Nesse debuterte som lyrikar i 1970 med diktsamlinga Av hav er du komen. Dikta i debutsamlinga er prega av referansar til verdslitteraturen – til Homer, meksikansk litteratur og fransk mellomalderlitteratur.
I den neste samlinga, Til ord skal du bli (1973), gir ho litterære portrett av ei rekkje av dei store i europeisk litteratur, frå Sapfo og Homer til Franz Kafka og Pablo Neruda, og av norske diktarar som Henrik Wergeland, Arne Garborg og Knut Hamsun. Særleg kjent er diktet «Camilla Collett».
Nesse skreiv dikt i både frie og bundne former, og ho nytta gjerne klassiske strofeformer som mønster, til dømes sonetten, balladen og folkevisa. I diktsamlinga Solstein (1976) går ho, i frie vers, tilbake til gamle mytar og livsformer i Mexico og dreg linene fram til dagens menneske. Ho leitar fram det menneskelege og tidlause i det eksotiske og framande.
Nesse blei for alvor ein publikumskjær lyrikar med diktsamlinga Vinterhuset (1981), som er dedisert «Til far og mor». Dikta handlar om heim og barndom på Jæren og først og fremst forholdet til foreldra i den siste livsfasen, då dei var på sjukeheimen. Poeten skriv innlevande og perspektivrikt om institusjonar for gamle og om det mentale livsrommet hos menneske som snart skal døy.
Da ho gav ut Lysår i 1985 skreiv Finn Jor i Aftenposten: «Bedre enn dette skrives det ikke i Norge.
Stor publikumsappell hadde òg dei siste diktsamlingane, For bare livet (1997) og Den tredje porten (2000), der Nesse skildrar kampen mot eigen sjukdom. Ho døydde av kreft i 2001. Dette er tankevekkjande tekstar med ein optimistisk grunntone, der diktaren hentar styrke og kraft i mytologi, kunst og i sjølve skrivinga. Mellom cellegiftkurane gjendikta ho dessutan førti dikt av Goethe, utgitt i Mitt hjarta slo (1999).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.