Figur 1: Alkan, alken og alkyn.
Figur 1: Alkan, alken og alkyn.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Hydrokarbon er organisk-kjemiske sambindingar som berre inneheld karbon og hydrogen. Karbonatoma er bunde saman i kjeder eller ringjer, medan kvart av hydrogenatoma berre er bunde til eitt av karbonatoma. Det finst fleire klassar hydrokarbon, og dei blir karakteriserte ved kva slags kjemiske bindingar som finst i molekyla.

Faktaboks

Uttale
hydrokarbˈoner

Hydrogen har berre éin ledig plass i det yste elektronskalet. Karbonatomet har fire ledige plassar. Difor kan hydrogen berre binde seg til eit anna atom ved ei elektronparbinding.

Hovudgruppa hydrokarbon kan delast inn i tre grupper etter kva type bindingar det er mellom karbonatoma i molekyla. Desse tre gruppene blir kalla alkan, alken og alkyn (sjå figur 1).

Alkan

Alkan er fellesnamnet for alle dei metta hydrokarbona. I eit alkan er det berre enkeltbindingar mellom karbonatoma i molekylet. Molekylet er eit metta hydrokarbon når alle dei plassane som ikkje er opptekne av karbonatom, er fylte med hydrogenatom.

Døme på alkan:

Alkan-gruppa har kjemiske namn som sluttar på ‑an. Den første delen av namnet fortel noko om kor mange karbonatom som er kopla saman i molekylet. Metan har berre eitt karbonatom og er det enklaste alkanet. På jorda finn vi metan i ørsmå mengder. Dette metanet stammar frå sumpområde, vulkanar og tarmgass frå drøvtyggjarar. Metan er ein kraftig drivhusgass som er med og påverkar drivhuseffekten på jorda.

Alkana har låge kokepunkt og lèt seg ikkje løyse i vatn. Alkan blir brukt som stoff for å beskytte gjenstandar mot fukt og vatn, og i leppepomade og enkelte skokremar. Kokepunktet for metan er til dømes –162 °C, og ved romtemperatur er det ein gass.

Alken

Alken er eit umetta hydrokarbon som har éi eller fleire dobbelbindingar mellom karbonatoma. I eit alken er det ein eller fleire dobbeltbindingar mellom karbonatoma i molekylet. Alken inneheld relativt mindre hydrogen enn alkan (blir derfor gjerne kalla umetta hydrokarbon) og er meir reaktive enn desse.

Døme på alken:

Alle alken har namn som sluttar på ‑en. Dobbelbindinga gjer at alkena reagerer lettare med andre stoff enn det alkana gjer. Dobbelbindinga kan lett opne seg og binde to andre atom til karbonskjelettet. Det enklaste alkenet er eten, også kalla etylen.

Eten er eit utgangspunkt for å lage mange andre kjemiske sambindingar, til dømes polyetylen (plast). I naturen er eten eit plantehormon som stimulerer bladfelling og modning av frukt. Eple og pærer skil ut mykje eten når dei modnar. Dersom eple og pærer ligg saman med bananar eller anna frukt, kan frukta bli påverka av eten og raskt bli overmoden.

Alkyn

Figur 2: Etan, eten og etyn.
Figur 2: Etan, eten og etyn.
Av /Allkunne.
Lisens: CC BY ND 4.0

Alkyn er umetta hydrokarbon med éi eller fleire trippelbindingar mellom karbonatoma i hydrokarbon-molekylet. Trippelbindinga kan lett bli broten, og alkynet reagerer raskt med andre stoff. Alkyn inneheld relativt mindre hydrogen enn alken.

Døme på alkyn:

Alkyna har namn som sluttar på ‑yn. Det enklaste alkynet er gassen etyn (acetylengass), som har to karbonatom og to hydrogenatom. Acetylen blanda med oksygengass brenn med ein svært varm flamme (3300 °C) og eignar seg godt som sveisegass. Alkynatomet etyn inneheld færre hydrogenatom enn tilsvarande alkanmolekyl (metan) og alkenmolekyl (eten) (sjå figur 2).

Sykloalkan

Sykliske hydrokarbon er alkan med eit ringforma molekylskjelett, sjå sykliske sambindingar og sykloheksan.

Døme på sykliske alkan:

Aromatiske hydrokarbon

Ein særleg type sykliske hydrokarbon er aromatiske hydrokarbon, også kalla benzenderivat då dei kjemiske eigenskapane deira og elektronstrukturar har store likskapstrekk med benzen.

Døme på aromatiske hydrokarbon:

Førekomst og bruk

Råolje og naturgass består hovudsakleg av kompliserte blandingar av hydrokarbon. Steinkol inneheld òg betydelege mengder hydrokarbon. Ein betydeleg del av energibehovet i verda blir dekt ved forbrenning av hydrokarbon.

Også plantar og tre inneheld hydrokarbon, som terpen, karotenoid og steroid.

Hydrokarbon er råvare for framstilling av ei rekkje industriprodukt, som plast, vaskemiddel, gummi, løysemiddel, kunstgjødsel og legemiddel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg