Lindesnes fyr er eit kjend landemerke i Noreg. Tidlegare Lindesnes kommune er/var eit sentralt område i det tradisjonelle e/a-målet.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Det sørlege e/a-målet er ei undergruppe under dei vestnorske dialektene – sjå artikkelen vestnorsk.

Geografisk område

Spangereid
I området Spangereid, Lindesnes og Lista har ein tradisjonelt hatt e/a-mål.
Spangereid
Av /Statens kartverk.

Heilt sør på Agder, i eit område ikring Lindesnes og Lista, finn ein det ein pleier kalla e/a-mål.

Dialektsærdrag

I dette sørlege e/a-målet endar alle infinitivar på ‑e, medan alle svake hokjønnsord har endinga ‑a i ubestemt form eintal, døme «eg skal kjøbe meg ei trøya» og «vil du låne meg ei kista». Truleg har e/a-målet kome opp ved at vokalreduksjonen -a til -e først råka verba der desse stod trykklett. I samanhengande tale er det slik at verba ofte kjem i trykklett stilling, medan substantiva blir trykksterke. Når først nokre verb hadde fått redusert vokal (til -e), kunne denne vokalen lett overførast til alle infinitivar.

På kysten av Agder ser ein i dag ein tydeleg tendens til at e- målet tek over der det før var e/a-mål.

I e/a-målet på Agder vil ein finna mange av dei dialektsærdraga som er ein elles finn i sørlandsk.

E/a-mål har ein også i delar av Troms og Finnmark. Dette viser at eit e/a-mål kan utvikla seg på ulike stader i Noreg, utan at ein treng rekna med at spreiing av det aktuelle særdraget skjer ved sosial kontakt mellom folk.

I e/a-målet på Agder vil ein finna mange av dei dialektsærdraga som er ein elles finn i sørlandsk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høyskoleforlaget, 1997.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Høyskoleforlaget, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, Portal forlag, 2010.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg