Valgerd Svarstad Haugland

Faktaboks

Valgerd Svarstad Haugland
Født
23. august 1956, Kvam, Vestland
Valgerd Svarstad Haugland er statsforvalter (tidligere kalt fylkesmann) i Oslo og Viken. Her fra et arrangement 28. september 2016, da hun la fram forslag til kommunestruktur i nye Viken fylke.
Valgerd Svarstad Haugland
Av /NTB scanpix.

Artikkelstart

Valgerd Svarstad Haugland er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF). Ho var den fyrste kvinnelege partileiaren for Kristeleg Folkeparti. Svarstad Haugland har vore statsråd og er i dag statsforvaltar for Oslo og Viken.

Bakgrunn

Valgerd Svarstad Haugland er fødd i Kvam i Hordaland (no Vestland). Ho har lærarutdanning frå Alta lærarhøgskule (1975–1979), før ho tok kristendom grunnfag ved Menighetsfakultetet (1980) og statsvitskap mellomfag ved Universitetet i Oslo (1981–1982). Svarstad Haugland har vore lærar ved Kristianslyst ungdomsskole (1983–1987) og Ringstabekk ungdomsskole (1987–1989). Ho har òg arbeidd som kyrkjeverje i Oslo kommune (2006–2011).

Politisk karriere

Svarstad Haugland har sidan 1978 hatt mange sentrale politiske tillitsverv. Mellom anna har ho vore nestleiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom (1979–1982), dagleg leiar for Kristeleg Folkepartis Kvinner (1989–1991), leiar for programkomiteen til Kristeleg Folkeparti (1991–1993), første nestleiar i KrF (1991–1995) og leiar i KrF (1995–2004).

Stortingsrepresentant og statsråd

Svarstad Haugland var vararepresentant til Stortinget for Kristeleg Folkeparti for Rogaland i 1985–1989 og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti for Akershus i 1993–2005. I Kjell Magne Bondevik si første regjering var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet i 1997–2000, og i Bondevik si andre regjering var ho statsråd for Kulturdepartementet i 2001 og statsråd for Kultur- og kyrkjedepartementet i 2002–2005.

Som partileiar ville Svarstad Haugland gjere Kristeleg Folkeparti til eit kristendemokratisk parti som appellerte ut over veljarkrinsen frå bedehusmiljøa. Ho hadde eit liberalt syn på område som familiepolitikk og likestillingspolitikk. Profilerte saker var å auke barnehageutbygginga og å styrkje barnevernet. Ei viktig oppgåve som barne- og familieminister var å innføre kontantstøtte til familiar som ikkje hadde barna sine i barnehage. Dette skulle auke valfridomen for barnefamiliane i Noreg. Ho arbeidde òg for å endre likestillingslova i meir radikal retning.

Haugland fekk i 2003 mykje kritikk i samband med dei interne konfliktane i partiet og den dårlege valkampen til partiet og valresultat i 2003, og evalueringskomiteen i partiet kom med sterk kritikk av henne. Ho trekte seg deretter som partileiar på eit ekstraordinært landsmøte i januar 2004. Haugland vart renominert til Stortinget i 2005, men mista mandatet sitt i Kristeleg Folkepartis dårlege val.

Fylkesmann og statsforvaltar

I 2011 vart Svarstad Haugland utnemnt til fylkesmann i Oslo og Akershus. I 2017 vart ho gjenutnemnd til embetet, som frå 2019 òg inkluderer Østfold og Buskerud. Frå 2021 er tittelen til Svarstad Haugland statsforvaltar i Oslo og Viken.

Utmerkingar

Svarstad Haugland vart kommandør av St. Olavs Orden i 2004 for tenesta som statsråd.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kobbeltveit, Olav: Valgerd: eit portrett, 2004

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg