kvad

Kvad er dikt med eldre nordisk språk og metrikk. Omgrepet er særleg brukt om norrøne eddakvad og skaldekvad, men det kan også brukast om færøyske folkeviser. I arkaiserande stil er det dessutan brukt om andre, moderne dikt, gjerne i gamal og høgtideleg stil.

Ordet kvad er eigentleg eit verbalsubstantiv til verbet kvede ('seie'). Det finst ikkje i norrønt, men blei i eldre tid brukt i danske dialektar om viser og stev. Rundt 1800 blei ordet teke opp av romantikarane og brukt for det norrøne ordet kvæði.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg