Astrid Sommer

Faktaboks

Astrid Sommer

Astrid Rosendal Sommer

Født
21. mai 1906, Oslo
Død
9. april 1990, Oslo
Astrid Sommer med boka Kvar vart det av jula? frå eit adventsprogram i NRK rundt 1985.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Astrid Sommer var ein norsk skodespelar. Ho var ved Det Norske Teatret i ei årrekkje og vart kjend for generasjonar av nordmenn gjennom Radioteatret og Fjernsynsteatret, for både barn og vaksne.

Bakgrunn

Sommer var fødd i Oslo. Ho var tilsett ved Det Norske Teatret frå 1922 til 1976. Gjennom desse åra gav ho sceneliv til 140 roller. Gjennomgangstemaet er kvinner og deira livsutfalding, som like ofte er av det øydeleggjande som av det byggjande slaget. Ho skildra trongsynte livsvilkår, som fru Åshild i Kristin Lavransdatter og tante Julie i Hedda Gabler, ho var storbondefrue og kvinnesakskvinne, og ho hadde morsroller som Mor Åse (i Peer Gynt) og Mor Courage.

Sommer hadde ingen offisiell debut, men fekk eit kunstnarleg gjennombrot i 1928 som Krestna i Ungen av Oskar Braaten. Stykket vart ein publikumssuksess som teatret seinare sette opp i fleire omgangar, og alltid med Sommer i rolla som den slagferdige Krestna. Ei anna rolle som følgde Sommer heile kunstnarlivet, var Kvitugla i Medmenneske av Olav Duun.

Sommer var mykje nytta i NRK, først av radioen, seinare òg av fjernsynet. Ho formidla barnelitteratur og lyrikk og medverka i radiohøyrespel for barn og vaksne. For unge i barnetimealderen var ho radiostemma framfor nokon.

Astrid Sommer var gift med Alf Sommer.

Kvinneroller

Aktiv ved teatret som barn, vaksen og pensjonist

Som ein av svært få skodespelarar var Sommer fast tilsett ved Det Norske Teatret i over 50 år. I tillegg hadde ho fartstid ved teatret frå før ho vart teken opp som elev i 1922, og ho var knapt tenåring då ho første gongen var med på teaterturné.

Mangesidige kvinneroller

Sommer fikk fram både komiske og tragikomiske sider ved kvinnerollene sine. I komediane Ungen og To pinner i kors var ho tørrvittig og rappkjefta, i dramaet Anna Christie var ho hamnerotta Mary, og i det samtidskritiske stykket Den galne frå Chaillot var ho halvskrullete kjerring. Mange av kvinnene høyrde heime i grenselandet mellom fantasi og røyndom, der overdrivinga understreka dei snevre livsvilkåra deira.

Som Kvitugla var ho den fælslege fastra som ligg på loftet og skal døy, men som held seg sjølv i live og publikum i ande med å spytte ut giftige kommentarar til alt og alle. Som i mange andre kvinneroller gav Sommer likevel rom for samansette kjensler. Kvitugla er ikkje berre eiter og galle. Ho er ei livserfaren, klok kvinne som har sett mykje, og som treffsikkert får fram gjenkjenning og latter hos tilskodarane.

Mellom 1937 og 1967 gjorde Det Norske Teatret seks oppsetjingar av Medmenneske, kvar gong med Sommer i rolla som Kvitugla. Sommer gav uttrykk for at Krestna og Kvitugla var dei to rollene ho fann mest hugnad i.

Kvinneliv i mange land

Astrid Sommer spela i samtidsdrama frå mange land. I Under Sovjet, det første sovjetiske politiske stykket på ei norsk scene (1933), lèt Sommer Nastja streve med å finne seg i rette i det kommunistiske nybyggjarsamfunnet, med sine krav til ideologisk nytenking og innordning.

I 1936 følgde Livet som det er, ei kvardagsskildring frå den engelske arbeidarklassa, der Sommer var ei drikkfeldig arbeidarkone som sladra seg gjennom dagane på botnen av samfunnet. I Gropa (1975), eit stykke med handling frå arbeidarstroka i Göteborg i 1920-åra, i ei tid med streik og uro, var Sommer proletarkone av det kjempande, ukuelege slaget.

Mange av stykka Sommer var med i, hadde tidlause tema. Konflikten mellom menneskenaturen og samfunnet sine strenge normer, som kvinnene ofte var dei mest ihuga til å handheve, var motivet i mange av stykka. Rollene var ofte kvinner som sjølve er underkua, held streng justis med eigne døtrer og er nådelause mot alle som prøver å bryte ut av jernburet.

Populær i radio og fjernsyn

Gjennom NRK vart Sommer ein skodespelar for heile landet. Då Radioteatret kom i gang i 1930-åra, var ho ein av dei faste bidragsytarane i det nye mediet. Vaksne kunne glede seg over stemma og skodespelarkunsten hennar i høyrespel og opplesingar, ikkje minst av dikt. Store born gledde seg til laurdagsbarnetimen, med fengjande høyrespel; mindre born vart kjende med henne gjennom Barnetimen for dei minste, der ho òg fekk vist at ho kunne tale dyremål. Då fjernsynet vart bygd ut i 1960-åra, medverka ho i Fjernsynsteateret, både i krimforteljingar og ulike seriar.

I 1938 vart det laga spelefilm av Ungen, sjølvsagt med Sommer i rolla som Krestna. Fram til 1976 spela ho i eit titals filmar, dei fleste komediar.

Astrid Sommer vart i 1987 tildelt Oslo by sin kunstnarpris for å ha gleda teatergjengarane i byen med scenefigurane sine i mange tiår. I 1987 fekk ho tildelt Braaten-prisen. Ho vart heidra med Kongens fortenestemedalje i gull i 1963.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arkivet til Det Norske Teatret
  • Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. 1913–1988. Oslo 1988
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år. 1913–1963. Oslo 1963

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg