Kongsberg middelskole
Elevar og lærarar ved middelskulen i Kongsberg foran skulebygningen. Fotografering 1897.
Av /Kongsberg Historielag.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Den nye Middelskole for Piger
Tradisjonelt var høgare allmennskuler berre for gutar, men frå 1878 fekk også jenter tilgang til å ta middelskuleeksamen. Foto frå Den nye Middelskole for Piger i Hausmannsgate i Oslo.

Middelskule var ein type skule som vart innført frå rundt 1870 som ein allmenndannande skule for åra mellom småskule og gymnas. Skulane kunne være statlege, kommunale eller private. Eit viktig skilje gjekk og mellom skuler med og utan eksamensrett. Ordninga bygde på lov om høgare allmennskuler av 1869. Høgare allmennskuler var fram til 1964 det offisielle namnet for skuler som leidde fram til middelskuleeksamen eller examen artium. Med felles lov om vidaregåande opplæring frå 1974 var høgare allmennskuler avvikla.

Faktaboks

Også kjend som

middelskole

Middelskulen var først og fremst ein byskule og ein betalingsskule. Den fulgte bytradisjonen med eit vannskille mellom enkel opplæring for dei fleste og den akademiske eliteskulevegen, eit mønster som vara ved til overgangen til felles grunnskule for alle born (1969). Etter nokre år med barneskule eller heimeundervising kunne elevar i 11–12-årsalderen søkje opptak til ein seksårig middelskule med latinline og engelskline. Fullført middelskuleeksamen var føresetnad for at ein kunne gå vidare til gymnas og ta examen artium.

Bakgrunn

Fram til det 1900-talet var latin og klassiske danningstradisjonar ein sjølvsagt stamme i allmenndannande skuler. Med middelskulen kom eit tidleg gjennombrot her i landet for læreplan med stor plass for moderne fag, val mellom opplæring med og utan latin, og for eit utdanningsmønster der skuletyper i tre ledd var bygd direkte på kvarandre. Det var ei ramme som etter 1900 og blei vanleg i nabolanda våre.

Middelskuleordinga blei etter ti år også opna for jenter. I 1878 fekk Nissens Pigeskole i Kristiania (Oslo) som den første rett til å halde middelskuleeksamen for jenter. Opning av middelskule og gymnas for jenter var første steg mot tilgang til examen artium og til høgare utdanning for kvinner og menn.

I ei omfattande lovreform for høgare allmenskuler i 1896 var både middelskule og gymnas tufta på moderne fag. Krava til å lære latin var ikkje lenger organiserande premiss, samtidig som ein rydda vegen for ei skuleordning i byane der born og unge trinn for trinn kunne avansere frå folkeskule, gjennom middelskoleeksamen til examen artium. Vanlege middelskuleordninger var frå då enten fireårige, med overgang etter femte klasse i folkeskulen, eller treårige og bygd på avslutta folkeskole. For offentlege middelskuler og gymnas var det óg stilt krav om avvikling av kjønnsdelte klassar – det ein på den tida kalla «fellesundervisning». Etter vedtaket i Stortinget i 1920 om at statstilskot til kommunale middelskuler kravde ordningar som bygde på avslutta folkeskule (enhetsskule), blei middelskulene til vanleg treårige.

Skuletida ved høgare allmennskular vart korta ned att med dei store utdanningsreformene etter 1935. Hovudsaka var då at folkeskulen var ein felles einskapsskule, mens høgare skuleslag var utvalsskular som bygde på direkte på avslutta folkeskule. I denne reformen skifta skuleslaget óg namn til realskule. Med gjennomføringa av felles grunnskule til 16 års alder midt på 1970-talet, var så heile tradisjonen med middel/realskule som særskilt skuleslag avvikla.

Elevtal

Over eit hundreår hadde elevtalet i middel- og realskular skifta raskt i fleire perioder. Det dobla seg frå vel 15 000 i 1880 til knapt 30 000 etter 1920. Det heldt seg så nokså stabilt nokre tiår, mens meir enn fordobla seg igjen på eit tiår fram til eit nivå på rundt 67 000 elevar i 1960.

Middelskulesoga fra starten i 1870 til avviklinga eit hundreår seinare speiler korleis lengre utdanning gradvis har blitt vanlig, først for menn, men óg for kvinner. Men ikkje alle som avla middelskuleeksamen i denne perioden, tok utdanning utover dette. Middelskuleeksamen var ganske snart vanleg krav til mange tenesteyrke, samtidig som middelskuleeksamen kom i bruk som opptakskrav på fagskuler og etatsutdanningar, og nytta som alternativ til lærarprøva.

Over eit hundreår hadde ordinga med middelskuler fra starten rundt 1870 gått fra et omfang på seks år (til 1896), fire år (til 1920-35), to til tre år frå 1935,og avvikling med overgangen til grunnskole. Med samordninga av gymnas og yrkesskuler i vidaregåande opplæring blei då óg dagens toledda mønster for lang grunnopplæring det vanlege. Sentrale trekk her er delinga mellom kommunal grunnskule, gjerne med barne- og ungdomstrinn, og fylkeskommunal vidaregåande skule som kombinerer allmenndanning og studiespesialisering og omfattande yrkesopplæring og lærlingeordning.

Les meir i Store norske

Litteratur

  • Bjørndal, Ivar: Videregående opplæring i 800 år.. Halden, 2005
  • Høigaard, Einar og Otto Ruge: Den norske skoles historie. (Oslo: J. W. Cappelens forlag. Flere utgaver. )
  • Thuen, Harald: Det norske utdanningssystemet. Oslo: Abstrakt forlag, 2017.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg