Amund Rydland

Faktaboks

Amund Rydland
Amund Olson Rydland
Født
25. november 1888, Alversund (no Lindås), Vestland
Død
16. februar 1967
Amund Rydland
.

Amund Rydland var skodespelar og teatersjef ved Det Norske Teatret.

Rydland var medlem av det aller første ensemblet ved Det Norske Teatret og debuterte under teatrets offisielle opningsframsyning 2. januar 1913 i Kristiansand. Han var teatersjef for teatret i seks år og var igjen skodespelar ved teatret frå 1942 til 1960, då han gjekk av med pensjon.

Rydland var sjef ved Det Norske Teatret frå 1916 til 1922, med høvesvis Anton Heiberg og Sigurd Eldegard som sidestilte sjefar ein del av perioden. Rydland satsa tungt på folkekomediar i sjefsperioden sin og fekk med Oscar Wennersteens Bröderna Östermanns huskors i 1919 den største kommersielle suksessen i teatrets historie, med totalt over 700 framsyningar.

Etter sjefstida ved Det Norske Teatret spela Rydland ved fleire andre teater, og han turnerte landet med eigne teatertruppar, mellom andre Amund Rydlands Teater. Han var eitt år sjef ved Komediateatret i Bergen (1933–1934). Han hadde fleire viktige filmroller, mellom anna som Isak Sellanraa i filmatiseringa av Knut Hamsuns Markens Grøde (1921) og som kaptein Haldorsen i Ivo Caprinos Ugler i mosen (1959).

I 1942 kom han attende til Det Norske Teatret som skodespelar og instruktør og vart verande der til han gjekk av med pensjon i 1960. Han var då den siste av skodespelarane som hadde vore med under opninga i 1913, som gjekk av med pensjon. Han gjestespela fleire gonger seinare, mellom anna under teatrets 50-årsjubileum i 1963.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg