Studentmållagsbibelen / Fyrebilsbibelen
Studentmållaget i Oslo gav ut den fyrste Bibelen på nynorsk i 1921. Den såkalla Fyrebilsbibelen vart trykt i 100 000 eksemplar.
Studentmållagsbibelen / Fyrebilsbibelen
Av .
Fyrebilsbibelen. Fyrste Mosebok
Fyrebilsbibelen. Fyrste Mosebok
Fyrebilsbibelen. Fyrste Mosebok
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Fyrebilsbibelen eller Studentmållagsbibelen er vanlege nemningar på den fyrste omsetjinga av heile Bibelen til nynorsk (landsmål). Fyrebilsbibelen kom ut sumaren 1921 med tittelen Bibelen eller Den Heilage Skrifti og undertittel Dei kanoniske bøkerne i Det Gamle og Det Nye Testamentet. Fyrebilsbibelen kom i eit samla opplag på 100 000.

Fyrebilsbibelen vart gjeve ut av Studentmållaget i Oslo. Namnet fyrebilsbibelen («den foreløpige Bibelen») kom av at ein ikkje hadde ferdig ei heil vitskapleg omsetjing frå grunnteksten, og ein brukte omsetjingar til andre skandinaviske språk som grunnlag.

Tidlegare omsetjingar av Bibelen

Alexander Seippel, truleg fotografert på 1890-talet
Alexander Seippel omsette om lag ein tredel av Bibelen.
Alexander Seippel, truleg fotografert på 1890-talet
Av /Oslo Museum.

Kort tid etter at Ivar Aasen hadde lagt fram dei første skriftene om landsmålet, kom det freistnader på å bryte med den danske omsetjinga av bibeltekstane. Her vart både bygdemål og meir private normeringar av norsk nytta. I 1870 gav til dømes Georg Grieg ut ei omsetjing av Markus-evangeliet til landsmål.

Det store arbeidet med nynorsk bibelomsetjing vart gjort i 1880-åra. No vart omsetjinga ei offentleg sak. Argumenta som kom fram i ein stortingsdebatt 1881 om «Prøveoversettelsen», var både demokratiske, kristelege og først og fremst nasjonale. Det enda med at Stortinget løyvde pengar til Det norske Samlaget for å få omsett Det nye testamentet til nynorsk.

Elias Blix og Ivar Aasen samarbeidde om omsetjinga frå vinteren 1882, og etter kvart kom Johannes Belsheim og Matias Skard inn i arbeidet. Omsetjingane vart gjeve ut fortløpande, etter å ha blitt godkjend av departementet. I 1889 var Det nye testamentet ferdig omsett. Dette er den einaste offisielle bibelteksten som har kome ut i Noreg, dersom ein med «offisiell» meiner både kosta og godkjend av staten.

Frå 1905 omsette Alexander Seippel fleire av skriftene frå både Det nye og Det gamle testamentet.

Studentmållaget i Oslo

Studentmållaget i Oslo vart skipa i 1900. I den fyrste tida etter at laget vart skipa, arbeidde laget mykje med å lage lærebøker for høgare utdanning på nynorsk. Det fanst knapt slike bøker, og laget gjorde eit stort arbeid for å gjere meir litteratur tilgjengeleg på nynorsk. Laget gav òg ut bokseriar som Norske Folkeskrifter, Klassiske bokverk, Austerlendske bokverk og Bokverk frå millomalderen.

Bibelen var den kan hende viktigaste boka som ikkje fanst på nynorsk, og laget prøvde fyrst å få Bibelselskapet til å ta på seg arbeidet. Det ville dei ikkje, og laget bestemte då at dei ville setje i gang med omsetjingsarbeidet på eiga hand.

Sigvat Heggstad fremja våren 1916 ein plan for arbeidet. 22. mai 1916 vart det skipa ei bibelnemnd (Bibelnemndi aat Studentmaallaget) med Heggstad som formann og Sigurd Fjær og Lars Tjensvoll som medlemer. Nemnda hadde det travelt; dei trudde først dei skulle få bibelen ferdig til reformasjonsjubileet i 1917. Dei skjøna snart at dei måtte rekne med fleire år.

Det vart vanskeleg å få noko forlag interessert. Bibelselskapet ville ikkje stå bak ein bibel som ikkje var omsett etter grunntekstane, og andre forlag ville heller ikkje ha boka. Det gjekk òg trått med å skrape saman pengar til tiltaket. Bibelnemndi var svært effektiv på alle område. Dei tok både redaksjonelt og økonomisk ansvar. Sigurd Fjær og Sigvart Heggstad var trufaste og effektive medarbeidarar i nemnda.

Omsetjinga

Samanlikning av bibelomsetjingar
Samanlikning av 1921-omsetjinga til nynorsk i Fyrebilsbibelen (øvst) og den norsktilpassa danske Bibel-omsetjinga frå 1891
Samanlikning av bibelomsetjingar
Av .

Bibelnemndi avgjorde at tekstane som alt fanst i nynorsk målform, skulle brukast.

Tekstane som ikkje fanst på nynorsk, måtte omsetjast. Det store spørsmålet var om ein skulle omsetje frå grunntekstane (hebraisk, arameisk og gresk), eller om ein skulle omsetje frå andre språk. For å omsetje frå grunntekstane måtte ein ha språkkunnige teologar. Bibelnemndi såg at dette ikkje ville vere gjennomførbart, og avgjorde å «byggja omskrifta si på gode, moderne bibelomsetjingar til andre mål, på same måten som dei fleste bibelutgåvene i reformasjonshundreåret bygde på Luthers tyske omsetjing, ikkje på sjølve grunnteksta». Det vert nemnt at den nye svenske bibelomsetjinga frå 1917 kunne vere eit høveleg grunnlag, likeins den danske teologen Frants Buhls omsetjing av Det Gamle Testamentet frå 1910, og den islandske bibelomsetjinga frå 1914.

Bibelnemndi fekk rettane hos Bibelselskapet og Det Norske Samlaget og kunne såleis bruke dei tekstane som alt var prenta. Viktig var tekstane frå Det Nye Testamentet 1899 og tekstane som Seippel hadde omsett fram til 1920. Mange nye omsetjingar måtte til, og Peter Hognestad fekk vel eit tjuetal medarbeidarar som omsette store eller små tekstar frå Det Gamle Testamentet. Dei fleste var teologar, som Bernt Theodor Anker, Jon Mannsåker og Leonard Næss. Nokre hadde ikkje teologisk utdanning, som Kristian Aune, Arne Bergsgård og Erik Eggen.

Desse «lekfolka» skulle omsetje etter nyare nordiske bibelutgåver. Hognestad gjekk nøye gjennom alle tekstar, særleg frå Det Gamle Testamentet. Han var ekspert i hebraisk og hadde undervist i gammaltestamentlege fag på Menighetsfakultetet i Oslo 1908–1916. Gustav Indrebø korrigerte språket slik at det vart i samsvar med rettskrivinga frå 1901. Det vart avgjort at Bibelnemndi skulle stå som forleggjar, og at ei underavdeling av Bibelselskapet, Selskapet til Kristelige Andagtsbøkers Utgivelse, skulle ha bibelen i kommisjon. Dette kom då på tittelbladet og påfølgjande side.

Ved jonsoktider i 1921 var bibelen ferdig, og i juli kunne han lysast ut til sal: på vanleg papir med ein pris på frå 5 til 18 kr, på finare indiapapir frå 20 til 28 kr. Alle utgåvene hadde same format. Bibelen var prenta i 50 000 eksemplar, og i 1927 måtte eit nytt opplag med like mange til prentast. Ein siger var vunnen for målrørsla.

1938-bibelen

I 1930 kom det ein ny, revidert bibel på bokmål. Av teologiske og kyrkjelege årsaker var det tenleg med ei parallell utgåve på nynorsk. Bibelselskapet var no interessert i å få ut nynorskbibelen, og Ragnvald Indrebø tok i 1933 på seg oppgåva med å revidere førebels-bibelen frå 1921. Denne «endelege» utgåva kom ut i 1938.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg