Faktaboks

Aagot Noss
Fødd
9. oktober 1924, Ål i Hallingdal
Død
5. april 2015, Oslo
Aagot Noss
Aagot Noss
Av /Norsk bunadleksikon.

Aagot Noss var ein norsk forskar, filolog og forfattar. Gjennom utstillingar, publikasjonar, avhandlingar, forelesingar og eit aktivt virke i Landsnemnda for bunadsspørsmål – nå Norsk institutt for bunad og folkedrakt – fekk ho ein velfortent posisjon som einaren i norsk folkedraktforsking.

Bakgrunn

Aagot Noss var fødd i Hallingdal og voks opp delvis hos besteforeldra sidan mora døydde i barsel då Aagot vart fødd. Besteforeldra såg viktigheita av at Aagot og søstrene fekk utdanning og kunne stå på eigne bein, og i 1955 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo. Fagområdet var norsk med engelsk, historie og pedagogikk som støttefag.

Sentral i norsk bunadhistorie

I 1956 vart Noss tilsett som stipendiat ved drakt- og tekstilavdelinga ved Norsk Folkemuseum. På denne tida starta Folkemuseet opp den store registreringa si av draktskikk og Øvre Hallingdal vart vald som prøveområde. Noss snakka dialekten, hadde eit godt kontaktnett og fekk ansvar for registeringen.

Dette vart starten på ein viktig del av den norske bunadshistoria. Aagot Noss reiste i mange år omkring i bygdene der folk framleis gjekk tradisjonelt kledd, og kjeldematerialet ho samla har vore av uvurderleg verdi for både i hennar eigen og forskinga til andre. Ho var ei lågmælt kvinne som ofte kom syklande, skreiv nynorsk og snakka dialekt. Ho var oppteken av at den som eigde plagget eller demonstrerte teknikken skulle stå i fokus, ikkje ho sjølv eller dei studentane ho etter kvart hadde med. Slik fekk ho tillit hos dei ho besøkte, og totalt registrerte ho fleire tusen plagg. Feltarbeidet vart utført på sommarstid og så vart det katalogisert og sett i system på vintrane.

Ho hadde heile yrkeskarrieren sin knytt til Norsk Folkemuseum, mellom anna som førstekonservator og leiar for drakt- og tekstilavdelinga. Ho gjekk av med pensjon i 1994.

Noss var fast medlem i Landsnemnda for bunadsspørsmål frå 1967, og sat i rådet i 40 år, til 2007. Ho var leiar av nemnda i mange år og var delaktig i omorganiseringa på 1980-talet.

Noss fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1994 og vart utnemnt til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden i 2002.

Publikasjonar

Noss sine første store publikasjonar handla om kunstnarar sine avbildingar av norske folkedrakter, og dette var emne som følgde henne gjennom heile forskarkarrieren hennar. Boka Nærbilete av ein draktskikk, som handlar om klesskikken for kvinner i Øvre Hallingdal, er den mest omfattande monografien over eit draktområde som er laga i Noreg.

Hovudplagg har stått i fokus for fleire av bøkene, først i Lad og krone, som er ei oversikt over brudehovudplagg i det meste av landet. Ho skreiv òg om folkedrakttradisjonane i både i Vest-Telemark og Tinn.

Noss var også bidragsytar til rundt ti filmar om håndarbeidsteknikker og om dokumentasjon av drakttradisjonar.

Bibliografi

  • Stakkeklede i Setesdal – Byklaren og valldølen 2008
  • Jølster og den gamle klesskikken 2005
  • Nordmandsdalen og draktene i Norgesbilleder – dansk-norske forbindelser 1700-1905. København 2004
  • Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark 2003
  • Sigdal museum – folkedrakter i malerkunsten – 26. mai-15. september 2002
  • Klesskikk i Tinn i Telemark – frå tinndølklede til tinnbunad : kvinneklede 1999
  • Krone og skaut: jente-, brure- og konehovudbunader i Hordaland 1996
  • Folk og klede – skikk og bruk – festskrift til Aagot Noss 1994
  • Nærbilete av ein draktskikk : frå dåsaklede til bunad 1992
  • Sylvsmeden Eivind G. Tveiten 1991
  • Lad og krone – frå jente til brur 1991
  • Norwegian immigrant clothing and textiles 1990
  • Folkedrakter i Noreg i andre halvdel av det 19. hundreåret – frå norske folkedrakter til amerikanske klede 1986
  • Adolph Tidemand og folk han møtte – studiar frå reisene i norske dalføre – akvarellar, målarstykke og teikningar 1981
  • Laging av kvinne- og mannsbunader i Setesdal 1979
  • Eit mellomalderplagg i levande tradisjon 1977
  • Statuane i Nordmandsdalen 1977
  • Bandlaging 1976
  • Draktfunn og drakttradisjon i det vestnordiske området frå vikingtid til høgmellomalderen 1974
  • Joachim Frichs draktakvarellar 1973
  • Johannes Flintoes draktakvarellar 1970
  • Høgtider og samkomer 1963

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg