Dale (i Sunnfjord)

Dale.

Dale.

Artikkelstart

Dale er ein tettstad i Fjaler kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1187 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
1187 (SSB, 2020)
Landareal
1,1 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5622 Dale

Dale er administrasjonssenter i Fjaler kommune, og ligg i Sunnfjord, ved munninga av Vassdalselva på sørsida av Dalsfjorden.

Næringsliv

Tettstaden har skofabrikk og ein del annan industri. Dale Fabrikker frå 1876 er delt opp i Dale of Norway, som produserer ullprodukter, og Daletec, som produserer flammehemmende stoff til arbeidstøy. Dale kraftverk er frå 1927.

Samferdsle

Riksveg 57 går gjennom Dale og dannar samband med Ytre Sogn og Indre Sunnfjord. Det går bilferje over Dalsfjorden til Eikenes i Askvoll. Dalsfjordbrua (opna 14. desember 2013) er ei vegbru over Dalsfjorden som er ein del av Dalsfjordsambandet på fylkesveg 609. Det er ein del turisttrafikk.

Kultur

Dale er forfattaren Jakob Sandes fødestad. Dale kyrkje er ei langkyrkje i betong frå 1956; arkitekt var Arnstein Arneberg.

Kart

Dale
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg