Austronesiske språk er ein språkfamilie som blir snakka frå Madagaskar i vest via Indonesia, Filippinane, Ny-Guinea, Salomonøyane og New Zealand til Hawaii og Påskeøya i aust.

Faktaboks

Uttale
austronˈesiske språk
Også kjend som

tidlegare kalla malayo-polynesiske språk

Velkjende austronesiske språk er gassisk, malayisk / indonesisk, javanesisk, sundanesisk, tagalog / filipino, cebuano, samoisk, hawaiisk, rapanuisk, tahitisk og maori.

Med over 1 250 språk er den austronesiske språkfamilien den nest største i verda, berre slått av den afrikanske niger-kongo-familien, som har kring 1 400 språk. Omkring 300 millionar menneske har eit austronesisk førstespråk.

Seksten statar i dette området har eit austronesisk språk som einaste eller eitt av fleire nasjonale eller offisielle språk, her nemnde alfabetisk, med det aktuelle språket i parentes:

Gjennom dei siste 200 åra har det blitt føreslått slektskap mellom austronesisk og ei lang rekkje andre språkfamiliar, utan hell. Ingen har lagt fram systematiske analysar som held mål innanfor rammene av den historisk-komparative metoden.

Inndeling

Språkfamilien har ti hovudgreiner, og av desse høyrer dei ni første heime på Taiwan. Tala i parentes viser kor mange språk ein kjenner til i kvar grein, medrekna nokre utdøydde:

  1. Atajalisk (2)
  2. Austformosisk (6)
  3. Pujuma (1)
  4. Paiwan (1)
  5. Rukai (1)
  6. Tsouisk (3)
  7. Bunun (1)
  8. Vestslettespråk (3)
  9. Nordvestformosisk (3)
  10. Malayopolynesisk (1234)

Variasjonen mellom språka i denne familien kan jamførast med den ein finn i den indoeuropeiske språkfamilien. Det vil seie at likskapen jamt over er relativt tydeleg.

Formosiske språk

Dei ni greinene av austronesisk på Taiwan
Av .
Lisens: CC BY-SA 4.0

Dei formosiske språka — gruppe 1–9 — blir snakka av urfolka på Taiwan, der dei utgjer under 2,4 % av innbyggjarane. 7 av dei 21 språka i dei ni formosiske greinene er utdøydde.

Kartet til høgre viser kvar på øya dei ulike språka blir eller blei tala. Dei ni formosiske gruppene er ikkje nærmare i slekt med kvarandre enn kvar av dei er med gruppe 10, malayopolynesisk, som er den største gruppa — sjå neste avsnitt.

Taiwan som den austronesiske «urheimen»

At språka i ni av dei ti hovudgreinene av den austronesiske språkfamilien berre blir tala på Taiwan, gjer det svært sannsynleg at Taiwan er den austronesiske «urheimen» — området som denne språkfamilien har spreidd seg frå. Fleire forskarar meiner austronesisktalande folk kom til Taiwan frå Sør-Kina for kring 5000–6000 år sidan.

Ord for flora, fauna og naturformasjonar som er rekonstruerte for uraustronesisk (det austronesiske grunnspråket) peikar også ut Taiwan og det nære kinesiske fastlandet som området med flest av dei plantene og dyra som det finst ord for i uraustronesisk. Detter er ein forskingsteknikk som har vore nytta i mellom anna indoeuropeisk språkforsking, og er kjend som «Wörter und Sachen» (ord og ting) eller lingvistisk paleontologi. Pioneren i austronesisk samanheng var den nederlandske lingvisten og orientalisten Hendrik Kern (1833–1917), som i 1889 gav ut artikkelen «Taalkundige gegevens ter bepaling van het stamland der Maleisch-Polynesische volken» (Språkvitskaplege opplysningar til fatsetjing av opphavet til dei malayopolynesiske folka; sjå litteraturlista).

Malayopolynesiske språk

Utbreiinga til dei ikkje-oseaniske malayopolynesiske språka

Oppslagsverket Ethnologue oppgir 1234 malayopolynesiske språk, og det er desse som har den store geografiske utbreiinga som er nemnd i innleiinga – dei blir snakka frå Madagaskar i vest via Indonesia, Malaysia og Filippinane til Melanesia, Mikronesia og Polynesia i aust. Det finst òg mindre austronesisktalande folkegrupper på det søraustasiatiske fastlandet i Myanmar/Burma, Thailand, Kambodsja og Vietnam og på den kinesiske øya Hainan.

Forhistorie

Den amerikanske lingvisten Robert Blust (1940–1920) føreslo i artikkelen «The Austronesian Homeland: A linguistic Perspective» (sjå litteraturlista) at malayopolynesisk skilde lag med dei formosiske greinene av austronesisk kring 4 500 år fvt. og at talarane slo seg ned på Filippinane og delar av Indonesia, mellom anna Sulawesi.

Robert Blust reknar vidare med at malayopolynesisk delte seg i ei vestleg og ei sentral-austleg grein kring 3 500 fvt. — jamfør tabellen nedanfor.

Omkring 3000 år fvt. delte den sentral-austlege gruppa seg i to — ei sentral og ei austleg gruppe. Den austlege gruppa delte seg i Sør-Halmahera–Vest-Ny-Guinea og oseanisk kring 2 500 år fvt. Uroseanisk blei truleg tala på Bismarckøyane eller den tilstøytande nordkysten av Ny-Guinea.

Madagaskar blei busett av folk frå Borneo (Kalimantan) frå og med 100-talet evt. Det var den norske språkforskaren og misjonæren Otto Christian Dahl (1903–1995) som i doktoravhandlinga Malgache et maanjan. Une comparaison linguistique (1952; sjå litteraturlista) fann fram til at ma'anyan (ma'anjan) på Borneo er det malayopolynesiske språket som står nærmast gassisk, og såleis kan fortelje om lag kvar forfedrane til gassarane utvandra frå.

Inndeling

Tabellen under viser inndelinga av malayopolynesisk og omtrentlege tal på språk i dei ulike greinene, pluss nokre velkjende språk:

  1. Vest-malayopolynesisk (630)
    • Filippinsk (100) – mellom anna tagalog
    • Nordsarawakisk (378)
    • Baritisk (35) – mellom anna gassisk
    • Malayo-tsjamisk (53) – mellom anna indonesisk / malayisk
    • Sulawesisk (64)
  2. Sentral-aust-malayopolynesisk (600)
    • Sentral malayopolynesisk (120)
    • Austleg malayopolynesisk
      • Sør-Halmahera–Vest-Ny-Guinea (30-40)
      • Oseanisk (450)

Den største undergruppa er oseanisk med kring 450 språk — sjå neste avsnitt.

Oseaniske språk

Dei oseaniske språka
Av .
Lisens: CC BY-SA 3.0

Dei oseaniske språka er med kring 450 språk den største undergruppa i den austronesiske språkfamilien. Alle språk i Polynesia og Melanesia austanfor Mamberamo-elva i Papua er oseaniske, og det same gjeld alle språk i Mikronesia bortsett frå bortsett frå dei vest-malayopolynesiske palauisk og tsjamorrisk. Det var den tyske språkforskaren Otto Dempwolff (1871–1938) som først etablerte den oseaniske språkgruppa, under namnet Urmelanesisch (urmelanesisk). Alle oseaniske språk deler fleire fonologiske, grammatiske og leksikalske innovasjonar som skil dei frå andre austronesiske språk.

Forhistorie

Omkring 2000 år fvt. blei ei oseanisk dialektkjede tala i området frå kysten av Ny-Guinea og i store delar av Melanesia, først på Salomonøyane og etter eit par hundre år også på Vanuatu.

Inndeling

Inndelinga av oseanisk er uavklart, mellom anna fordi mange språk i Melanesia er dårleg utforska. I boka Pacific languages: An introduction (sjå litteraturlista) klassifiserer den australske lingvisten John Lynch (1946–2021) dei oseaniske språka slik:

  1. Japesisk (1)
  2. Admiralitetsøyspråk (30)
  3. St. Matthias-språk (2)
  4. Vest-oseanisk
    • 5.1 Meso-melanesisk (70)
    • 5.2 Meso-melanesisk (70)
    • 5.2 Nord-Ny Guinea (106)
    • 5.3 Papua-spissen (64)
  5. Søraust-salomonisk (26)
  6. Sør-oseanisk
    • 6.1 Nord-sentral-Vanuatu (98)
    • 6.2 Sør-melanesisk
      • 6.2.1 Loyalitetsøyspråk (3)
      • 6.2.2 Nykaledonsk (29)
      • 6.2.3 Sør-Vanuatu (9)
  7. Mikronesisk (20), mellom anna kiribatisk
  8. Sentrale stillehavsspråk (45)

Med kring 195 språk er fjern oseanisk den største undergruppa av dei oseaniske språk. Gruppa er nærmare omtala i neste avsnitt.

Sentrale stillehavsspråk

Dei kring 45 sentrale stillehavsspråka blir tala på øyane i Mikronesia og Polynesia. Oseanisktalande folk spreidde seg austover frå Melanesia. Her er nokre hovudliner:

  • Kring 1500 år fvt. blei Fijiøyane busette frå Vanuatu
  • Kring 1200 år fvt. blei Tonga busett frå Fijiøyane
  • Kring 1200 år fvt. blei Kiribati busett frå Salomonøyane, og seinare spreidde folk frå Kiribati seg i store delar Mikronesia
  • Kring 1000 år fvt. blei Samoa busett frå Tonga
  • Kring byrjinga på vår tidsrekning busette folk frå Samoa seg i det austlege Polynesia.
  • Hawaii blei folkesett kring 300 evt. og Påskeøya kring 1200 evt.

Inndeling

Oppslagsverket Ethnologue klassifiserer dei sentrale stillehavsspråka slik:

  1. Sentrale stillehavsspråk
    • 1.1 Austfidsjisk-polynesisk
      • 1.1.1 Austfidsjisk (4)
      • 1.1.2 Polynesisk
        • 1.1.2.1 Kjerne-polynesisk
          • 1.1.2.1.1 Austleg (13), mellom anna hawaiisk, rapanuisk, tahitisk og maori
          • 1.1.2.1.2 Samoisk-utliggjar-språk (23), mellom anna samoisk og tokelauisk
        • Tongisk (2)
    • 1.2 Vestfidsjisk-rotumansk (3)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Adelaar, Alexander, and Nikolaus P. Himmelmann (red.) 2005. The Austronesian Languages of Asia and Madagascar. London / New York: Routledge.
  • Bellwood, Peter, James J. Fox and Darrell Tryon 2006. The Austronesians. Historical and comparative perspectives. Canberra: The Australian National University.
  • Blust, Robert 1984-1985. The Austronesian Homeland: A linguistic Perspective. Asian Perspectives: Vol. 26, No. 1 (1984-1985), s. 45-67. University of Hawai'i Press.
  • Blust, Robert 2013. The Austronesian languages. Revised Edition. The Australian National University.
  • Dahl, Otto Christian 1952. Malgache et maanjan. Une comparaison linguistique. Doktorgradsavhandling. Oslo: Universitet i Oslo.
  • Kern, Hendrik Kern 1889. Taalkundige gegevens ter bepaling van het stamland der Maleisch-Polynesische volken. Verslagen en Mededeelingen der Koninklijke Akademie van Wetenschappen, afdeeling Letterkunde. 3de reeks 6: 270-287.
  • Lynch, John 1998. Pacific languages. An introduction. Honolulu: University of Hawai'i Press. [Fleire kapittel handlar om dei austronesiske språka.]

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg