Stølslaget Jaslangen
Den mest spektakulære arenaen til det tradisjonsrike Jørn Hilme-stemnet i Valdres er stølslaget Jaslangen, her har det vore årlege utekonsertar sidan 2007.
Stølslaget Jaslangen

Jørn Hilme-stemnet, landets neste største kappleik etter Landskappleiken, blei starta i 1960 av dåverande styrar for Valdres Folkemuseum, Eilev Odd Hauge. Etter kvart blei det Valdres Folkemusikklag som tok over ansvaret for den årlege kappleiken. Namnet er etter storspelemannen Jørn Hilme (1778-1854) frå Nord-Aurdal, Valdres sin Myllargut som han òg har blitt kalla. Stemnet var frå starten av ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans. Jørn Hilme-stemnet har heile tida vore uløyseleg knytt til aktivitetane ved Valdres Folkemuseum på Fagernes.

Jørn Hilme-stemnet utvikla seg utover 1970-talet og 1980-talet til å bli ein av dei mest populære kappleikane utanom Landskappleiken. Kappleiken blei det viktigaste med buskspelet og folkelivet på Valdres Folkemuseum som det viktigaste særpreget.

Etter at fleire nye folkemusikkfestivalar oppstod på 1990-talet, blei det ei kursendring for Jørn Hilme-stemnet, ein ny generasjon tok over styringa og kappleiken blei utvida med fleire konsertar, kurs og andre aktivitetar i tillegg til den konvensjonelle kappleiken som heldt på si form. Strunkeveka, ei kursveke i folkemusikk og folkedans for unge i forkant av sjølve stemnet, kom i gang i 1998 etter inspirasjon frå Mokurset i Sogn og Fjordane. Og i 2000 kom Jørn Hilme-stemnet inn på festivalstøtteordninga til Norsk kulturråd for fyrste gong og har etter det marknadsført seg som landets eldste festival.

Ein av gründerane bak det nye Jørn Hilme-stemnet var Frode Rolandsgard frå Vestre Slidre. Han stod òg i spissen for ei anna nyskaping i miljøet rundt Jørn Hilme-stemnet og Valdres folkemusikklag: Plateselskapet ta:lik som Rolandsgard etablerte i 1999 i lag med brørne Niels og Anders Røine, båe med sterke band til Valdres.

Publikumstilstrøyminga auka kraftig gjennom heile 2000-talet, og stemnet byrja med eigne bestillingsverk etter inspirasjon frå andre folkemusikkfestivalar, særleg har ein lagt vekt på nyskapande danseframsyningar. Dette har sin bakgrunn i eit sterkt lokalt dansemiljø med «frikar» Hallgrim Hansegård frå Nord-Aurdal som den absolutte spydspiss. Han hadde sitt fyrste bestillingsverk på Jørn Hilme-stemnet i 2006, seinare har det kome fleire og dansen har blitt varemerket for ein del av desse bestillingsverka.

I 2007 utvida Jørn Hilme-stemnet med ein utekonsert på kveldstid på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Dette kom som ein del av utviding av sjølve festivalhelga, slik at ein no har ein festival som strekker seg over nesten ei veke og også inkluderer kyrkjekonsertar rundt om i Valdresbygdene.

I 2011, 2012 og 2013 har Jørn Hilme-stemnet fått konkurranse av ein festival for populærmusikkBeitostølen, Trollrock, som går føre seg same helga. Dette har skapt nye utfordringar for det tradisjonelle stemnet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg