Peter Wessel Zapffe

Faktaboks

Peter Wessel Zapffe
Født
18. desember 1899, Tromsø
Død
12. oktober 1990, Asker

Peter Wessel Zapffe

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Peter Wessel Zapffe var ein norsk filosof og forfattar, fjellklatrar og naturvernar. Han var ein eksistenstenkjar av stort format.

Bakgrunn

Peter Wessel Zapffe var fødd i Tromsø i Tromsø amt (no Troms og Finnmark) og døydde i Asker i Akershus (no Viken). Han tok examen artium i 1918 ved den høgre allmennskulen i Tromsø og vart cand.jur. ved Universitetet i Kristiania i 1924. I åra 1925–1927 var han dommarfullmektig og konstituert byfut i Tromsø, deretter sakførarfullmektig i 1928–1930. Livet som jurist gav han lite, og han vende tilbake til Oslo for å studere litteraturvitskap.

Filosofi og forfattarskapen

I 1941 disputerte han med doktoravhandlinga Om det tragiske. Der prøver han å vise kor nødvendig det tragiske følgjer av menneskets lodd. Mennesket har utvikla ei evne til å tenkje og reflektere over sin eigen eksistens. Det har eit behov for grunnleggjande meining og rettferd. Det er menneskets stordom. Men det er over-utrusta i høve til livsvilkåra. Grunnleggjande meining eller rettferd finst ikkje. Det er katastrofen. Dette kan ein innsjå eller flykte frå. Zapffe kartlegg her også fluktvegane, som han forkastar.

I avhandlinga definerer Zapffe «det objektivt tragiske» som ein hendingsgang der eit individ blir råka av ein katastrofe som følgje av stordom i utfalding av evner eller interesser. Mennesket er ut frå dette eit tragisk vesen.

Zapffe braut i tidleg ungdom med kristendomen. I 1933 skreiv han essayet «Den sidste Messias». Han arbeidde vidare med nærskylde emne i Den fortapte søn (1951) og Lyksalig pinsefest (1972).

Zapffe skreiv skodespelet Den fortapte son (1951), og gav ut eit større estetisk verk, Indføring i litterær dramaturgi (1961). Andre bøker er:

  • Vett og uvett. Stubber fra Troms og Nordland (saman med Einar K. Aas, 10. utgåve 1976)
  • Den logiske sandkasse (1966)
  • Essays og epistler (1967)
  • Barske Glæder (1969)
  • Lyksalig Pinsefest (1972; om kyrkjebrannen i Grue i 1822)
  • Skodespelet Hos doktor Wangel (1974) (under pseudonymet Ib Henriksen)
  • Spøk og alvor: epistler og leilighetsvers (1977)

Zapffe var fjellklatrar og naturvernar og ein habil fotograf. Han lærte rettskrivinga av 1907 på skulen og heldt fast ved den resten av livet. I nyare norsk språkhistorie står han for nokre av dei mest groteske skildringar av det han såg som trugsmålet frå «samnorsken» og dialektane.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Guttorm Fløistad (red.): Peter Wessel Zapffe. Oslo 1969
  • Ingemund Gullvåg: «Arne Næss og Oslo-skolen i norsk filosofi», i Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
  • Jan Brage Gundersen: «Zapffe – empirist og gnostiker mot sin vilje», i Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 2. Oslo 1997
  • Jon Hellesnes: Om modernitet og ekstreme tilstandar. Oslo 1994
  • Inga Bostad og Dag O. Hessen (red.): Et liv på mange vis. En antologi om Peter Wessel Zapffe. Oslo 1999
  • Jørgen Haave: Naken under kosmos. Peter Wessel Zapffe – en biografi. Oslo 1999
  • Viggo Rosvær: «Zapffe eller Læstadius?», i Anniken Greve og Sigmund Nesset (red.): Filosofi i et nordlig landskap. Jakob Meløe 70 år. Tromsø 1997

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg