Gudbrandsdalsmåla er austnorske dialekter som blir brukte i Gudbrandsdalen, og som blir rekna til midlandsmåla. Dalen er 20 mil lang, og naturleg nok er talemålet noko ulikt i ulike delar av dalen. Nokre fellestrekk, ikkje minst i lydklang, tonegang og talemusikk, gjer at ein likevel kan snakka om et einskapleg og heilsleg mål. Typiske trekk er kløyvd infinitiv og jamning i tostava ord.
Dialektene i Gudbrandsdalen har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Dette systemet inneber at infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk (overvektsorda) får endinga -e (å bite), medan dei med kort rotstaving i norrønt (jamvektsorda) får endinga -a (å væta).
Jamvektsinfinitivane får i Gudbrandsdalen ofte jamning av vokalane til å-å. Det heiter å fårå (fara), å sågå (saga), å lågå (laga). Også dei svake substantiva av jamvektstypen får jamning og å‑ending: ein mågå (mage), ein hågå (hage), ein hånå (hane). Jamvektsord der norrønt hadde vokalen i eller e i rotstavinga, får likevel ikkje å-ending. Det heiter å væta (vita), ein bæta (bete) og ein sæLa (sele).
Dei nemnde formene med å-å i til dømes infinitivane (å fårå, å lågå) skil gudbrandsdalsmålet frå flatbygd-målet i sør, som har a-a i slike ord. Eit anna særdrag som skil dialekta i Gudbrandsdalen frå dialektane i sør og aust, gjeld fortidsforma og partisippet av a-verba. I Gudbrandsdalen seier ein ho kasta og ho har kasta, ikkje kaste som det heiter i Ringsaker-dialekta. Gudbrandsdalsmålet har elles former som helg og berg, der dialektene i sør har hæLj og bærj. Frå valdresdialekta skil Gudbrandsdalen seg ved bruken av palataliserte konsonantar i ord som bæill (ball), mæinn (mann) og ræidd (redd), likt det ein finn på Hedmarken. Slike former finst ikkje i Valdres. I nord støyter gudbrandsdalsmålet på dialektene i Romsdal og på Sunnmøre, som er e-mål (infinitiv på -e), og dialektene i Sør-Trøndelag, som er apokopemål (med former som å kast, å skriv og så bortetter).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.