Vangsgutane
Vangsgutane, framside, 1952
Av /Fonna forlag, Foto av Fjukstad.
Vangsgutane

Vangsgutane på vei til tømmerfløting sammen med Sterk-Ola Bakken i juleheftet fra 1941. Steinar går til venstre, Kåre til høyre.

Av .

Vangsgutane er ein norsk teikneserie, starta av Hans Aarnes i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940. Serien har kome som julehefte sidan 1941.

Bakgrunn og rollegalleri

Vangsgutane oppstod etter initiativ frå forlagssjef Hans Aarnes i Fonna Forlag, som ønskte ei motvekt til den amerikanske teikneserien Knoll og Tott. Han fekk lærar og forfattar Leif Halse til å skape Vangsgutane, som kom på trykk første gong i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940. Frå 1941 har serien kome ut som sitt eige årlege julehefte.

I Vangsgutane er handlinga lagd til TodalenNordmøre, der Leif Halse kom frå. Dei to brørne Steinar og Kåre Vangen er hovudpersonane, som ved sidan av skulearbeidet må hjelpe mora Sigrid Vangen, som er blitt enke, med gardsarbeidet på småbruket Vangen. Serien har eit stort persongalleri, med mellom andre Breiset (Breiset-gubben), Sterk-Ola Bakken og urokråka Larris Skjorhagen.

Serien har både spennande og humoristiske innslag, og har vore folkelesnad for fleire generasjonar gjennom mange tiår. Sjølv om biletet av det dåverende Bygde-Noreg er ein god del forskjønna, har serien kvalitetar som gjer den til ein norsk klassikar.

Teiknarar

Jens R. Nilssen var den første teiknaren frå 1941 til 1957 og i 1962. I 1961 blei serien teikna av ein anonym kvinneleg teiknar. Deretter har Atle Steinsfjord (teikna 1958 og 1966), Bjarne Kristoffersen (teikna 1959–1960 og 1964–1965), Ivar Pettersen (teikna 1967–1979) og John Thoresen (teikna 1980–1981) vore teiknarar. Med unntak av 1944, 1946 og 1963 laga Halse eit nytt hefte for kvart år fram til 1981. Frå 1982 til 2010 vart det kun gitt ut hefte med nye opptrykk av eldre hefte, men frå 2011 og utover kom det nye forteljingar skrivne av Sverre Årnes og teikna av Ivan Andreassen.

Minnesmerke

Vangsgutane har fått sitt minnesmerke ved Todalen skule, der Kåre og Steinar står som statuar og ser ut over sitt eige rike. Monumentet, som er laga av bilethoggaren Annasif Døhlen, vart reist ved 100-årsjubileet til Leif Halse i 1997. På sokkelen er det eit relieff av Halse.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg