Solund

Faktaboks

Landareal
219 km²
Innbyggertall
768 (2022)
Administrasjonssenter
Hardbakke
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
suling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4636 (frå 01.01.2020, tidlegare 1412)
Høyeste fjell
Krakhellenipa (569 moh.)

Kommunevåpen

Gåsvær i Solund.

Av .
Lisens: CC BY 2.0
Av /Store norske leksikon ※.

Solund. Utvær fyr på øya Utvær. Øygruppa Utvær er Noregs vestlegaste. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Solund er ein kommune og øygruppe i Ytre Sogn, Vestland fylke. Solund var den minste kommunen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

I 1858 vart kommunen skild ut frå Gulen kommune, som då heitte Evenvik. I 1888 vart to mindre område overførte til kommunen, eitt frå Hyllestad og eitt frå Askvoll. I 1964 vart det meste av Solund slått saman med Brekke, og eit mindre område av Gulen. I 1890 skifta kommunen namn frå Utvær til Solen, før kommunen i 1923 fekk sitt noverande namn. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964 då Losna, den austlegaste øya, vart overført frå Gulen.

I Solund ligg Noregs vestlegaste punkt, Holmebåen nord for Utvær, 4° 29ʹ 57ʹʹ austleg lengd. Holmebåen er overfløtt ved høgvatn, og derfor blir heller den vesle øya Steinsøy vest i Utvær rekna som det vestlegaste punktet.

Natur

Solund består av øyar på nordsida av Sognesjøen, som er Sognefjordens ytste del. Den største øya er Sula, som med 117,8 kvadratkilometer (km²) utgjer noko over halvparten av kommunearealet. Andre store øyar er Ytre Sula (34,7 km²), Steinsundøy (18,7 km²) og Losna (15,3 km²).

Solund er ei øygruppe med 1000 nakne øyar, holmar og skjer. Tronge fjordar og sund skjer inn mellom øyane, dei fleste med retning nord–sør. Farvatnet lengst ute er mange stader svært ureint med ein vrimmel av båar og skjer. Terrenget er kupert og når på Sula opp i 569 meter over havet på Krakhellenipa. Solund dannar ytste del av Sognefjorden der relieffet aukar.

Berggrunnen består i nesten heile kommunen av sandstein og konglomerat som tilhøyrer devonfeltene på Vestlandet. Laga fell mot søraust og med bratte stup mot nord og vest. Heilt i nord og sør ligg smale striper av eldre, underliggjande kambrosilurisk skifer. I nord er det òg eit lite vulkansk innslag i devonavleiringene.

Busetjing

Busetjinga er tettast på Sula og Ytre Sula med om lag 80 prosent av folkemengda. På vestsida av Sula ligg kommunens einaste tettstad, administrasjonssenteret Hardbakke. Utvær er Noregs vestlegaste bebudde i øy. I dag er Solund ein populær feriestad.

I tiårsperioden 1996–2006 gjekk folkemengda tilbake med 17,3 prosent mot 1,0 prosent for fylket samla sett. Solund hadde den sterkaste nedgangen blant kommunane i fylket i denne perioden.

Næringslivet

Næringslivet har til alle tider vesentleg vore basert på fiske, og spesielt har sildefisket vore viktig. Frå 1960-talet er oppdrett ei stor næring. Det blir litt drive storfe- og sauehald, men bruka er hovudsakleg små. Industrien består i hovudsak av transportmiddelindustri ved bygging og reparasjon av båtar. Arbeidsløysa i januar 2016 var 1,0 prosent, som var den lågaste i heile Sogn og Fjordane.

Samferdsel

Solund har ekspressbåtsamband med Bergen og Florø/Selje. Det går bilferje frå Krakhella på austsida av Sula til Rysjedalsvika og Rutledal, høvesvis nord og sør for Sognefjordens munning. Riksveg 606 går frå Krakhella over Sula og er via bruer knytt til Steinsundøy og Rånøy. Herfrå går det bilferje over Ytre Steinsund til Ytre Sula, der fylkesveg 5591 held fram til Kolgrov og Hjønnevåg på vestsida og til Ytrøy på nordspissen av øya. I Ytre Steinsund går skipsleia. Lengst i vest ligg Utvær kystfyr og noko nord for dette Noregs vestlegaste punkt Holmebåen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Solund høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet HAFS regionråd saman med Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Solund kommune svarer til soknet Solund i Nordhordland prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja. Soknet blei overført til Nordhordland i 2014.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Solund til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Solund

For statistiske formål er Solund kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman tolv grunnkrinsar: Indrevær/Utvær, Hjønnevåg, Kolgrov/Trovåg, Storøy/Dalesund, Strand/Oddekalv, Hardbakke, Nesefjord, Krakhella, Losna, Austrefjord/Dunebefjord, Hersvik og Færøy/Leknessund.

Kultur

Utvær er tidlegare losstasjon, fiskevær og kyrkjestad frå mellomalderen. Det 31 meter høge Utvær fyr frå 1900 er eit kjent seglingsmerke. Lågøystolane er steinblokker som dannar eit kjent seglingsmerke på Stoleneset på Lågøy. Losnaspelet på Losna vart første gong framført i 1998.

Avisa Firda vert redigert frå Førde, men dekkjer alle kommunane i Sunnfjord og er den mest lesne avisa i Solund. Avisa vart grunnlagd i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har fem blå spissruter mot ein sølvblå bakgrunn. Motivet sin bakgrunn finst i Losna-ætta sitt våpen.

Namn

Første ledd i namnet kjem av norrønt sól, ‘fure, innsnitt’, og -und, ‘som er forsynt med’. Dette er det opphavlege namnet på øya Sula.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Steinsøy, Alf: Solund, gards- og ættesoge til 1980, 1982, to bind.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg