Artikkelstart
Dari er eit språk som høyrer til dei iranske språka i den indoeuropeiske språkfamilien, det er ein ein variant av nypersisk (farsi). Dari er førstespråket til over 24 millionar menneske i Afghanistan, eller til halvparten av innbyggjarane. Det finst òg over 1 million daritalande i Pakistan.
Faktaboks
- Uttale
- dˈari
- Språkkoder
- prs (PRS)
- ISO-639:3
- prs
Dari er i tillegg til pasjto offisielt språk i Afghanistan og det viktigaste lingua franca i landet.
Endonymet for språket er darī دری. Dari er førstespråket til tre etniske grupper i Afghanistan: tājīk ﺗﺎﺠﻴﻚ 'tadsjikar', hazāra ﻩﻫﺰﺍﺭ 'hazaraer' og aymāq ﺍﻳﻤﺎﻕ 'aimaqar'. Ein person frå Afghanistan heiter afɣān ﺍﻓﻐﺎﻥ 'afghan(ar)', og landet heiter Afɣānestān ﺍﻓﻐﺎﻧﺴﺘﺎﻥ 'Afghanistan', med hovudstaden Kābol ﻛﺎﺑﻞ 'Kabul'.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.