Alexander Seippel

Faktaboks

Alexander Seippel

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel

Uttale
sˈeippel
Født
22. januar 1851, Kristiansand, Lister og Mandals amt (no Agder)
Død
22. april 1938, Oslo
Alexander Seippel, truleg fotografert på 1890-talet
Av /Oslo Museum.

Artikkelstart

Alexander Seippel var ein norsk filolog, folkeminnegranskar og omsetjar. Seippel var ein ivrig samlar av stev, han skreiv dikt på landsmål, og han omsette persisk lyrikk og bibelske skrifter. I den første nynorske bibelutgåva, Fyrebilsbibelen frå 1921, var Seippel den omsetjaren som er ansvarleg for flest tekstar. Han har dermed hatt stor påverknad på nynorsk som bibelspråk.

Bakgrunn

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel var fødd i Kristiansand i Lister og Mandals amt (no Agder) og døydde i Oslo. Etter universitetsutdanning i klassisk filologi, med eksamen i 1873, spesialiserte han seg i orientalske språk: hebraisk, arabisk og persisk. Frå 1886 var han professor i semittiske språk i Kristiania. I mange år dreiv han dessutan gard i Flesberg i Numedal.

Setesdal

Viktige delar av oppveksten sin hadde Seippel i Setesdal. Det prega han språkleg og kulturelt. Far til Seippel var tyskfødd forretningsmann. Etter ei tid i Kristiansand slo familien seg ned på Frøysnes i Bygland. Sjølv om Seippel for det meste budde andre stadar, var han nær knytt til Setesdal heile livet, og var ofte der om sommaren. Den store stevsamlinga hans er eit resultat av desse ferdene og av omfattande korrespondanse med informantar i dalen. Språkleg var han òg sterkt prega av bakgrunnen frå Setesdal, og skriftspråket hans låg nær midlandsnormalen.

Professor

Før Seippel blei professor, hadde han arbeidd som språklærar i USA og som bibliotekar ved Universitetsbiblioteket. Dessutan hadde han bak seg omfattande studiar ved fleire europeiske universitet. Han underviste særleg i arabisk og hebraisk, men han hadde òg høg kompetanse i persisk. Det vitskaplege hovudverket til Seippel, Rerum Normannicarum fontes Arabici, er ei omfattande samling arabiske kjelder som omtaler Noreg og Norden i mellomalderen. Verket kom ut i to band med tretti års mellomrom (1896 og 1928). Til hundreårsjubileet for Universitetet i Kristiania (no Universitetet i Oslo) i 1911 skreiv Seippel det lange diktet «Granskaren», meint som tekst for ein kantate.

Omsetjaren og diktaren

Lyrikk

Seippel gjorde seg likevel mest kjent ved omsetjingane sine både frå persisk og frå semittiske språk til nynorsk, slik som Persiske vers (1912) (ny utgåve Norsk-austerlendsk divan, 1923). I Soga um Sindbad Farmann (1900) kom Seippel med ei frisk omsetjing av eventyr frå «Tusen og ei natt». Saman med vers av dei klassiske forfattarane Omar Khayyam og Hafiz gav han ut dikt av ein poet kalla Karabkuhi, noko som viste seg å vere eit pseudonym for Alexander Seippel. I eige namn gav han ut ei samling kjærleiksdikt, Ein høgsong (1924).

Bibelske tekstar

Framfor alt er Seippel kjend som bibelomsetjar. Saman med Peter Hognestad tok han over ansvaret for arbeidet med bibelomsetjing på nynorsk etter Elias Blix. I alt omsette Seippel heile 22 av dei 66 bøkene i Bibelen. Dei blei utgitt enkeltvis av Bibelselskapet i løpet av åra 1905–1938. Fyrebilsbibelen (1921) inneheld Seippel sine omsetjingar av dei fem Mosebøkene, Josva, Domarane og dei fire evangelia. Seinare kom dei historiske bøkene i Det gamle testamentet, Apostelgjerningane, Romarbrevet og til slutt profeten Jesaja.

Den fyrste utgåva av Det nye testamentetlandsmål, frå 1889, var på mange måtar enno prega av dansk-tysk bibeltradisjon. Den levande og talemålsnære forteljestilen som har vore typisk for seinare nynorske bibelomsetjingar, ber i høg grad preg av Seippel. Han hadde òg eit godt øyre for det stilistiske spennet mellom ulike litterære sjangrar i dei bibelske bøkene, som han gav att i ei rik og variert norsk språkdrakt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Harris Birkeland og Olav Midttun: «Seippel, Alexander», Norsk biografisk leksikon bd. 13. Oslo 1958
  • Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003
  • Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid: Sjønna på Elbursfjell. Alexander Seippel – livet og livsverket. Kristiansand 2001
  • Sylfest Lomheim: «Alexander Seippel», Norsk biografisk leksikon bd. 8. Oslo 2004
  • Ingrid Terland: Sørlandsforfattere [...], 2002, 75-76 (bibliografi)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg