Borgarrettsrørsla voks fram midt på 1950-talet som eit svar på langvarig diskriminering av afrikansk-amerikanarar. Lovgivinga under og i etterkant av borgarkrigen (1861–1865) skulle garantere likestilling mellom svarte og kvite i USA. I samband med atterreisinga i sørstatane etter krigen sette sigerherrane i nord i gang ein storstilt reformpolitikk.
Reformene havarerte, og mot slutten av 1800-talet kom det på plass ein formell samfunnsorden, kjent som Jim Crow. Dette samfunnssystemet bygde på segregeringsprinsippet. Segregering innebar at hudfargen, eller rase i datidas ordbruk, var avgjerande for den politiske og sosiale organiseringa av samfunnet.
I 1896 godkjente den amerikanske høgsteretten Jim Crow og meinte at segregering ikkje var i strid med menneskerettsgarantiane i grunnloven. Så lenge det eksisterte like tilbod, når det gjaldt ulike samfunnssektorar som utdanning og transport, var ikkje segregering i strid med grunnloven.
I realiteten eksisterte åtskilde institusjonar for svarte og kvite som var svært ulike, slik at at afrikansk-amerikanarar fekk eit tenestetilbod som var langt dårlegare enn det dei kvite fekk.
I kjølvatnet til høgsterettsdomen vart segregering meir omfattande, og mange svarte vart fråtekne røysteretten i sørstatane. Formell segregering spreidde seg, mellom anna til hovudstaden Washington, D. C. Lynsjing av afrikansk-amerikanarar nådde høgdepunktet i mellomkrigstida.
Afrikansk-amerikanarane sin kamp mot diskriminering var i denne utsette situasjonen retta mot å avskaffe lynsjing, men sjølve segregeringspolitikken kom også i søkelyset. Afrikansk-amerikanarar og kvite, progressive politikarar og juristar organiserte seg i 1909 i National Association for the Advancement of Colored People (NAACP).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.