Artikkelstart
Åse-Marie Nesse var lyrikar, gjendiktar og universitetslærar. Ho var ein kjend omsetjar og gjendiktar då ho debuterte som lyrikar i 1970. Nesse var ein lærd og engasjert formidlar av klassisk europeisk danning og litteratur frå andre kulturar.
Nesse var fødd i Klepp på Jæren. Ho tok examen artium ved Rogaland offentlige landsgymnas på Bryne i 1952 og lærareksamen ved Oslo lærerskole i 1955. I 1963 blei ho cand.philol. med hovudfag i tysk ved Universitetet i Oslo. Ho arbeidde som lærar og adjunkt mellom studieperiodane, og frå 1963 til 2000 var ho universitetslektor, seinare førsteamanuensis, ved Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo.
Nesse var formann i Norsk PEN i mange år. Ho var medlem av Norsk kulturråd og medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening 1976–1981.
Nesse debuterte som lyrikar i 1970 med diktsamlinga Av hav er du komen. Forfattaren veksla mellom nynorsk og bokmål i ein forfattarskap som omfattar om lag 22 diktverk. Dikt i samling kom ut i 1999 (Samlaget). Hovudverket av gjendiktingane er Johann Wolfgang von Goethes Faust – Faust I (1993) og Faust II (1999).
Nesse fekk ei rad prisar, mellom dei Bastianprisen i 1967, Den tyske æresordenen Bundesverdienstkreuz i 1993, Doblougprisen og Nynorsk litteraturpris, begge i 1999. Ho blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2001. I 1999 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.