Cally Monrad

Faktaboks

Cally Monrad
Ragnhild Caroline Monrad
Født
31. juli 1879, Gran i Oppland
Død
23. februar 1950
Cally Monrad var spesielt kjend som operasongar og romansesongar, og hadde mange store operaroller både i Noreg og utlandet.

Artikkelstart

Cally Monrad var operasongar, lyrikar, dramatikar og teatersjef. Monrad var ein av Noregs mest kjende operasongarar. Frå 1942 til 1945 var ho teatersjef for det nazifiserte Det Norske Teatret.

Monrad var barnebarnet til Marcus Jacob Monrad.

Operasongar

Etter tre års studium hos songpedagogen Wilhelm Kloed debuterte Monrad som romansesongar i 1899 og som operasongar ved Nationaltheatret i 1903. Ho hadde deretter mange store operaroller både i Noreg og utlandet og var frå 1909 til 1911 tilsett ved Berlin Hofoper.

Forfattar

Ho debuterte som lyrikar i 1913 og gav ut både diktsamlingar, skodespel og ein sjølvbiografisk roman. Syngjespelet hennar, Trollskott, vart oppført på Det Norske Teatret i 1935.

Medlem i Nasjonal Samling

Hausten 1940 melde Cally Monrad seg inn i Nasjonal Samling. Ho vart styrar for den nazistiske Statens Teaterskole, og i november 1942 vart ho utnemnd til sjef for Det Norske Teatret, etter at teatersjef Knut Hergel hadde rømt til Sverige. Teatret vart straks sett under boikott, og publikumsoppslutninga var svært låg resten av krigsåra.

I landssvikoppgjeret vart Cally Monrad dømd til eitt års fengsel for NS-medlemskapen sin og den aktive støtta til okkupasjonsmakta. Sjefsstillinga ved Det Norske Teatret var ikkje ein del av tiltalen. Ho vart seinare på grunn av høg alder og svekt helse benåda og slapp å sone dommen. Ho døydde i 1950.

Roller i utval

Regisseringar

Utgivingar

  • Digte (1913)
  • Nye digte (1919)
  • Før dag (1920)
  • I Dur og Mol (1929)
  • Petju (1922)
  • Drømmeboken (1932)
  • Tolv timer i sang (1937)

Film

  • Mor Laagje i filmen Laila (1929)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg