Tormod Skagestad

Faktaboks

Tormod Skagestad
Født
9. august 1920, Krødsherad, Buskerud
Død
4. januar 1997, Alfaz del Pi, Spania, gravlagd i Oslo

Bilde frå Norsk biografisk leksikon

Tormod Skagestad
Av /NTB Scanpix ※.
Tormod Skagestad i 1964.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Tormod Skagestad var forfattar, sceneinstruktør og teatersjef. Med eitt års unntak var han sjef ved Det Norske Teatret frå 1960 til 1979, og han vart den viktigaste teatersjefen i norsk teater etter krigen.

Skagestad var sjef for Det Norske Teatret i nesten tjue år og er den mannen som i sterkast grad har prega Det Norske Teatret og norsk teater generelt i andre halvdelen av det tjuande hundreåret. Skagestad overtok Det Norske Teatret som eit lite og huslaust teater på randa av konkurs og gav frå seg eit teater som snart skulle flytte inn i det mest moderne teaterhuset i Nord-Europa.

Han var far til forfattaren Bjørn Skagestad.

Tidlege år

Skagestad var lærar- og organistson og reiste allereie i barndomen rundt og underheldt med dikt- og songprogram i lag med dei fire brørne sine. Han debuterte som lyrikar i 1946 med diktsamlinga Om fjellprofilan låg ei gullrand spent, før han drog til Wisconsin i USA for studiar, mellom anna i dramaturgi.

I 1949 vart han tilsett som kunstnarleg rådgivar i Radioteatret og debuterte sjølv året etter som høyrespelforfattar med Brør. Hans Heiberg var sjef for Radioteatret, og Heiberg hadde peika ut Tormod Skagestad, Gerhard Knoop, Barthold Halle og Knut Thomassen som dei fire mest lovande unge instruktørane i Noreg og gitt dei mange oppgåver og utfordringar i Radioteatret. Alle fire hadde vore engasjerte ved skipinga av instruktørforeininga i 1948, tre av dei var utdanna i utlandet, alle fire var reine instruktørar og ikkje omskolerte skodespelarar, og alle fire hadde ei heilskapleg og profesjonell tilnærming til instruktørrolla.

Det Norske Teatret

Kunstnarleg rådgivar

I 1953 vart Skagestad tilsett som kunstnarleg rådgivar for Det Norske Teatret, idet Nils Sletbak vart tilsett som sjef. Skagestad hadde søkt sjefsstillinga, men teaterstyret våga ikkje å satse på han enno og oppretta stillinga som rådgivar spesielt for han. Skagestad tilreiv seg stadig meir makt ved teatret, i ei vanskeleg tid for norsk teater.

I 1954 debuterte han som sceneinstruktør med sitt eige stykke, Den kvite folen. Året etter vann han førsteprisen i ein stor nordisk dramatikk-konkurranse med Under treet ligg øksa. Og økonomisk redda han Det Norske Teatret truleg frå konkurs då han i 1958 tok initiativ til, dramatiserte og instruerte første del av Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter-trilogi.

Teatersjef

I 1960 vart Skagestad konstituert som sjef for Det Norske Teatret i eitt år, då Nils Sletbak ønskte eit permisjonsår. Men Sletbak kom aldri tilbake, og Skagestad vart, med unntak av eit sabbatsår, sitjande i sjefsstolen heilt til 1979.

Skagestad skapte straks ei rad norske teatersensasjonar. I 1961 sette han opp Lang dags ferd mot natt, med Tordis, Alfred og Toralv Maurstad i tre av rollene, dei to sistnemnde innleigde frå Nationaltheatret. I 1962 fekk han Brecht-venen og den tyske stjerneinstruktøren Peter Palitzsch til å setje opp Den kaukasiske kritringen, med den nytilsette Liv Ullmann i hovudrolla.

Då Det Norske Teatret i 1963 feira 50-årsjubileet sitt, hadde det kunstnarleg og kommersielt vorte det store kraftsenteret i norsk teater og kunne markere dagen med fire parallelle premierar fire ulike stader i landet.

Skagestad var ekspansiv og dristig og bygde opp ensemblet og teatret i fleire retningar samstundes. Han profesjonaliserte musikkteatret og knytte til seg Egil Monn-Iversen som musikalsk leiar. Saman importerte dei to dei største musikal-suksessane frå Broadway og utvikla eigne norske musikalar baserte på populære førelegg, til dømes Trost i taklampa (1963), Bør Børson jr. (1972) og Jeppe på Berget (1976).

Han utvikla samstundes det meir avantgardistiske teaterformene. Han knytte til seg polakken Henryk Tomaszewski, ein av dei leiande pantomimekunstnarane i europeisk teater, og utvikla Scene 2-drift for eit mindre og meir krese publikum enn hovudscenepublikummet. Scene 2 vart mellom mykje anna åstaden for den vidgjetne Beckett-serien, der Det Norske Teatret i løpet av 20 år spela alle skodespela til Beckett.

Både i form av medieinteresse, kritikarros og publikumsoppslutnad vart Skagestad-epoken ein gullalder for Det Norske Teatret. Han hadde repertoarteft, sans for kva som skapte merksemd, og var ein teaterpolitisk strateg. I tre periodar var han formann i Norsk Teaterlederforening, og han sat som teatersjef heilt til han kjende seg sikker på at teatrets lange og seige kamp for eit eige hus i Karl Johan-kvartalet var krona med siger. Han var ein tøff og krevjande arbeidsleiar. «Det fins ingen grunn til å skjule at han mange ganger har vært mer respektert enn elsket,» skreiv Dagbladet ærleg, idet det vart kjent at han ville gå av.

Forfattarskapen

Skagestad heldt fram som instruktør, dramatikar og forfattar etter han gjekk av som teatersjef og skreiv mellom anna tre romanar, fire diktsamlingar og ei rekkje skodespel og høyrespel.

Utgivingar

Skodespel

  • Under treet ligg øksa (1955)
  • Byen ved havet (1962)
  • Det stig av hav (1972)
  • Nora Helmer (1982)
  • Skipper nest Gud (1985)

Diktsamlingar

  • Om fjellprofilan ligg ei gullrand spent (1946)
  • I natt skal mange våke (1947)
  • Mørkt vatten glir mot havet (1950)
  • Havdøgn (1965)

Romanar

  • Hild Rogne (1982)
  • På Rogne (1983)
  • Farvel til Rogne (1987)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Mæhle, Leif , red. (1988): Det Norske Teatret 75 år 1963–1988. Oslo: Det Norske Samlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg