Stavanger Aftenblad var presten og politikaren Lars Oftedal si avis, som han starta etter ein offentleg skandale. 1. november 1891 stod Lars Oftedal fram i kyrkja under ei gudsteneste og fortalde at han hadde gjort seg skuldig i sedløyse, og han fekk avskil som prest – ikkje 'i nåde' og utan pensjon. Saka vekte sterk oppsikt og førte også til beisk skadefryd hos motstandarane hans. Tre–fire forretningsfolk – nære vener – tykte synd i han. Dei la inn såpass pengar at det kunne bli til eit skur nede i Søragadå. Der starta han avis.
Frå 1893 kom den første utgåva av Stavanger Aftenblad. Det flaut av aviser i Stavanger på Oftedals tid – knytta til heile det politiske spekteret, frå venstre til høgre og i midten. Men raskt blei Stavanger Aftenblad den største. Oftedal skreiv så folk fryda seg over stil og innhald. Slekt støtta til i trykkjeri og pakkeri. Etter kvart kom det andre som fekk arbeid og rimeleg løn.
Den gamle Lars Oftedal, grunnleggjaren, stridde med helsa. I 1900 døydde han, men den neste Lars, sonen, dreiv avisa vidare – og oppover. Under hans leiing hadde avisa sterk framgang og vart eit av partiet Venstre sine hovudorganar og ei av dei mest innflytelsesrike aviser i landet. I 1932 vart Lars etterfulgt av sonen Christian S. Oftedal, som redigerte avisa til han døydde i 1955, berre avbrote av åra mellom 1940 til 1945, då avisa hadde ein nazistisk redaktør.
Avisa grodde i alvor og kvalitet opp gjennom hundreåret. Det kom maskinar, typografar og skriveglede. Det kom andakter og korrespondentar frå vide ikring. Det kom kvinneside. Og avisa følgde med i rikspolitikken og talde med. Og ho følgde nøye med i smått og stort, ikkje minst smått. Avisa famna byen, men spreidde seg samstundes innover Ryfylke og sørover Jæren. Avishaugane låg klare på kaien straks fjordabåtane skulle innover i femtida.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.