Faktaboks

somali
Språkeksempel

Aadanaha dhammaantiis wuxuu dhashaa isagoo xor ah kana siman xagga sharafta iyo xuquuqada Waxaa Alle (Ilaah) siiyay aqoon iyo wacyi, waana in qof la arkaa qofka kale ula dhaqmaa si walaaltinimo ah.

Språkeksempelkjelde

Første artikkel i Verdsfråsegna om menneskerettane på somali

Eige namn
Soomaali
Norsk namn
Somali
Engelsk namn
Somali
Etymologi

av somalisk Soomaali 'somaliar'

Uttale

som'ali

Status

Offisielt språk i Somalia og Etiopia, og nasjonalt språk i Djibouti og i det nordaustlege Kenya

Førstespråksbrukarar
22 millioner
Skriftsystem

latinsk alfabet (andre alfabeter blir også brukt)

Språkkodar
so, som
ISO-639:3
som
Den geografiske utbreiinga til det somaliske språket

Somali, høyrer til den kusjittiske greina av den afroasiatiske språkfamilien.

Somali er førstespråket (morsmålet) til om lag 22 millionar menneske og andrespråket til noko over 100 000 menneske. Dei fleste bur i desse fire landa på Afrikas Horn), det vil seie det nordlege Aust-Afrika:

Land Førstespråkstalarar
Somalia 11,2 millionar (2019)
Kenya 2,2 millionar (2019)
Etiopia 6,7 millionar (2018)
Djibouti 0,6 millionar (2019)

Det finst store utvandra grupper i over tjue land, mellom anna 43 600 i Noreg (2021), der somaliarane er blant dei største ikkje-vestlege minoritetsgruppene.

To femdelar av dei somalitalande er bønder som bur i det sørlege og nordvestlege Somalia, der det er nok nedbør til å drive jordbruk. Dei resterande tre femdelane er nomadiske gjetarar.

Somali er offisielt språk i Somalia, ved sida av arabisk. Standard-somali blir nytta som skriftspråk over heile det somalitalande området på Afrikas Horn, og det blir brukt i undervisning, administrasjon og massemedia.

På somali heiter språket Af-Soomaali [æ̀f sɔ̀ːmɑːlɪ̀] eller Afka-Soomaaliga. Ordet afafka i bunden (bestemt) form — tyder 'munn' og 'språk'.

Språkfamilie

Somali høyrer til den låglands-austkusjittiske gruppa av dei kusjittiske språka, som blir klassifisert som ei grein av den (hypotetiske) afroasiatiske språkfamilien. Einaste kusjittiske språk med fleire talarar enn somali er oromo (37,5 millionar) – òg eit låglands-austkusjittisk språk.

Dialektar

Somalisk har stor dialektvariasjon. Dialektane er ikkje grundig utforska, men det er vanleg å operere med tre hovuddialektar:

  • benaadir — langs Indiahavet frå Mogadishu (somali Muqdisho) og nordover til Hobyo og eit stykke innover i landet, nesten til Etiopia
  • maay — sønnanfor Mogadishu og nesten ned til Kismaayo
  • nord-somali — det noko misvisande namnet på dei relativt einsarta dialektane i resten av det somaliske språkområdet, medrekna Kenya, Etiopia og Djibouti
Nord-somali og benaadir er stort sett innbyrdes forståelege, mens maay skil seg så sterkt frå dei to andre at den innbyrdes forståinga er lita.

Standard-somali

Standard-somali — det standardiserte skriftspråket — byggjer nordsomali, som stort sett blir tala av nomadar, i motsetnad til benaadir og maay, som blir snakka av bufaste bønder.

Standard-somali blir brukt som lingua franca mellom folk som talar maay og dei andre dialektane.

Språkhistorie

Sjølv om somali fram til 1900-talet først og fremst var eit talespråk, har det lange tradisjonar som skriftspråk i det arabiske alfabetet. På 1200-talet utvikla Sheekh Yuusuf Al Kawnayn ein eigen variant av det arabiske alfabetet, far wadaad 'presteskrift', som var tilpassa det somaliske lydsystemet. Far wadaad blei nytta for å skrive ned det tradisjonelle somaliske lovverket (somali xeer [ħeːr]), bøner og poesi. Far wadaad blei forbetra fleire gonger på 1800–1900-talet.

Forbetringar av far wadaad blei presenterte i 1887, 1919, 1938 og på 1950-talet. Det har også blitt laga fleire eigne alfabet for å skrive somali.

Framleis blir somali til dels skrive med det arabiske alfabetet. Det var ein lang og oppheta debatt om kva for alfabet språket skulle skrivast med, men språket fekk ei offisiell rettskriving i det latinske alfabetet i 1972, da det òg fekk status som offisielt språk i Somalia attåt arabisk, til erstatning for italiensk og engelsk.

Lydsystem

Konsonantar

Standard-somali har 22 konsonantfonem, b d dh g q ’ t k f s sh kh x h c j m n r w l y. Bokstavane har om lag same uttale som i IPA, bortsett frå dh [ɖ], q [ɢ], [ʔ], sh [ʃ], kh [χ], x [ħ], c [ʕ] og j [ʤ~ʧ].

Vokalar

Ortografisk skil somali mellom fem korte og fem lange vokalar, men kvar av dei har to uttalemåtar:

A B A B
i [i], ii [iː] i [ɪ], ii [ɪː] u [ʉ], uu [ʉː] u [u], uu [uː]
e [e], ee [eː] e [ɛ], ee [ɛː] o [ɞ], oo [ɞː] o [ɔ], oo [ɔː]
a [æ], aa [æː] a [ɑ], aa [ɑ]

Skrivemåten duul står for både [dʉːl] 'fly!' og [duːl] 'angrip!'. Somali har ein type vokalharmoni der ord inneheld berre A-vokalar eller berre B-vokalar, som ikkje kjem fram ortografisk.

Tonar

Somali er eit tonespråk, og skil mellom ein høg og ein låg tone. Tonane er ikkje merkte ortografisk. I eksempla nedanfor er høg tone merkt med akutt aksent (´) og låg tone med gravis aksent (`):

  • 'med', 'éin', ínàn 'gut', ìnán 'jente'
  • Sòòmáálì 'somaliar', Sòòmààlí 'somaliarar', náàs 'bryst'

Morfologi

Substantiv

Somali har to genus, maskulinum og femininum, som viser seg ved verbet det står som subjekt til og i bøyinga av substantivet. Bunden (bestemt) form av maskuline substantiv suffiksa - eller -kíí og feminine suffiksa - eller -tíí:

  • Maskulinum: nín 'ein mann' — nínkà / nínkíí 'mannen'
  • Femininum: náág 'ei kvinne' — náágtà / náágtíí 'kvinna'

Teljelege substantiv skil mellom eintal og fleirtal. Fleirtal kan uttrykkjast på fleire vis, med suffiks og tonar:

  • náág 'kvinne' — nààgò 'kvinner'
  • bààbúùr 'lastebil' — bààbùùrrò 'lastebilar'
  • áf 'munn, språk' — àfàf 'munnar, språk'

Somali har fire kasus: nominativ, akkusativ, genitiv og vokativ. Ved dei fleste substantiv er dei tre første kasusa berre skilde frå kvarandre med tonar:

genus tyding nominativ akkusativ genitiv
maskulinum 'gut' ìnàn ínàn ìnán
femininum 'jente' gàbdhò gàbdhò gàbdhó

I grammatikkar over kusjittiske språk er det tradisjon å kalle akkusativ for «absolutiv» og nominativ for «subjekt-kasus».

Verb

Det somaliske verbet har éi infinitt form (infinitiv) og 10 finitte former. Dei finitte formene kongruerer med subjektet i person, numerus (tal) og genus. Dei finitte formene er skilde frå kvarandre i modus, tempus og aspekt.

Syntaks

Nomenfrasar

I ein somalisk nomenfrase står til vanleg overleddet (hovudet) først og er følgt av attributtar (adledd):

  • dál 'land'
  • dálkà 'landet'
  • dálkà wéỳn 'det store landet'
  • dálkà ân tégàyó 'landet som eg skal reise til'

Setningar

Somali er eit SOV-språk, som vil seie at subjektet til vanleg kjem først, verbalet til slutt, og objektet (og eventuelle andre ledd) mellom:

Subjekt Objekt Verbal
Nínkíí báà gààdhígíí cùsbáá wàtáý
Mannen FOKUS bilen nye køyrde

'Mannen køyrde den nye bilen'

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Owen, Martin 1995. Colloquial Somali. London and New York: Routledge.
  • Saeed, John 1999. Somali. John Benjamins Publishing Company.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg