samoisk

Artikkelstart

Samoisk er eit språk som høyrer til den oseaniske undergruppa av dei malayo-polynesiske språka i den austronesiske språkfamilien. Samoisk er førstespråket til nærmare 400 000 menneske – av desse 200 000 i Samoa (tidlegare Vest-Samoa), 57 000 i Amerikansk Samoa, 85 500 i New Zealand og 28 500 i Australia.

Faktaboks

Språkkoder
sm, smo (SM, SMO)
ISO-639:3
smo

Samoisk er offisielt språk ved sida av engelsk i Samoa og Amerikansk Samoa.

Ordet Sāmoa tyder både 'Samoa' og 'samoanar', medan språket heiter gagana Sāmoa. Dei to samoanske statane har dei offisielle namna Mālō Sa'oloto Tuto'atasi 'o Sāmoa 'Den uavhengige staten Samoa' (med hovudstaden Apia) og Amerika Sāmoa / Sāmoa Amelika 'Amerikansk Samoa' (med hovudstaden Pago Pago).

Språkfamilie

Samoisk høyrer til den oseaniske undergruppa av dei malayo-polynesiske språka, som er ein av dei ti greinene av den svært komplekse austronesiske språkfamilien, med 1268 språk. Den oseaniske undergruppa – med 498 språk – har seks greiner, og ei av dei er sentral-aust-oseanisk. Her finn vi mellom anna dei 38 polynesiske språka, der det eine er samoisk.

Språkhistorie

Folk som talte proto-polynesisk, busette seg i Samoa om lag 1500 fvt., og etter kvart spreidde dei seg utover heile Polynesia. Dei nådde Påskeøya mellom 300 og 500 evt., Hawai'i 500 evt. og New Zealand (Aotearoa på maori) 1000 evt. Først på 1700-talet kom det for første gong europearar dit. I 1830 kom det to misjonærar frå London Missionary Society, som i 1834 hadde laga eit samoisk skriftspråk. Nokre bibeldelar blei utgitt i 1836, Det nye testamentet i 1846 og heile Bibelen i 1855.

Språksystem

Ein får eit godt inntrykk av samoisk grammatikk ved å sjå på den første setninga i 1. Mosebok:

  • Na faia e le Atua le lagi ma le lalolagi i le 'āmataga.
  • 'I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.'

Verbet i setninga er faia 'gjere', 'lage', og framfor verbet står partikkelen na, som uttrykkjer fortid.

Atua tyder 'Gud', og framfor Atua står artikkelen le, som uttrykkjer at substantivet det står framfor, viser til eit spesifikt fenomen. Framfor le står partikkelen e, som fortel at substantivet viser til den som utfører handlinga.

Etter e le Atua står le lagi ma le lalolagi, der vi kjenner at le, som står framfor både lagi 'himmel' og lalolagi 'verda'. Mellom le lagi og le lalolagi står ma, som tyder 'og' eller 'med'.

Til slutt står i le 'āmataga, der le er kjent og 'āmataga tyder 'opphav', 'byrjing'. Framfor le 'āmataga står partikkelen i, som faktisk tyder 'i'.

Uttale

Samoisk har eit svært enkelt lydsystem, som er typisk for dei polynesiske språka. Det finst fem korte og fem lange vokalar, og språket har faktisk ikkje meir enn ti konsonantar. Samoisk godtek ikkje fleire konsonantar etter kvarandre, og heller ikkje konsonant i slutten av ordet – difor parakarafa i staden for «parakraf», som er eit umogleg ord på samoisk. Av same grunn har engelsk Christmas 'jul' blitt lånt som kirisimasi og spring 'vår' blitt lånt som sipuligi [sipuliŋi].

Lånord

Alofa er det samoiske ordet for 'kjærleik', 'godleik', 'velvilje'. Dette er eit gamalt polynesisk ord, og vi finn det att over heile Polynesia, i litt varierande form. Den proto-polynesiske forma var truleg alofa, akkurat som på samoisk. I maori, det polynesiske språket i New Zealand, heiter det aroha, medan det på hawai'isk er blitt til aloha, som sidan 1800-talet også har vore nytta som ei helsing – noko i retning av 'hei' eller 'hallo'.

Vårt ord tatovere har polynesisk opphav, jamfør samoisk tatau 'tatovering'. Til oss har det kome via eldre tysk tattowieren, fransk tatouer og engelsk tattoo. Det har vore kjent sidan James Cook (1738–1779) gjorde det første reisa si til Tahiti og New Zealand i 1768 til 1771. Cook brukte skrivemåten tattow for å gi att tahitisk tatau.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg