Ringebu er ei jordbruksbygd, med hovudvekt på husdyrhald. Også skogbruket betyr ein del, i 2018 blei det avverka 37 000 kubikkmeter skog, hovudsakleg gran. Landbruket utgjer grunnlaget for mykje av industrien, med mellom anna stort meieri på Frya industriområde (Tine) og fleire trelast- og trevarebedrifter både i Fåvang og i Ringebu (sag og høvleri, mellom anna hus- og hytteproduksjon). Næringsmiddel- og trevareindustrien hadde begge 39 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2004. Også steinindustrien nyttiggjer lokale råstoff. Det er elles noko plastvare-, metallvare- og metallindustri i kommunen.
Kvitfjell alpinanlegg i Kvitfjellet opna i 1991 og blei nytta til utfor og super-G under OL på Lillehammer i 1994. Det blir arrangert årlege verdscuprenn i Kvitfjell. Ringebu er elles ein av dei største hyttekommunane i Innlandet fylke, med 4369 hytter i 2022. Store område er i seinare år lagde ut til hyttebygging; i perioden 2006–2022 auka talet på hytter og fritidsbustader med 36 prosent.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.