanningsnivå. Dei ulike gruppene eller klassene utvikla ulike måtar å snakke på. Forskjellane kom òg til uttrykk i busetjingsmønsteret. Arbeidarane busette seg helst i nærleiken av produksjonslokala, medan eigarane busette seg i lysare strøk, lenger borte frå fabrikkar og produksjonsstøy.

Slike busetjingsmønster finn vi mellom anna mellom aust og vest i Oslo og mellom nord og sør i Tromsø, og talemåla i dei ulike områda har tradisjonelt hatt ulike særdrag. Såleis kan vi tale om geografisk fundert språkleg variasjon også når det gjeld sosiolektar. Sosiolektar kan vere knytte til spesifikke bydelar, slik som på Eiganes i Stavanger eller Singsaker i Trondheim. Ein dialekt kan altså vere særmerkt for ei bestemt samfunnsklasse eller gruppe og slik fungere som ein sosiolekt.

Todeling og kopling til skriftmål

Klasseforskjellar får ikkje automatisk språklege uttrykk, men opplevinga av sambandet mellom ei språkleg og ei sosial lagdeling har vore vanleg i fleire norske språksamfunn. Forskjellar mellom «de dannede kredse» og «vulgær- eller gadesproget» vart tidleg skildra både i Kristiania og i Bergen. Seinare har både språkgranskarar og språkbrukarar operert med slike motpolar mellom eit talemål i høgare klasser og eit folkemål eller «gatespråk» som gjerne har felles opphav med dialektane i omlandet.

Bruken av somme sosiolektar vert omtalt som å snakke «pent», gjerne med bruk av prefiks som «pen-» eller «fin-», som i «fintrøndersk» eller «penbergensk». Dette er ikkje ei estetisk vurdering, men viser snarare at varietetane er nytta i administrasjon og maktapparat og har utspringet sitt i høgare samfunnsklasser. Nærleiken til skriftmålet er viktig. I fleire språksamfunn byggjer skriftmålet på ein sosiolekt. I Noreg byggjer bokmålet på den såkalla «danna daglegtalen» som vaks fram i byane frå midten av 1800-talet.

Færre forskjellar, større fridom

Utdanningsnivået har auka blant folk, og både den geografiske og sosiale mobiliteten er stor. Talespråkleg utjamning går føre seg mellom lokalsamfunna innanfor større regionar. I byane er gamle arbeidarstrøk rusta opp, og talemålsforskjellane har også her vorte færre eller mindre slåande. Folk samlar seg om ei felles norm, som ofte ligg nærmare det tradisjonelle folkemålet enn det høgare talemålet. Slik er det både i Bergen, Oslo, Trondheim og Ålesund.

Sjølv om dei språklege forskjellane minkar, er medvitet om at språktrekk kan uttrykkje sosial tilhøyrsel, framleis sterk. Vi har stor fridom til å kunne velje mellom ulike variantar av talemål. Desse vala kan vere uttrykk for sosiale ønskjemål og vere uttrykk for livsstilsval.

Nye måtar å snakke på oppstår i fleirkulturelle bymiljø. Dette er språkformer kjende under fleire namn, som multietnolekt, kebab-norsk eller kontaktbaserte talestilar. Slike talestilar heng tett saman både med etnisitet, geografi og sosial tilhøyrsel, og dei syner at det sjeldan er enkelt å trekkje eit skilje mellom dialekt og sosiolekt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Fintoft og Per Egil Mjaavatn: Språksosiologiske forhold i Trondheim bymål. Trondheim 1980
  • Stian Hårstad og Toril Opsahl: Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Bergen 2013
  • Amund B. Larsen: Kristiania bymål. Vulgærsproget med henblik på den utvungne dagligtale. Kristiania 1907
  • Amund B. Larsen og Gerhard Stoltz: Bergens bymål. Kristiania 1912
  • Brit Mæhlum (red.): Praksis, bd. 2 i Helge Sandøy og Agnete Nesse (red.): Norsk språkhistorie. Oslo 2018
  • Brit Mæhlum og Unn Røyneland: Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av dialekter. Oslo 2012
  • Agnete Nesse: Kollektiv og individuell variasjon i bergensdialekten. Bergen 1994

Kommentarar (2)

skreiv Henrik T

Kan du oppdatere denne siden? Kort tekst og kanskje ikke like behjelpsom. Takk

svarte Georg Kjøll

Hei Henrik. Du har helt rett at dette ikke er en spesielt informativ artikkel. Jeg har bedt fagansvarlig skrive en ny, så da håper jeg vi kan få noe som er mer nyttig for deg og andre i løpet av høsten! Alt godt fra Georg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg