Peter Hansson Hognestad, fødd i Time, var ein norsk teolog og biskop som særleg er kjend for arbeidet sitt for nynorsk.   

Hognestad vart cand.theol. i 1891. Han var stiftskapellan i Oslo stift med særleg ansvar for bygdeungdommen i hovudstaden og for å halde gudstenester på nynorsk. I 1908 vart han lærar i gammaltestamentleg teologi på det nyskipa Menighetsfakultetet. Frå 1916 var han biskop i Bjørgvin bispedømme.

Hognestad vart tidleg med i målreisingsarbeidet, og tok del i arbeidet for fredssaka, fråhaldssaka og den økumeniske rørsla.

Han omsette delar av Det gamle testamente til nynorsk og var hovudredaktør av den nynorske bibelomsetjinga (1921). I 1908 gav han ut den nynorske utgåva av tekstbok for Den norske kyrkja, og var med i komiteen som arbeidde ut Alterboken av 1920. Han samarbeidde med Anders Hovden og Bernt Støylen om Nynorsk salmebok (1925). Hognestad gav ut mellom anna Det gamle testamentet og bibelsoga (1912), Kristendom og folkeliv (1913), Profeten Daniel (1918), Kyrkja er mor (1925).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

22. oktober 2015 skrev Marte Storegjerde

I samlinga etter fotograf Olaf Storegjerde er det fleire bilde frå ein bispevisitas i Sande i 1928. Biskop Peter Hognestad skal vere på fleire av bilda, men eg veit ikkje kven av personane som er Biskop Hognestad. Kan du sjå på desse lenkene og gi meg tilbakemelding?

Sjå:
http://www.storegjerdesamlinga.no/storegjerde/galleri/3186
og
http://www.storegjerdesamlinga.no/storegjerde/galleri/214

Helsing

Marte Storegjerde
Arbeidsgruppa for Storegjerdesamlinga

9. november 2015 svarte Hallgeir Elstad

Når er ser på lenkjene, ser eg at du har funne ut kven av dei som er biskop Hognestad.

Beste helsing
Hallgeir Elstad

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.