Ulnes
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Hippesbygdi
Utsikt mot Strondafjorden frå Hippesbygdi.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Ulnes er ei bygd (sokn) i Nord-Aurdal kommune i Valdres. Ulnes ligg omkring nordre delen av Strondafjorden, og grensar mot Røn i Vestre Slidre i nord. Det meste av busetjinga er på austsida av fjorden. Åsbygda Hippesbygdi ligg høgt over fjorden på vestsida. Ulnes har elles store hei- og myrområde innover Flæin, og strekker seg heilt til Tisleifjorden i vest. Tisleifjorden er grense mot Gol i Hallingdal.

Faktaboks

Etymologi

norrønt Ulfnes, truleg av dyrenemnet 'ulv'.

Ulnes kyrkje er ei mellomalderkyrkje i stein, oppført omkring 1270. Kyrkja ligg på eit nes på austsida av Strondafjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg