Hadia Tajik, norsk politikar (Arbeidarpartiet). Hadia Tajik var 2009-17 stortingsrepresentant for Oslo og er frå 2017 stortingsrepresentant for Rogaland. Frå 2015 er ho saman med Trond Giske nestleiar i partiet. Ho var kulturminister i regjeringa Stoltenberg 2012-13. Hadia Tajik er den yngste norske statsråden nokon sinne. 

Hadia Tajik er fødd og vakse opp i Strand i Rogaland. Ho starta sitt politiske arbeid som leiar av Strand AUF 1999-2002 og som politisk nestleiar i AUF i Rogaland 2001-03. Frå 2008 var ho medlem av sentralstyret i AUF.

Hadia Tajik er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo. Ho har også BA i journalistikk ved Høgskolen i Stavanger og MA i menneskerettar frå Kingston University. Offentleg markerte ho seg først som forfattar og journalist. I 2001 redigerte Hadia Tajik antologien Svart på hvitt, ei bok der ulike minoritetsungdom kom til orde i integreringsdebatten. Frå 2001 til 2006 var ho journalist og skribent i Aftenposten, VG, Dagbladet og Stavanger Aftenblad. 

Frå 2006 og fram til 2009 var Hadia Tajik politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, med avbrot som fungerande politisk rådgjevar i Justisdepartementet (2008-09) og ved Statsministerens kontor (2008).

I perioden 2009-13 var ho den einaste faste representanten på Stortinget med familiebakgrunn frå ikkje-vestleg kultur. Då ho blei statsråd i 2012 var ho den første norske statsråden med religiøs bakgrunn frå islam

Hadia Tajik var 2013-17 leiar i Stortingets justiskomité. Frå 2017 er ho parlamentarisk nestleiar i Arbeiderpartiet.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.