Sigurd Eldegard

Faktaboks

Sigurd Eldegard
Født
10. juli 1866, Årdal, Sogn og Fjordane
Død
30. januar 1950, Oslo
Portrett av Sigurd Eldegard, ca. 1907–10.
Av /Oslo Museum.

Sigurd Eldegard var skodespelar, dramatikar, spelemann og ein pioner i landsmålsdramatikken.

Eldegard skreiv det nasjonalromantiske stykket Fossegrimen, som i 1905 vart den første framsyninga på landsmål ved Nationaltheatret og ein stor kommersiell suksess, med over hundre framsyningar.

I 1891 debuterte Eldegard som skodespelar på Christiania Theater. Frå 1901 og det meste av karrieren var han knytt til Nationaltheatret. Frå 1918 til 1920 var Eldegard sidestilt sjef ved Det Norske Teatret i lag med Amund Rydland. Han var ein mykje nytta instruktør på denne tida, og han sette opp mange av dei populære folkekomediane ved teatret, mellom anna Olav Hoprekstads Friarar (1918) og P. Hallströms Kunstnaren (1918).

Eldegard var eit kjent og populært namn i norskdomsrørsla, og løna hans vart delfinansiert av gåver frå ulike ungdomslag. Likevel valde han å returnere til skodespelarstillinga ved Nationaltheatret etter berre to sesongar, på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen ved Det Norske Teatret.

Under den andre verdskrigen var Eldegard medlem av Nasjonal Samling. Då Det Norske Teatret vart nazifisert, vart Sigurd Eldegard utnemnd som representant for Oslo kommune i teaterstyret. Han vart samstundes tilsett som litterær konsulent ved teatret.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg