Faktaboks

Kristiane Lund

Kristiane Augusta Gotfredsdotter Lund. «Tulla Lund».

Fødd
3. august 1889, Bø i Telemark
Død
23. desember 1976, Bø i Telemark
Kristiane Lund
Kristiane Lund på veg or heimen for å spela for Nes Nasjonale Dansarring i 1965.
Kristiane Lund
Av .

Kristiane Lund var ein felespelar og folkedansar frå i Telemark. Ho er rekna som ein av Noregs fremste utøvarar på hardingfele og livnærte seg som formidlar av norsk slåttemusikk og folkedans for eit stort publikum frå tideleg 1900-talet og fram til ho døydde i 1976.

Som hardingfelespelar var ho ei føregangskvinne. Både som aktiv konsertutøvar, kappleikspelar og kappleiksdommar. I tillegg var ho den fyrste kvinna som spelte inn hardingfele på grammofonplater. Lund var ein pioner innan hardingfeletradisjonen som bana veg for komande generasjonar kvinnelege felespelarar.

Oppvekst

Kristiane Lund
/Kjetil Straume.

Kristiane var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Foreldra Godtfred Jakob Lund (1840–1929) og Elise Lund (1843–1895) kom opphavleg frå Skien før dei busette seg i Bø. Då Kristiane var seks år gamal døydde mora av tuberkulose, og den atten år eldre systera Inga Karoline Lund (1877–1964) tok hand om Kristiane og familien. Faren Godtfred Lund dreiv krambu i Bø og eit mindre sagbruk. Kristiane gjekk i vanleg folkeskule, men tok aldri høgare utdanning og var sjølvlært i hardingfelefaget.

Hardingfela hadde høg status i Bø då Lund vaks opp, og var ein viktig del av folk sin kvardag. I Bø fanst det ein rik og levande slåttetradisjon med mange framifrå utøvarar og hardingfelemakarar. Lund vaks sjølv opp i ein musikalsk heim, der både far hennar og dei to eldre brørne, Otto Nikolai (født 1875) og Einar Lund (1882–1954) spelte hardingfele.

Læretida

Tre hardingfelespelarar i Bø

Til venstre for Kristiane står broren Einar Lund, til høgre ven og læremeister Gunnulf Borgen.

Då ho var seks år, kjøpte faren fele til ho, og den fyrste læretida fekk ho gjennom sin eigen familie. Særleg lærte ho mykje av bror Einar, som ho også seinare heldt konsertar med. I heimen deira på Kyrkjebø, og i krambua til faren, samla mange andre felespelarar seg, og Lund fekk jamleg musikalsk påfyll frå omjevnader ho hadde i Bø og omland.

Seinare gjekk ho i lære hjå mellom andre Gunnulf Borgen (1881–1953), der ho i hovudsak tileigna seg «Fykerudspel» etter Lars Fykerud (1860–1902). I tillegg til jamgamle Eilev Smedal (1889–1938), lærte ho også av Halvor Flatland (1853–1929). Såleis fekk Lund også med seg «Myllarspel» etter Torgeir Augundson. Ho tileigna seg eit stort og variert repertoar frå ulike geografiske område i Telemark og hadde eit framifrå handverk både når det kom til repertoar, teknikk og historisk oversyn.

Kappleik

Tevling i slåttespel vart svært populært då Lund var ungdom, og ho debuterte sjølv på kappleik fjorten år gamal på Notodden i 1902. Lund og jamaldringen Bergit Bråten (1889–1942) frå Hjuksebø var då dei einaste jentene i tevlinga. I 1909 debuterte ho i eldste klasse og vann.

Lund var åleine som kvinneleg deltakar i mange år frametter og utkonkurrerte mange av dei etablerte meistrane som til dømes sin eigen læremeister Gunnulf Borgen, Ketil Flatin, Svein Løndal med fleire. Alle hennar gode utteljingar, «femtiéin 1. premiar og éin 2. premie», som ho med glede påpeikte, oppnådde ho frå ho debuterte og til ho gav seg i 1932. Då ho tok sin tredje og siste vandrepokal og hadde slått dei fremste spelarane i samtida frå Telemark, sa ho: «No har eg nådd målet!»

Seinare var Lund aktiv som kappleiksdommar og omtalt som «streng, men vennleg». Som utøvar var ho konservativ og svært oppteken av å verna om «nasjonalspelet», som ho konsekvent kalla slåttemusikken, og sa: «Tuklar ein det til er det ikkje heldigt!» Samstundes var ho som mange andre i sin generasjon felespelarar ikkje redd for å læra seg annan musikk, som gamaldans eller andre typar populære melodiar og songar frå radio og grammofonplater. Ho tileigna seg også mykje slåttar og felestiller frå andre tradisjonsområde kring Noreg og bruka desse jamleg i sine framføringar.

Det spelande livet vidare

Kristiane Lund

Kristiane Lund

Av /Digitalt Museum.

I 1919 spelte Lund inn sine to fyrste 78-plater i Oslo for The Grammophone Company Ltd. (seinare His Masters Voice). Ho er såleis den fyrste kvinnelege hardingfelespelaren som spela inn solo hardingfele på grammofonplater i norsk folkemusikkhistorie. I 1931 vart Folkemusikkhalvtimen etablert av Eivind Groven og NRK, og Lund spelte inn totalt nittiseks einskilde slåttar for dei i åra mellom 1939 og 1958. Å spela for NRK tykte ho var ærefullt, og når ho gjesta studio i Oslo, kalla dei ho «Dronninga frå Telemark». Det var truleg fordi ho, ulikt andre gjester, alltid kom staseleg kledd med hårband, kvardagsbunad, søljer, silkesjal og felekasse i handa.

Det seiest at Lund aldri kjende seg fortruleg med å stå på ei scene. Likevel gjorde ho ikkje stort anna og spelte offentleg alt som sjuåring. Det var lenge hennar varemerke med såkalla konsertspel – eit repertoar og ei form for framføring inspirert av kunstmusikkens konserttradisjonar. Det låg i tida, ervd frå då Myllarguten debuterte på konsertscena i Losjen i Kristiania 15. januar 1849.

At ei kvinne turnerte som hardingfelesolist slik Lund gjorde i fyrste del av 1900-talet, vekte åtgaum. Spelferdene føregjekk i all hovudsak i Sør-Noreg, og mest på austlandet. Mange forsamlingshus dukka opp på dei tider, og både ungdomslag og mållag var viktige oppdragsgjevarar. Ho sa sjølv at ho i tillegg hadde spelt i over hundre bryllaup, medan utanlands var ho berre éin gong, til Torshavn på Færøyane i 1911.

Hennar sosiale teft og kvikke humor var truleg ei føremon for hennar «nettverksbygging» som frilansmusikar. Fekk ho ikkje nok førespurnader, arrangerte ho alt sjølv: leigde lokale, ringte avisene og fekk med seg venninner og «tilsette» dei som medarbeidarar og billettørar. Alle hennar kappleikssigrar, grammofoninnspelingar, radio- og etter kvart TV-sendingar hjelpte også på den store etterspurnaden ho røynde, og Lund vart såleis ein landskjend felespelar. Ho var ikkje framand for å tilpassa seg sitt publikum. Til underhaldning i festar og lag spela ho ofte annan musikk i tillegg til slåttar, som ulike melodiøse tonestykker, salmetonar, eller ho framførte populære melodiar som folk høyrde i radioen, og gav dei eit «slåtteaktig» preg i uttrykket.

I telefonkatalogen hadde ho sytt for at det stod: «Lund, Kristiane, felespelar». «Spelemann» kalla ho seg aldri for, mest fordi felespelar tykte ho var gjævare, som «violinist».

Dansarring og beltestakk

Lund var i tillegg til konsertspelet ein svært omtykt dansespelar og var også folkedansar. Åra under andre verdskrig var det ikkje lovleg å halda offentleg dans og konsertar anna enn i regi av NS sitt godteke propagandaprogram. Lund hadde då ingen offentlege framføringar, men spelte i bryllaup og andre private høve. Etter krigen tok Lund for alvor opp att spelet, men gullalderen for solokonsertar var på hell. Lund måtte dimed finna nye måtar å brødfø seg på. I tillegg til at slåttespelet mista sin posisjon, mista også folkedansen gradvis sin posisjon utover 1930- og 1940-åra. Krigsåra sine danse- og festforbod hadde ikkje hjelpt på, og nye dansar kom på moten som overtok for bygdedansen.

Som følgje av dette gjorde Lund opptak til at Bø nasjonale dansarring vart skipa i 1947, og med dette starta ho ei rad dansekurs, kappleikar og framsyningar. I tillegg stod ho på for etablering av Spelemannslaget Bøheringen og skipa og leia Nes nasjonale dansarring frå 1951. Den karismatiske spelkvinna hadde ein heilt eigen teft med ungdomar. Lund fekk dimed også opp interessa og rekrutteringa for folkedansen i Bø og omland i mange år frametter. At ho likte seg med yngre folk, er tydeleg då hennar åttiårsdag vart feira, og Lund spurde ei på festen: «Hå gjer alle dom gamle her?». Ho fekk forklart at dei var hennar gjester, men svara så: «Eg likar ikkje gamle følk».

Lund såg på spel, dans og bunad som heilskap, og alle i dansarringen måtte kle seg i bunad ved oppvisningar. «Eg gjer alt for å fremje felekunsten, men skal ein halde den ved lag, må ein danse etter den i bunader. Då held vi folkeliv og er nordmenn», sa Lund. Frå midten av 1950-talet slost ho saman med Anne Hørte Hellstrøm for at beltestakken igjen skulle takast i bruk som festplagg. I dag er denne drakta vorte svært populær i Telemark. Ho gjekk forøvrig sjølv med stakk og liv og hårband, kvar dag, heile året, heile sitt liv.

Livet utanom det spelande liv

Lund vart 29. juni i 1925 gift med dansar og spelemann Gunnar Halvorsen Bergskås (1896–1935) og flytta nokre år frå Bø til Liheia, der Gunnar hadde gard. Kristiane tok då namnet Bergskås, men heldt kunstnarnamnet «Kristiane Lund» vidare som offentleg spelar. Mannen døydde brått av kullosforgiftning i 1935, og dei fekk aldri barn saman. Ho flytta etter kvart heim att til Bø i 1940 og levde vidare i barndomsheimen på Kyrkjebø til dess ho døydde.

På Kyrkjebø fekk ho jamleg besøk heile livet sitt frå både yngre og eldre folk. Ho var ei god kjelde, og mange kom for å læra og rådføra seg om spel. Kristiane var sjenerøs med seg sjølv, likte å fortelja og hadde alltid «ope hus». Samstundes var ho ein utolmodig læremeister og kunne vera selektiv med kva ho delte frå seg til kven, alt etter kva spelgåver ho meinte dei hadde.

På slutten av 1960-talet byrja minnet hennar å svikta, og ho opplevde jarnteppe på framføringar av spel ho hadde kunne heile livet. Siste gong ho spela offentleg var under kappleiksdagane i Oslo i 1972 på Folkets hus. Kristiane vart meir og meir dement etter den tid og døydde på sjukeheimen i Bø vesle jolaftan i 1976, 87 år gamal. Ho såg og tenkte på seg sjølv som utøvar heile livet. I etterlatne papir i heimen hennar fann dei ein lapp der ho hadde notert ned eit sitat av spelemannen Torkjell Haugerud: «Musikken skal gjera oss gode og glade».

Verk

Eigne komposisjonar

  • Vårstemning – til minne om broren Einar Lunds bortgang i 1954
  • Halling
  • Regnbogen
  • Telemarksvalsen

Innspelingar

  • 96 einskilde innspelingar i NRK
  • Grammofoninnspelingar for The Grammophone Company Ltd (seinare His Masters Voice), 1919
  • Gamle meisterspelemenn på 78 plater III, Kristiane Lund, hardingfele. Reutgjeving av eldre grammofonplate-innspelingar ved Buen Kulturverkstad, 1988

Prisar og utmerkingar

  • Ei rekke 1. premiar på diverse kappleikar i tidsrommet 1909–1932
  • Myllargutens æresmedalje i sølv, 1957
  • Kunstnarløn frå Bø herad, 1962. Ho mottok også seinare kunstnarløn frå Telemark Fylke.
  • Torkjell Haugerud-prisen, 1970. Kristiane Lund er den einaste kvinna som har motteke denne prisen.
  • Heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn (Folk Org), 1971
  • Sauherad kommunes kulturpris, tildelt Nes nasjonale dansarring, 1972
  • Hallingdal Fylkeslag medalje for spelemenn
  • Svein Dales minnesmedalje

Litteratur

  • A. Storesund: Spelemenn og felemakarar i Bø gjennom tidene, nettartikkel ved Folkemusikkarkivet i Telemark.
  • Hardanger Folkeblad, intervju med Kristiane Lund 23. juni 1971.
  • G. Hedlund: Kristiane Lund. Bogestrok frå eit spelemannsliv, 1989.
  • S. Henneseid / G. Nordbø: Bø-soga II, Telemark. Gards- og ættesoga band I, 1972.
  • I. Skobba. Å hildrande du. Nes Nasjonale Dansarring 1951-2001, 2001.
  • K. Straume, intervju med artikkelforfattar i 2015.
  • N. Flatland, intervju med artikkelforfattar i 2015.
  • NRK Folkemusikkhalvtimen, intervju med Kristiane Lund ved Rolf Myklebust, 1958.
  • R. Myklebust. Femti år med folkemusikk, 1982.
  • www.fela.no

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Kristiane Lund
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036526000629

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg