Faktaboks

Administrasjonssenter
Hyllestad
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
1 290 (2022)
Landareal
248 km²
Høgaste fjell
Risnesnipa (777 moh.)
Innbyggjarnamn
hyllestadsokning
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4637 (frå 01.01.2020, tidlegare 1413)

Kommunevåpen

Kart: Hyllestad kommune i Vestland
Hyllestad kommune i Vestland fylke.
Kart: Hyllestad kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Hyllestad

Hyllestad. Eldre naust i Buavika, med Lifjellet i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Hyllestad er ein kommune på nordsida av Sognefjorden i Ytre Sogn i Vestland fylke. Kommunen grensar i aust til Høyanger, i sør til Gulen, i vest til Solund og i nord til Fjaler. I 1862 vart kommunen skilt ut frå Askvoll (Hyllestad og Øn sokn) og Lavik (Bø sokn) i 1862. I 1888 vart eit mindre område overført til Solund, og etter det har kommunegrensene vore uendra.

Natur

Hyllestad sentrum.

Hyllestad.

Hyllestad omfattar landet omkring Åfjorden og dens to indre armar, Sørefjorden og Hyllestadfjorden. Fjordane skjer seg austover like nord for Sognefjordens munning. Frå sjølve Sognefjorden går dei to korte fjordarmane Lifjorden og Bøfjorden høvesvis austover og nordover. Heilt i nord skjer ein smal fjord, Skifjorden, seg austover parallelt med Åfjorden.

Fjordane deler kommunen opp i ei rekkje halvøyar. Til Hyllestad høyrer to større øyar, Skorpa sør for Åfjordens munning og Risnesøy midt i innløpet til Lifjorden, i tillegg til Sakrisøy på nordsida av innløpet til Åfjorden.

Hyllestadslandet har ei kystlinje på 106 kilometer. Landskapet er låglendt med enkelte fjell som stig bratt opp frå havet.

På ytre del av halvøya mellom Åfjorden og Lifjorden og på øya Skorpa består berggrunnen av devonsk sandstein og konglomerat som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet. Devonavsetningene utgjer Lihesten med Hyllestad sine høgaste parti: Risneisnipa på 776 meter over havet og Gygrekjeften på 714 meter over havet.

Skifrar finst langs sidene av Åfjorden og i dei indre fjordarmane, samt langs Lifjorden. I desse områda finst det meste av den dyrka jorda. I nord og aust finst gneis som tilhøyrer Gneisregionen, stadvis med magmatiske bergartar, særleg gabbro. Her er landskapet noko lågare og landskapsformene meir avrunda enn i devonområdene.

Busetjing

Busetjinga er forholdsvis jamt fordelt langs fjordsidene der terrenget ikkje er for bratt, og dessutan i det indre, lågareliggjande området mellom Åfjorden sit fjordarm Hyllestadfjorden og Bøfjorden. Øyane er fråflytta.

Kommunen har tre tettgrender: administrasjonssenteret Hyllestad inst i Hyllestadfjorden, Leirvik inst i Bøfjorden og Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden. Folketalet til kommunen har vore minkande sidan 1950. I tiårsperioden frå 1994 til 2004 var befolkningsnedgangen gjennomsnittleg 0,9 prosent årleg. Negativ befolkningsvekst er forventa å halde fram mot 2050.

Kart over Hyllestad kommune
Kart over Hyllestad kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Nesten heile jordbruksarealet er eng og beite. Storfe- og sauehald er dei viktigaste produksjonane i jordbruket, som ofte blir drive i kombinasjon med andre yrke. Fisket betyr lite, trass i den geografiske plasseringa til kommunen, men det finst fleire fiskeoppdrettsanlegg, særleg langs Åfjorden og Bøfjorden.

Skipsbyggjeriet Havyard Leirvik er den største bedrifta til kommunen. Elles finst plastvarefabrikk og byggje- og entreprenørverksemd, elektrisk bedrift, IT-bedrift og annan lokal retta næring. Bøfjordelva, som munnar ut i Leirvik, er utbygd i to kraftverk, og Nedre Svultingen (9 MW maksimal yting, 39 GWh i årleg middelproduksjon) ligg i Hyllestad.

Hyllestad hadde per januar 2021 ei arbeidsløyse på 3,3 prosent, noko som er under landsgjennomsnittet.

Samferdsel

Riksveg 57 fører frå Hyllestad nordover til Dale i Sunnfjord og sørover via ferjesambandet Rysjedalsvika–Rutledal over Sognefjorden til Bergen. Rysjedalsvika har elles anløp av ekspressbåtane mellom Bergen, Sogn og Nordfjord. Elles går det ferjesamband vestover til Solund (Rysjedal–Krakhella) på riksveg 606.

Austover langs Sognefjorden går riksveg 607 til Lavik i Høyanger. Denne vegen held fram til Hyllestad sentrum og vidare langs Sørefjorden nordvestover til områda ved ytre del av Dalsfjorden. Viktige fylkesvegar er 5653 over Lavikdal og 5650 til Lifjorden.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hyllestad kommunehus.

Hyllestad kommunehus.

Hyllestad høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet HAFS regionråd saman med Askvoll, Fjaler og Solund.

Hyllestad kommune svarer til soknet Hyllestad i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hyllestad til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hyllestad

For statistiske formål er Hyllestad kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman elleve grunnkrinsar: Skifjord, Vassenden, Skor, Åfjorddalen, Løland, Leirvik, Bø, Lifjorden, Hyllestad, Øen og Porten.

Historikk og kultur

Hyllestad kyrkje.

Hyllestad kyrkje med Lifjellet i bakgrunnen.

I Hyllestad vart det frå 700-talet og fram til 1930-åra produsert kvernsteinar, som mellom anna vart eksporterte til Danmark og Baltikum. Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter viser historisk produksjon av kvernstein.

Den Trondhjemske postveg gjekk gjennom kommunen, og fleire strekningar og bruer er no restaurert, slik som Foss bru, ei praktfull steinbru på heile 106 meter med 19 steinkar. Ved Skor bru frå 1806 der det bevart fem kvernhus og ei vassag som er restaurert.

Hyllestad kyrkje vart bygd i 1880 med døypefont i kleberstein frå omtrent år 1200. Bø kyrkje er frå 1868 og har kyrkjeklokka og døypefonten frå den gamle kyrkja. Øn kyrkje er frå 1958. Den gamle vart bygd i 1870, men brann ned etter eit lynnedslag i 1940. Alle kyrkjene er langkyrkjer i tre.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har tre kvernsteinar i sølv i skrå rekkje mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer jordbruk og møllesteinproduksjon.

Namn

Namnet Hyllestad er opphavleg gardsnamn, første ledd inneheld truleg eit fjordnamn Hylli eller Hyllir, av norrønt hylli, 'roleg eller vennleg stad', eller hylli, ‘velvilje'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kellmer, Inger Hellesøe og Finn Borgen Førsund: Hyllestad bygdebok, 1990-, to bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg