Faktaboks

Kjell Magne Bondevik
Fødd
3. september 1947, Molde
Verke
Politiker og teolog
Familie

Foreldre: Rektor Johannes Bondevik (1905–2007) og Margit Hæreid (1905–76).

Gift 1970 med Bjørg Rasmussen (31.8.1946–), datter av salgsrepresentant Harald Rasmussen (1916–95) og Magnhild Åse (død 1995).

Brorsønn av Kjell Bondevik (1901–83).

Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik

Av /NTB Scanpix ※.
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik (KrF), leder av to ulike koalisjonsregjeringer 1997-2000 og 2001-2005.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Kjell Magne Bondevik, norsk teolog og politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF). Han var Noregs statsminister frå 17. oktober 1997 til 17. mars 2000 og frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005.

Bondeviks første regjering i perioden 1997–2000 bestod av Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Regjeringa hadde berre 42 mandat i Stortinget bak seg, og ingen av dei tre største partia deltok. Trass i dette klarte regjeringa å få fleirtal for fleire av hjartesakene sine, mellom anna innføringa av kontantstøtte til småbarnsforeldre. Bondevik klarte å halde regjeringa ved makta i om lag to og eit halvt år, mykje takka vere hans personlege samarbeidsevner.

Etter valet i 2001 fekk Bondevik igjen bruk for sine forhandlingsevner då han vart statsminister i den nye regjeringa av Kristeleg Folkeparti, Høgre og Venstre. Med Høgre som det klart største partiet hadde Bondevik mindre spelerom enn i si første regjering, og vala i 2003 og 2005 var Kristeleg Folkepartis dårlegaste sidan 1945.

Bondevik stilte ikkje til attval som stortingsrepresentant i 2005, og trekte seg frå politikken då regjeringa gjekk av. Han var sidan initiativtakar og dagleg leiar av Oslosenteret for fred og menneskerettar fram til 2018.

Kjell Magne Bondevik er nevø av Kjell Bondevik.

Politiske verv

Tidleg politisk karriere

Det var som student i Oslo at den politiske karrieren til Bondevik skaut fart. I 1968 vart han nestformann og i 1970 formann i Kristeleg Folkepartis Ungdom. Han var ein av dei første her i landet som gjekk rett frå å vere ungdomspolitikar til å bli yrkespolitikar, utan ei sivil karriere i mellom, men seinare er dette blitt nokså vanleg.

I dei dagar var det neppe noko minus i KrF å heite Bondevik til etternamn, men for Kjell Magne sjølv kunne det nok vere eit problem tidvis at han heile tida vart målt mot onkelen, Kjell Bondevik. Som medlem av PR-komiteen i partiet frå 1971 til 1973 vart han lagt merkje til av partileiaren, Lars Korvald, og då Korvald skipa regjering i 1972, kom Kjell Magne Bondevik inn som statssekretær ved Statsministerens kontor.

Ved stortingsvalet i 1973 vart Bondevik også innvald på Stortinget frå heimefylket.

Han fullførte teologistudiet og vart cand. theol. ved Menighetsfakultetet i 1975, ved sidan av vervet som stortingsrepresentant og nestleiar i partiet, men han har nesten ikkje praktisert som prest.

Partileiar

KrF fekk først regjeringsmakt gjennom deltaking i John Lyng-regjeringa i 1963 og Per Borten-regjeringa frå 1965 til 1971. Kva parti KrF skulle samarbeide med, kom til å bli eit stridstema i årevis framover. I førstninga var motstanden størst mot å samarbeide med den radikale delen av Venstre. Seinare har det vore samarbeid med Høgre det har stått strid om. Partiet har vore delt i to fløyer, og Bondevik har høyrt til på den radikale fløy, mens rivalen hans om verv i KrF i meir enn ti år, Kåre Kristiansen, høyrde til på den konservative og samarbeidsvillige fløy. Dei to var rivalar i kampen om formannsvervet i partiet, og endeleg i 1983 vart Kåre Kristiansen – etter eigne ord – skvisa ut av formannsstolen.

Den nye formannen var Kjell Magne Bondevik. Tre år seinare, i 1986 vart Bondevik også parlamentarisk leiar. Då hadde hans fløy kontroll over partiet, og Kåre Kristiansen var ute av politikken.

Kjell Magne Bondevik vart sitjande som KrF-leiar til landsmøtet i 1995, då Valgerd Svarstad Haugland tok over. Mange tolka det som eit signal om ei politisk karriere som var på hell, men det viste seg som eit klokt trekk av Bondevik. Stortingsgruppa har alltid vore den sterke i KrF, og som parlamentarisk leiar hadde han det meste av kontrollen likevel, men saman har Bondevik og Haugland i stor grad fornya KrF sin profil. Partiet vart meir «moderne» og opna opp for impulsar også frå ikkje-kristne miljø. Ved valet i 1997 fekk partiet mange stemmer frå miljø utanfor det tradisjonelle veljargrunnlaget. Denne breiare og mindre «mørkemannsprega» profilen spelte avgjort ei rolle for suksessen ved valet i 1997, og var dermed ei direkte årsak til at Bondevik vart statsminister.

Statsrådpostar

I 1981 låg abortsaka som ei sperre for at Kristeleg Folkeparti kunne kome med i regjeringa. Vedtaket på landsmøtet i Tønsberg sa klart at partiet ikkje kunne sitje i ei regjering som ikkje ville fjerne kvinnas rett til sjølvbestemt abort, og i delar av Høgre var dei ikkje villig til å endre den lova om sjølvbestemt abort som vart vedteken i 1978. Samstundes hadde KrF lova veljarane sine at partiet ville skaffe ei borgarleg regjering om det vart borgarleg fleirtal ved valet i 1981. Dermed måtte Høgre skipe regjering åleine, men med KrF som støtteparti i Stortinget. Dette kunne sjølvsagt ikkje gå lenge, og i 1983 vart det formulert eit tillegg til Tønsberg-vedtaket som ga KrF ei opning inn i regjeringa trass i at abortlova ikkje vart endra.

Bondevik var kyrkje- og undervisningsminister i den utvida Kåre Willoch-regjeringa. Han hadde stor arbeidskapasitet, var flink til å planlegge arbeidet og få sakene unna, og glad i å sjå resultatet. Slik sett passa han kanskje betre i regjeringa enn i Stortinget.

Då regjeringspartia bak Willoch-regjeringa ved valet i 1985 miste fleirtalet og vart avhengig av to stemmer frå Frp, sette Bondevik og KrF klare stengslar for alt som kunne minne om samarbeid med Carl I. Hagen. Det medverka nok til at Willoch-regjeringa fall på den saka ho gjorde, men levetida ville truleg ha blitt kort uansett. Seinare har klimaet mellom Bondevik og Hagen betra seg.

Bondevik var utanriksminister i Jan P. Syse-regjeringa frå 1989 til 1990. Det vart ei ny utfordring for ein vel 40 år gamal teolog. Mens Bondevik i yngre år hadde vore skeptisk til samarbeid med Høgre, så kom Syse-regjeringa i stand i stor grad på Bondeviks initiativ. Det var han som fekk Syse og Johan J. Jacobsen frå Senterpartiet til å setje seg saman for å forhandle om eit felles alternativ til regjeringa sitt langtidsprogram, og den fråsegna på 22 punkt som kom ut av forhandlingane vart regjeringa sitt politiske grunnlag.

Jacobsen og Bondevik samarbeidde svært godt. Dei kom inn i Stortinget samstundes, og gjekk lenge under namnet «Vangsgutane» fordi dei var så sunne og sentrumsprektige. Bondevik fekk også eit svært godt og personleg forhold til Syse. Det same gjorde han til Rolf Presthus frå Høgre.

Statsminister (1997–2000)

Kjell Magne Bondevik

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Framfor valet i 1997 var det nok ein del tvil om Bondevik ville ta attval. Han var 50 år og måtte snart gjere eit val. Sjølv tvilte han også, men kom nok til at han hadde meir ugjort i politikken. Eitt av dei få verva han ikkje hadde prøvd var statsministervervet, og vart det ikkje-sosialistisk fleirtal ville Bondevik vere høgaktuell som leiar både for ei sentrumsregjering og for ei breiare ikkje-sosialistisk regjering. Slike tankar må nok ha vore med og spelt ei rolle då han tok avgjerda om å halde fram i politikken. Det var ein garva politikar som vart statsminister 17. oktober 1997. I valkampen vart han den einaste reelle utfordraren til Thorbjørn Jagland om statsministervervet, og den profileringa som det ga partiet, førte til det beste valresultatet for Kristeleg Folkeparti nokon gong.

Truleg er det rett å seie at prosjektet sentrumsregjering berre kunne ha blitt realisert med Bondevik som statsministerkandidat. Etter at Thorbjørn Jagland kasta korta og melde Arbeidarpartiet ut av diskusjonen om regjeringsmakt, var det ingen annan enn Kjell Magne Bondevik som kunne ha sett seg i statsministerstolen i Stortinget utan at opposisjonsfleirtalet hadde protestert.

For statsminister Kjell Magne Bondevik var det lenge ein draum å kunne gjenta det som Lars Korvald fekk til i 1972 då han danna ei sentrumsregjering med statsminister frå KrF. Den gongen hadde Trygve Bratteli stilt kabinettspørsmål til folket: Blir det nei i folkeavstemminga om EF så går eg! I folket vart det nei, og det tilsa ei nei-regjering: Korvald-regjeringa. I 1997 stilte Thorbjørn Jagland også kabinettspørsmål til folket: Får eg ikkje ei oppslutning på minst 36,9 prosent så går eg! Det fekk han ikkje, og dermed vart taburettane ledig og Bondevik tok dei på vegner av KrF, Sp og Venstre. Draumen gjekk i oppfylling.

Støtte frå Høgre og FrP

Det var ikkje berre Kjell Magne Bondevik som hadde denne draumen. Også i Senterpartiet, og særleg hos partileiaren, Anne Enger Lahnstein, var dette ein levande draum. På sett og vis var det hennar prosjekt, men ho hadde nok sett for seg ein sterkare parlamentarisk basis enn det som vart resultatet. Før valet varsla Høgre at partiet ville stemme ned ei sentrumsregjering, og særleg ei som var dominert av Senterpartiet.

Nå vart valutfallet slik at det var KrF som vart den sterke part i regjeringa, og då våga i realiteten Høgre ikkje å felle regjeringa av frykt for å øydelegge for eit framtidig samarbeid med KrF og Venstre. I staden var det Høgre og Framstegspartiet som i kritiske situasjonar heldt liv i regjeringa.

Draumen til tidlegare Sp-leiar, Anne Enger Lahnstein, om at dette skulle bli ei blokkuavhengig regjering, vart det såleis ikkje noko av. Regjeringa fekk blokkuavhengig kritikk, men når det var fare på ferde var det Høgre og Framstegspartiet som var reddande englar. Det gav særleg Framstegspartiet større makt over politikken enn tidlegare, og for første gang på svært lenge verka Arbeidarpartiet å vere heller makteslaus.

Sjukdom

I vervet som statsminister fekk Bondevik det tøffare enn han sikkert hadde tenkt seg. Det viser ikkje minst sjukdommen som råka han hausten 1998. Han er ikkje den første toppolitikaren som har fått det som legen kalla «ein depressiv reaksjon», men i Noerg var det ikkje lenger like lett for ein statsminister å vere sjuk lenge utan at det får konsekvensar for statsministerposisjonen. Bondevik valde å vere open om sjukdommen sin, og tente avgjort på det. Å sitje som statsminister for ei regjering som har støtte frå eit håplaust mindretal i Stortinget, er svært krevjande. Betre blir det ikkje når det også er uro i regjeringa.

Han var populær og handlekraftig innanfor dei grensene som stortingsfleirtalet sette, men dei grensene mått han heile tida rette seg etter. Det er skilnaden på ei mindretals- og ei fleirtalsregjering. Han vart sitjande som statsminister vesentleg lenger enn det mange spådde på førehand.

Kabinettspørsmål

Bondevik stilte 9. mars 2000 eit kabinettspørsmål i Stortinget og tapte. Han ville ha vedtatt eit forslag om at vilkåra for ei avgjerd om bygging av eit gasskraftverk her i landet måtte vere at den gjeldande forureiningslova ikkje skulle bli svekt.

Korkje Arbeidarpartiet eller Høgre kunne støtte dette, Bondeviks forslag fekk ikkje fleirtal og Bondevik-regjeringa gjekk dermed av. Ap-leiar Jens Stoltenberg hadde noko tidlegare fått klarsignal frå styrande organ i Arbeidarpartiet om å søkje regjeringsmakt, og han sa ikkje nei når sjansen kom.

Som kjent vart det ikkje bygd noko nytt gasskraftverk utover dei som er knytt direkte til oljeproduksjonen, og forureiningslova vart heller ikkje endra. Det er liten tvil om at Arbeidarpartiet såg sin sjanse til å ta att regjeringsmakta ved å alliere seg med Høgre i denne saka. Høgre på si side var prinsipiell tilhengar av å bygge gasskraftverk, og kunne ikkje anna enn å stemme imot Bondevik sitt framlegg, som i realiteten ville setje bom for bygging av gasskraftverk i Norge.

Bondevik kritiserte Arbeidarpartiet for å ha røysta mot eit forslag partiet eigentleg var for, og han meinte formålet eine og åleine var å felle regjeringa. Sjølv fekk Bondevik ros frå miljørørsla for å ha sett stillinga si inn på miljøet si side, og det vart spådd at KrF kunne vinne oppslutning på dette nederlaget. Til ein viss grad skjedde det, og Arbeidarpartiet vart straffa. Både Høgre og KrF gjorde gode val i 2001, mens Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste stortingsval sidan 1920-åra.

Statsminister (2001–2005)

Stortingsvalet i 2001 gav borgarleg fleirtal av KrF, Høgre, Venstre og Frp, men noko regjeringssamarbeid med Frp var uaktuelt. Nokså motvillig aksepterte likevel Frp at det vart danna ei ny ikkje-sosialistisk regjering med Bondevik som statsminister, og der Høgre var det største partiet og hadde fleirtal i regjeringa.

Venstre med sine to representantar på Stortinget fekk like mange statsrådar. Til saman hadde regjeringa støtte frå 60 representantar som utgjorde 36 prosent av representantane. I stor grad var regjeringa prisgitt støtte frå Frp og/eller frå Ap. Det vart mange kamelar å svelgje og mange nederlag, men regjeringa vart sitjande i heile fireårsperioden fram til valet i 2005, og mykje vart gjennomført.

På nytt kom Bondeviks evner som meklar og kompromissmakar til sin rett, og utan han hadde denne regjeringa neppe vart så lenge. Bondevik sat som statsminister for to mindretalsregjeringar med det svakaste parlamentariske grunnlaget i etterkrigstida. Felles for begge desse regjeringsperiodane er at Stortinget hadde meir makt enn nokon gong tidlegare i etterkrigstida. Etter at Arbeidarpartiet, SV og Sp skipa fleirtalsregjering etter valet i 2005, forsvann mykje av makta frå Stortinget til regjeringskollegiet.

Valnederlag og ny jobb

Valet i 2005 vart eit nederlag både for KrF og Bondevik. KrF-gruppa på Stortinget vart halvert frå 22 til 11, og også Høgre tangerte sitt dårlegaste valresultat etter andre verdskrigen. Ei svak mindretalsregjering og mange kamelar og nederlag hadde også tært på regjeringspartia sine veljarar.

Bondevik hadde sagt frå seg attval framfor 2005-valet, men sa ikkje tvert nei til å stille som statsminister etter valet dersom det skulle bli aktuelt. Det vart det som kjent ikkje.

I staden var han initiativtakar til å etablere Oslosenteret for fred og menneskerettar den 31. august i 2006. Dette er ei uavhengig stifting i stor grad finansiert med bidrag frå norsk næringsliv og også med offentleg støtte. Senteret arbeider med konfliktløysing, fredsskaping og arbeid for menneskerettar internasjonalt.

Bondevik var leiar for senteret frå starten og fram til 2018, og det har resultert i at han har engasjert seg i fleire av konfliktområda i verda. Sidan 2018 har han vore styreleiar for senteret.

Han gav ut i 2006 memoarboka Et liv i spenning.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rimehaug, Erling: Midtbanespilleren, 1997, isbn 82-531-4343-5,

Faktaboks

Kjell Magne Bondevik

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg