Knut Hergel

Faktaboks

Knut Hergel
Født
27. november 1899, Oslo (den gongen Kristiania)
Død
2. september 1982, Oslo

Foto 1978. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Knut Hergel
Av /NTB Scanpix ※.
Knut Hergel, foto 1949.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Knut Hergel var ein norsk skodespelar, instruktør og teatersjef. Han var sjef ved både Det Norske Teatret og Nationaltheatret, og er den lengst sitjande sjefen i Nationaltheatrets historie.

Hergel var engasjert som skodespelar ved Stavanger Theater i to sesongar frå 1923, og deretter eitt år i Trondheim. I Trondheim var han òg tilsett som dramaturg, bidrog med omsetjingar, las innsende og aktuelle stykke og utarbeidde detaljerte regiframlegg til moglege Shakespeare-framsyningar.

Til liks med alle dei store teaterfornyarane i Noreg i mellomkrigstida kom Hergel frå privilegerte kår. Han hadde høve til å dyrke instruktørdraumen, han hadde fått reise og sjå teater i London, Berlin, Paris og København, han hadde jamvel studert teaterhistorie i København og ved ein av Max Reinhardts avleggjarskular i Berlin ei kort tid, før han vart instruktør ved Det Nye Teater og etter kvart fekk oppretta den høgt skatta Forsøksscenen.

Forsøksscenen under Hergel var ein slags tidleg norsk teaterskule. Unge og urutinerte skodespelarar øvde i fristunder under Hergels instruksjon, og når dei hadde eit stykke klart, fekk dei låne hovudscena på Det Nye Teater til framsyning. Kona til Hergel, Leonora og komedietalentet Leif Justervar mellom dei som debuterte her.

I 1935 vart Hergel fast tilsett instruktør ved Det Norske Teatret og i 1936 sjef same staden. Han gjenreiste teatrets ry etter nokre dårlege sesongar, med si eiga dramatisering av Olav Duuns Medmenneske (1937) som det store kunstnarlege og kommersielle høgdepunktet.

Hergel vart sitjande som teatersjef dei to første åra av andre verdskrigen, men hausten 1942 flykta han til Sverige. Då han kom attende etter krigen, heldt han fram sjefsgjerninga si og opna hausten 1945, i nye lokale i Stortingsgata, med premiere på Sofokles' Antigone. Han sette òg opp Federico García Lorcas Blodbryllaupet (1946), som teatret hadde vorte nekta å spele under krigen.

I 1946 vart han sjef ved Nationaltheatret, og vart sitjande i denne stillinga heilt til 1960. Han vart dermed den lengst sitjande sjefen i teatrets historie. Han sette blant anna opp moderne psykologisk dramatikk som En handelsreisendes død og Prisen, båe av Arthur Miller, og store klassiske oppsetningar som William Shakespeares Stor ståhei for ingenting og Henrik Ibsens Kejser og galilæer. I 1954 iscenesette han Brand på det finske nasjonalteateret. I 1960–1969 var han fast instruktør ved Nationaltheatret.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Hergel: Utkast til sjølvbiografi, Teatersamlinga, Nasjonalbiblioteket
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963. Oslo 1963

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg