Hans Jacob Nilsen

Faktaboks

Hans Jacob Nilsen
Født
8. november 1897, Fredrikstad
Død
6. mars 1957, Oslo

Hans Jacob Nilsen som Peer Gynt (1952).

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Hans Jacob Nilsen var ein norsk skodespelar og teatersjef. Nilsen var ein av dei store fornyarane av norsk teater i det tjuande hundreåret, både som skodespelar, instruktør og teatersjef. Han innførte den amerikanske musikalen ved Det Norske Teatret og stod bak ein epokeskapande versjon av Peer Gynt.

Nilsen voks opp i Fredrikstad og studerte ved NTH i Trondheim. Her melde han seg som interessert til studentrevyen og spela rolla si med såpass bravur at teatersjefen ved Trondhjems Theater, Rasmus Rasmussen, tilbaud han fast engasjement. Nilsen takka nei, han meinte han burde lære meir om teater først og drog i staden til hovudstaden og Agnes Mowinckel, som engasjerte han usett til å spele Niels Stenssøn i Henrik Ibsens Fru Inger til Østråt. Etter tre månader på turné med Mowinckel, og åtte månaders privatundervisning hos henne, takka Nilsen ja til fast engasjement ved Trondhjems Theater.

I 1925 flytta han vidare til Bergen og skodespelarstilling ved Den Nationale Scene, før han i 1927 drog til Oslo og Centralteatret. Allereie etter eitt år her kunne lynkarrieren kronast med fast tilsetjing ved Nationaltheatret, under Einar Skavlan. I 1929 debuterte han som instruktør med Robert C. Sheriffs Reisens slutt.

Fire år seinare, i 1933, vart han tilsett som sjef for Det Norske Teatret. Han skaffa Det Norske Teatret sitt første gjestespel i utlandet, då Dramatiska Teatern inviterte teatret til å spele Jeppe på Berget i Stockholm. Etter eitt år ved Det Norske Teatret drog Nilsen til Bergen og vart teatersjef ved Den Nationale Scene. Dermed flytta han kraftsentret i norsk teater til Bergen, med dei legendariske framsyningane av Pär Lagerkvists Bøddelen (1934) og Nordahl Griegs Vår ære og vår makt (1935) mellom høgdepunkta.

Under andre verdskrigen var han flyktning i Sverige og arbeidde ved Fri norsk scene.

I 1946 kom Nilsen attende som sjef ved Det Norske Teatret og vart denne gongen sitjande til 1950. Peer Gynt-framsyninga i 1948 var det store høgdepunktet. Harald Sæverud hadde komponert ny musikk, og Nilsen hadde valt ei regilinje der framsyninga skulle verte «avromantisert», der stykket skulle spelast tilnærma i sin heilskap, og der Peer skulle framstillast som ein opportunistisk kynikar og ingen nasjonalromantisk helt. Stykket fekk glitrande kritikkar i norske og utanlandske aviser, vart invitert til gjestespel i fleire land og er kanskje den viktigaste einskildframsyninga i Det Norske Teatrets historie.

Nilsen innførte òg den amerikanske musikalen ved Det Norske Teatret, då han importerte Broadway-suksessane Oklahoma! (1949) og Show Boat (1950).

I 1950–1955 var han teatersjef ved Folketeatret. Her sette han bland anna opp Brand.

Film

Hans Jacob Nilsen debuterte på film i Sigurd Hoel-filmatiseringa Syndere i sommersol av Einar Sissener (1934), og han gjorde inntrykk som Berger i Tancred Ibsens To levende og en død (1937) etter romanen til Sigurd Christiansen. Han regisserte og spilte hovudrolla i Tarjei Vesaas-filmatiseringa Dei svarte hestane (1951).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sidsel Marie Nilsen: Helst mot urolig vær. Teatermannen Hans Jacob Nilsen. Oslo 1997
  • Knut Nygaard og Eiliv Eide: Den Nationale Scene 1931–1976. Oslo 1977

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg